Årsmøte i lokallaga
Her kan du sjå bilde frå nokre av lokallagsårsmøta. Send gjerne inn bilde og litt tekst frå ditt lokallag.
Fylkesstyret deltar ofte på årsmøte i lokallaga. Her kan du sjå rapport frå nokre av møta dei har vore på.
Bømlo Bondelag hadde årsmøte på kulturhuskafeen med ein god blanding av kvinner og menn i salen. Anne Holter Vae frå fylkesstyret heldt innlegg om prioriterte saker i Bondelaget. Leiar Runar Aga tok attval.
Bodhild Fjelltveit deltok i årsmøte i Osterøy Bondelag på Osterøykroa. Lokallaget har gjort ein flott innsats med å samle inn landbruksplast, men det siste året har dei brukt mykje pengar på å rydde opp i urein plast på oppsamlingsplassen.
Anne Holter Vae deltok på årsmøte i Sveio Bondelag. Dei hadde mellom anna diskusjon om biogass og lønnsemd for bonden. Frode Handeland gjekk av som leiar, og Jon Bergmål tok over leiarvervet.
Bodhild Fjelltveit deltok frå fylkesstyret då Bergen Bondelag haddde årsmøte på Felleskjøpet Haukås. Lokallaget har hatt mykje aktivitet og heile styret tok attval.