Annleis-året 2020 har vore ei utfordring for mange, òg for frukt- og bærprodusentane i Norge. Heile landet har fått kjenne på ein nedgang i produksjon, men særskilt Vestland har hatt ein knekk i produksjonen. - Me ser ein svikt i alle kulturar, og spesielt for plomme og eple, fortel Roset.

Tal frå Grønt Produsentenes Samarbeidsråd viser til ein nedgang i avling for eple, plommer og moreller for heile landet. Plommene har svikta med kring 80 % i år, og for epla har svikten på landsbasis vore kring 67 %, samanlikna med fjoråret.

- I fjor leverte vi 245 tonn plommer, medan i år vart det kun 39 tonn, fortel Roset. - Hjå oss var ikkje epla like ille, men det vart ein svikt på 55 %. Årsaka er at det vart for kaldt i bløminga. Det har slått ut i heile landet, men det er spesielt Vestlandet som har hatt den største svikten i år.

Innvik Fruktlager er eit av landets største bringebærpakkeri. For bringebæra var det heller ikkje like god avling som forventa, men det positive er at andelen konsumbær har vore svært bra.

- Ein så dårleg sesong er sjølvsagt tragisk for produsentane våra. Dei kan søke om avlingsskadeerstatning, men dette blir berre eit lite plaster på såret for dei. Det beste ville jo sjølvsagt vere å ha ein normal sesong, fortel Roset. For fruktlagera er det òg utfordrande då inntektene er drastisk redusert. - Vi skal klare oss gjennom dette, men 2020 har neimen ikkje vore eit enkelt år. Det er den verste sesongen i manns-minne, seier Roset.

No håpar Roset på ein normal vinter og ein normal vår. - Vi har hatt ein flott haust so alt ligg til rette for at neste år kan bli eit godt år. Men det avheng sjølvsagt av korleis vinteren og våren blir, så vi får krysse fingrane for ein meir normal vinter og vår enn vi fekk i 2020.