Til årsmøtet har det vore vanleg å premiere dei 3 lokallaga som har hatt høgast vekst i medlemstal, både i tal og prosent, samt å kåre årets lokallag. Dette har vore ein kjekk tradisjon der vi har gitt heder og ære til dei som har lagt ned ein god innsats både i verving og i å skape aktivitetar for medlemene sine. Dei som vann premie for størst vekst i medlemstal var følgjande: 

Topp 3 – størst endring i medlemstal; 

  1. Stongfjorden Bondelag – 6 nye medlemer
  2. Fjaler og Hyllestad Bondelag – 5 nye medlemer
  3. Sotra og Øygarden Bondelag – 4 nye medlemer

Topp 3 prosentvis størst endring: 

  1. Austevoll Bondelag – 21,43 % auke
  2. Stongfjorden Bondelag – 18,75 % auke
  3. Sotra og Øygarden Bondelag – 6,35 % auke

Premien er 3000 kr til kvar av dei.

Annleis-året 2020 gjorde det ikkje lett for fylkesstyret å avgjere kven som skulle få premien for årets lokallag. Det som gjorde det ekstra vanskeleg er at det ikkje har vore like premissar for alle lokallaga. Somme har hatt strengare restriksjonar enn andre og har ikkje hatt høve til å arrangere noko. Nokon var heldige og fekk gjennomført aktivitetar før landet stengte ned. Andre har kjent på skuffinga over å ha lagt ned timesvis i planlegging av arrangement, for så å måtte avlyse grunna innskjerpingar på restriksjonane. Med so varierande premissar vart det vanskeleg å finne eit rettferdig grunnlag for å vurdere lokallagsaktiviteten likt. 

Valet fall difor å sjå på vervearbeidet som vart utført, og her har ein av lokallagsleiarane utmerka seg gjennom fleire år. Dette er lokallagsleiar i Gloppen Bondelag, Kristen Grov. I 2020 verva han 8 nye medlemer, og so langt i år har kontoret allereie registrert 2 nye medlemer verva av han. Han står på for lokallaget, føl opp nye medlemer og er ein svært engasjert lokallagsleiar. - Han er eit eksempel til etterfølging, og fokuset hans på verving er utruleg viktig for oss, seier leiar i Vestland Bondelag sitt verveutval, Marianne Nordhus under premieutdelinga. Premien vart middag for to på Gloppen Hotell. 

Fylkesstyret ynskjer å ha meir fokus på verving framover. - Jo fleire me er i Bondelaget, jo sterkare stemme har me i arbeidet for norsk landbruk over heile landet, seier Marianne. - Her er plass til alle, uavhengig av type og storleik på produksjon, kvar du bur, eller om du i det heile er bonde. Alle kan vere med i Bondelaget, og vi vil helst ha med alle slik at vi får fram breidda i landbruket. Kvardagen er ikkje lik for ein fruktbonde, ein sauebonde eller ein mjølkebonde, og gjennom å få med ALLE kan vi lettare jobbe med det som må til for å gjere kvardagen DIN som bonde betre, seier Marianne.