Nestleiar i fylkesstyret, Ole-Ivar Aam Sognnes deltok på årsmøtet i Solund Bondelag den 8. november.  Laget har 10 medlemer, og årsmøtet vart gjennomført i stova hjå nestleiar Hans I Steinsund.  Det var pizza på menyen ogei triveleg ramme rundt årsmøtet. Ekstra kjekt at eit av styremedlemmane hadde med seg ein ung rekrutt, seier Aam Sognnes

Triveleg kring bordet på årsmøte i Solund Bondelag

Laget har vore delarrangør for "Praktisk HMS kurs" og "Svikurs - kystlynghei".  Det har vore også vore gitt høyringsinnspel i kommunale saker, blant anna rullering av Tiltaksstrategi SMIL - middlar 2017-2021.  Det vart mellom anna drøfta kva nytte høyringsinnspel frå Bondelaget har for næringa i kommunen på grunn av få medlemer, men ein var samde om at einskildmedlemer kan høyringssvar vere ei god og kjærkomen støtte.

Styret er sett saman slik etter årsmøtet:

  • Leiar Anne Marie Gåsvær Færøy
  • Nestleiar Hans I Steinsund
  • Kasserar Jan Kåre Nessen
  • 1. vara Ingemund Steinsund