Årets lokallag i Vestland
Oppstryn Bondelag er kåra til årets lokallag i Vestland.
ÅRETS LOKALLAG I VESTLAND: Rolf Olav Gjørven og Hans Olav Nesheim frå Oppstryn Bondelag tok stolt imot den gjeve prisen. Gåva var ein sjekk på 10 000 kroner.
Juryen grunngjev tildelinga av årets lokallag i Vestland slik:
Årets lokallag i Vestland Bondelag har hatt god aktivitet gjennom året.
Laget har levert innspel til jordbruksforhandlingane, og er flinke til å delta på møter i regi av fylkeslaget. I tillegg svarar dei på høyringar, har god kontakt med kommune/næringsliv, arrangerer kurs og skapar sosiale møteplassar.
Gjennom 2024 arrangerte dei mellom anna kurs i beskjæring av frukttre saman med Bygdekvinnelaget. Dei skipa til Bondepub med faginnlegg om klimakalkulatoren og dei deltok på vårryddeaksjonen til kommunen. (Stål og landbruksplastinnsamling).
Laget arrangerte i 2024 Open Gard, det vart ein stor suksess. Arrangementet kombinerte dei med ei fjøsopning. Dette til stor glede for publikum.
På våren i fjor planla dei/arrangerte storskala open brannøving saman med andre aktørar. Dette fekk stor merksemd, og øvinga vart filma.
Laget held til i Nordfjord, og saman med dei andre faglaga i Stryn og Hornindal, medverka dei til julebord i desember.
Dei er aktive i sosiale media, og hadde fleire presseoppslag gjennom 2024. Dei synleggjer Bondelaget på ein strålande måte, som det står det stor respekt av!
Prisen som årets lokallag i Vestland Bondelag går til Oppstryn Bondelag.
Vestland Bondelag gratulerer!