- Anders Felde har gjennom vervet som fylkesleiar i Sogn og Fjordane vore ei tydeleg røyst på vegne av ulike produksjonar og bruksstorleikar, held Humlestøl fram.  Han har stor kunnskap om dei landbrukspolitiske samanhengane, og eit pågangsmot som vil kome godt med i viktig arbeid som leiar i Vestland Bondelag.    -Vi har hatt eit godt samarbeid og ein god dialog i valnemnda, seier Humlestøl vidare.   Vi meiner at vi har klart å setje saman eit fylkesstyre som vil gjere eit godt arbeid på vestlandsbonden sine vegne.

Peder Nernæs innstilt som nestleiar

Noverande leiar i Hordaland Bondelag Peder Nernæs har takka ja til å ta på seg det viktige vervet som nestleiar i Vestland Bondelag.  Peder driv med mjølke- og kjøtproduksjon og har sagbruk på Mundheim i Kvam Herad i Hardanger. Nestleiarvervet vil vere eit viktig verv, når fylkesstyret skal skape aktivitet og få fokus på landbruk i eit geografisk svært stort område, held Kjell Humlestøl fram.

Valnemnda innstiller på følgjande styremedlemer i styret for Vestland Bondelag

  • Kari Sigrun Lysne, Lærdal
  • Marianne Nordhus, Kvinnherad
  • Ole Bjarne Hovland, Årdal
  • Knut B. Hauso, Ullensvang
  • Gry Ingvild Agjeld, Stryn
  • Linda Kristin Oppedal, Sunnfjord
  • Lars Bø, Voss

Som vara til styret innstiller valnemnda :

  • 1. vara: Olav Myhr, Alver
  • 2. vara: Nils Magne Gjengedal, Gloppen
  • 3. vara: Kjersti Hjelmeland, Kvinnherad / Jørund Kvestad, Ullensvang

I tillegg vil Bygdekvinnelaget og Bygdeungdomslaget kunne nemne opp eitt medlem kvar til å sitje i styret.  Til desse verva innstiller ikkje valnemnda i Vestland Bondelag.

Vala vert gjennomført i Skipingsmøtet til Vestland Bondelag torsdag den 12. november.  Grunna situasjonen med Covid 19 vil møtet verte gjennomført digitalt.  - Dette er ikkje ein iedeell situasjon når to fylkeslag skal slå seg saman.  Det absolutt beste hadde vore å kunne møtast fysisk, men med dagens oppadgåande smittetal for Covid 19 vil det ikkje vere mogleg, avsluttar leiaren i valnemnda.

Desse har sete i valnemnda med oppgåve å førebu valet i skipingsmøtet:

  • Leiar: Kjell Humlestøl, Eikefjord Bondelag i Flora - kontaktperson  918 19 552
  • Nestleiar: Reidar Kloster, Fitjar Bondelag
  • Per Hilleren, Sogndal Bondelag
  • Steinar Langesæter, Ullensvang
  • Silje Åsnes Skarstein, Olden Bondelag
  • Kari Heggenes Kvammen, Radøy Bondelag