Styret har allereie hatt to styremøte og i førekant av styremøtet den 25. november samlast Arbeidsutvalet fysisk i Førde.  Arbeidsutvalet er sett saman av fylkesleiar Anders Felde, nestleiar Peder Nernæs, styremedlem Gry Ingvild Agjeld og organisasjonssjef Lars Peter Taule.

- Vi vil nok måtte nytte digital møteform oftare enn før både av omsyn til den pågåande pandemien, men også av omsyn til reiseavstand i eit stort geografisk område, seier Felde   I den startfasen vi er no vil det likevel vere viktig å kunne møtast fysisk for å verte betre kjende og bygge forventningar til arbeidet vi skal gjere saman til det beste for vestlandsbonden seier Felde.

Arbeidsutvalet si rolle i høve til fylkesstyret si rolle vil måtte gå seg litt til over tid.  Det er viktig at dei viktige sakene vert handsama i styremøta.

Arbeidsutvalet i Vestland Bondelag er klar til innsats  f.v. Anders Felde, Lars Peter Taule, Gry Ingvild Agjeld og Peder Nernæs.

Inviterer lokallagsleiarane til digitale møte på aktuelle tema

Fylkesstyret vil gjerne møte lokallagsleiarane i dei meir enn 80 lokallaga i Vestland.  Difor inviterer dei til 4 digitale møte denne veka og komande veke.  I møta vert lokallaga sett saman med sikte på at leiarar i Hordaland møter leiarar i Sogn og Fjordane i mindre grupper som kan opne opp for dialog og diskusjon.  Innlearar i møta er Anders Felde og Marianne Nordhus i to av møta og Peder Nernæs og Gry Ingvild Agjeld i to av møta.

Møtedatoane er:

  • Onsdag 2.12. klokka 20:00 - Eitt møte
  • Torsdag 3.12. klokka 20:00 - To møte
  • Måndag 7.12. klokka 20:00 - Eitt møte

Leiarane i lokallaga får direkte innbyding og medlemer i fylkesstyret og tilsette deltek der det høver.