Årsmøtet vart halde på Eidslandet på sjøbua og Kjersti Hjelmeland var utsending frå fylkeslaget. Tema som vart tatt opp var mellom anna kalking av vassdrag og spreiing av husdyrgjødsel. Det viktigeste temaet var auka inntekt for bonden.

Lokallaget har tidlegare hatt fleire kurs for medlemene, og no planlegg dei kurs i slakting og ysting.