I Årdal er de få bønder.  Då vert det ekstra kjekt når 3 par i 30 åra har kjøpt eller teke over odelsbruk omtrent samstundes.   I tillegg gjennomfører ein kar siste året på naturbruk på Mo.  Sistnemnde er avløysar på ein slektsgard der plan er overdraging om ikkje lenge.    Felles for alle dei 4 bruka er at det er sauehald som er hovudnæring. 

Styret i Årdal Bondelag meiner det er viktig å få til møteplassar for desse nye, og so langt har Årdal Bondelag gjennomført 2 samlingar.  Der tema på første samling var avl, foring og slaktekvalitet med innleiar Johannes Nedrebø frå Nortura.  På den andre samlinga var det Marit Henjum Halsnes frå Norsk Landbruksrådgjeving som hadde innleiing om fòrdyrking, jordprøvar, gjødsling, fòrprøvar og slåttetidspunkt.

 

 

Biletet er frå første samling der Johannes Nedrebø frå Nortura hadde innleiing

 Samling nr 3 skal handle om landbruksorganisasjonane og tidlegare leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Per Hilleren er ynskt som føredragshaldar.   Ved sidan av det faglege vert det lagt vekt på det sosiale og bygge nettverk til kvarandre.  kursa vert gjennomført i Ungdomshuset i Vikadalen.

Sett frå vestland Bondelag si side er dette eit svært flott tiltak som det vesle lokallaget i industribygda Årdal har fått til for sine yngre medlemer.   Stor applaus til lokallaget for tiltaket.  Eit tiltak andre lokallag gjerne kan kopiere.