Hjå leiar i Loen Bondelag, Ingvill Tronrud, ligg ammetåka tjukt over garden. - Vi har heldt på med kjeing no sidan 24.januar og no er det berre to geiter som knip igjen og held på kjea så godt dei kan, ler Ingvill. Eit år fekk dei alle kjea på ein dag, så det er igrunn godt å spre det utover litt. - Det er tydeleg at bukken har kost seg lenge i haust, ler ho. Dei har boergeiter og brukar kjøttet frå geitene i kaféen sin i turistsesongen. Då vi snakka med ho hadde ho 19 killingar som flaug rundt beina. - Det er bra med fart her, ikkje så lett å bevege seg i fjøsen uten å ha ein killing eller to opp etter beina. 

Dagens solskinnshistorie kjem frå Ingvill: - 3 killingar vart født ei veke før termin. Me måtte setje i gang fødselen og resultatet vart tre flotte, store killingar og mora tok til seg alle. Ei stor takk til veterinærane i Stryn. 

Leiaren i Jondal Bondelag, Knut B. Flatebø møtte me på veg til traktoren. - Det kjem ein dyrebil hit i dag og det er det klinkis på vegen, so då lyt me ut og strø og køyre opp litt slik at det vert framkommeleg for han. Det har vore lite snø i Jondalen men kaldt sidan nyttår med temperaturar ned i -12-13 grader. - Vinteren er kun brukande for to ting - enten å renne på ski eller vere på vedaskogen. Noko anna er den ikkje god for, ler Knut som me mistenker er byrja å sjå fram mot vår og høgare temperaturar. - Ja no gler eg meg til det vert vår i lufta igjen. Knut driv i samdrift og har nyleg fått med seg ein ny partner i smadrifta. - Garden vart solgt til ein ung lokal kar, og det har vore veldig positivt å få han med på laget. So no må me halde produksjonen oppe og so får me drive lobbyverksemd på politiske saker i lokallaget ved sidan av. 

Kyrene til Knut har funne helgefreden allereie. 

Jostein Kumle som er lokallagsleiar i Holmedal og Askvoll Bondelag traff me på i fjøsen. - I fjor på denne tid sat eg på finn.no og leita etter gard på Østlandet med vatningsanlegg for eg var lei regnet, men no sit eg her og venta på at snøen skal forsvinne, ler Jostein. Det har vore unormalt kaldt ute på kysten i år, -10 grader er ikkje kvardagskost i Askvoll kommune. - Men no er endeleg dei nederste bøane vorte grøne att so no går det mot vår. Me er jo ikkje so vande med snø og kalde vintrar her ute, eg trivast no i grunn best når det er nærare 0 grader enn -10, ler han. I dag er det flytting av gjødsel frå eit lager til eit anna som står på agendaen. 

Snøen ligg fortsatt hjå Jostein ute på Atløy, men våren er i anmarsj. 

I indre del av Sognefjorden, hjå lokallagsleiar Andreas Wollnick Wiese i Luster Bondelag er det òg travelt med kjeing for tida. - Eg har 80 geiter totalt og er omlag halvvegs i kjeinga no, så no er me godt i gang med mjølkinga. Også her byrja dei med kjeinga for om lag ein månad sidan så det har tatt litt tid med bukkane. - Det er meir usikre brunstsyklusar enn t.d. på sauene, så av og til blir det slik at kjeinga kan ta lang tid. 

Framleis vinterlandskap i Luster hjå Andreas W. Wiese. 

Og med ein liten videosnutt frå killingane til Ingvill,  ynskjer vi alle god helg! :)