Prisen vert ikkje delt ut kvart år, men no er tida inne for ei ny utdeling.

Nye kandidatar
For at kandidaten kan vurderast må han/ho ha "eit godt dyrehald og velstelt og godt vedlikehaldt areal. Bruket må vere eit mønsterbruk med orden i tun og i bygningar. Drifta på bruket må òg gje god økonomisk avkasting".

Vi har sendt e-post til lokallagsleiarane våre og bedt lokallaga sende forslag til hordaland@bondelaget.no innan 8. september. Styret i Hordaland Bondelag vil handsame saka på styremøte 15. september.

Tidlegare prismottakarar
Erik Willgohs, leiar i Huglo Bondelag, fekk prisen i 2010. Han er mjølke- og svineprodusent. Juryen la vekt på gode driftsresultat og ein svært profesjonell innstilling til yrket. Les på nrk.no: Dette er Hordalands beste bonde.

Prisen vart sist delt ut i 2013, til ein særs veldreve samdrift på Åse, Omastrand. Prisen vart tatt i mot av John Olav Måge og Lars Tveitnes under festmiddagen på Agro Hordaland. Begge har vore tillitsvalde i Strandebarm-Tørvikbygd bondelag.

Les meir om kvifor Åse Samdrift fekk prisen i nettsaken vår frå utdelinga: Anton Mindes ærespris til Åse samdrift.

Bilete av garden til Erik Willgohs frå kåringa i 2010

Åse Samdrift fekk Anton Mindes Ærespris for framifrå gardsdrift