Davik/Ålfoten Bondelag har hatt årsmøte på Rugsund Handelsstad. Der møtte ni medlemmer. 

Årsmeldinga blei lese opp, den viste at laget har hatt ein medlemsvekst på tre personar. Så vart rekneskapen lagt fram og godkjent. 

Det siste året har laget mellom anna hatt studiering og markeringar i samband med jordbruksforhandlingane. 

Laget hadde også ein debatt om framtida. Her vart det teke til orde for at ein må vera flinkare å vektlegge det positive, og støtte dei som har tankar om å utvikle seg.

Så var der val. Stein Kåre Karstensen tok attval som leiar.