FRÅ VENSTRE: Kristen Grov (leiar i Gloppen Bondelag), Nina Engelbrektson (nestleiar i Gloppen Bondelag) og Anders Felde (leiar i Sogn og Fjordane Bondelag).

 

Det var ein stolt liten gjeng som mottok den gjeve prisen årets lokallag i Sogn og Fjordane Bondelag for 2019. Gåva var ein sjekk på 15 000 kroner. 

 

Juryen grunngjev tildelinga av Årets lokallag i Sogn og Fjordane slik:

Årets lokallag i Sogn og Fjordane Bondelag har hatt god aktivitet gjennom året. Me har inntrykk av at laget engasjerer seg i det meste, frå landbrukspolitikk til klesstørrelsane  som er i nettbutikken til Bondelaget.

Laget arrangerte studiering i forkant av jordbruksforhandlinane, og sendte inn sine meiningar om korleis prioriteringane burde vere.

Dei har hatt 6 styremøter, og har saman med Bonde og Småbrukarlaget hatt to innsamlingar av stål-avfall.

Laget har arrangert medlemsmøte, og  dei er flinke til å delta både på møter og arrangement i regi av fylkesslaget.  

Dei gjere ein fantastisk jobb i vervearbeidet, og har fokus på vervearbeidet gjennom heile året. Det kjem jamt innmeldingar til fylkeskontoret, og det er imponerande kva dei får til.   

Dei er aktive under Matamål og mange medlemmer stilte opp på dugnad også i år. Laget hadde ansvar for mange aktivitetar, og laga mellom anna til ein Bondegard for borna med høyhopping, dyreutstilling og  øksekast. På stand servere dei vaflar, kaffi og saft. Det gjekk med 13 liter vaffelrøre, etterspurnaden var stor og laget hadde til tider vanskar med å lage vaflane raskt nok. Dei nytta også høve til å verve fleire medlemmer. Laget synleggjer Bondelaget på ein fantastisk måte, som det står det stor respekt av!

Prisen som året lokallag i Sogn og Fjordane Bondelag går til Gloppen Bondelag.