- Eg flytte til Nå i Ullensvang i 2016, og vart invitert med i Bygdekvinnelaget.  Så vart eg valgt inn i styret i Hordaland Bygdekvinnelag, der er eg vart boden og takka ja til oppgåva å vera deira representant i styret i Hordaland Bondelag, no Vestland bondelag.  - Eg er glad i organisasjonsarbeid, likar variasjon og aktivitet, og sjølv om eg ikkje er aktiv bonde, har eg det meste av livet budd på gard.  Eg har mykje å læra i styret, og kjenner engasjement i arbeidet for lønsemd, beredskap/mattryggleik og klima/miljø, held ei entusiastisk Prestegard fram  

Bilete teke frå Reisetelia - nede ser ein deler av Sørfjorden i Ullensvang kommune.

- 66 år er eg blitt, men alder er ingen hindring så eg har kjøpt meg nye ski, koffert og familiekajakk etter at eg vart pensjonist, likar aktivitet og variasjon.  Er kanskje som ei potet som kan brukast til det meste.  Sjukepleiarutdanning frå Haukeland med spesialutdanning i psykiatri.  Har ein del leiarfag frå rundt omkring, utdanna vegleiar frå Haraldsplass.  Eg likar bøker og les litt kvar dag, høyrer og gjerne lydbok når eg kjøyrer bil, meir radio enn TV og PC på meg. 

Eg er familiekjær, og så heldig å få vera mykje med mor mi på 96 år, som bur åleine i eige hus ein liten halvtime frå meg.  Ho er lidenskapleg kinasjakkspelar!   4 born og 3 barneborn prioriterar eg også når det høver for dei.  Siste året har eg drenert rundt huset mitt, og slik fått "ny hage", som eg brukar mykje av tida mi i.  Ynskjer å vera sjølvforsynt med bær og urter, og ellers alt eg får til å gro.  Har hausta ruccolasalat og spinat heilt fram til byrjinga av desember. 

Siv likar svært godt å arbeide i hagen.  Her vert nye jordbærplantar dyrka fram

- Vikebygdkrinsen som eg bur i ligg nord for bygdebyen Odda i Ullensvang kommune.  Vikebygd og Aga bygdekvinnelag dekkar området her.  Her er  eit aktivt lagsliv, optimisme og engasjement.  Dei fleste er fruktbønder, men me har også produksjon av mjølk, egg og sau i bygde.  Her er 7 ciderprodusentar som gjer det godt og vinn prisar rett som det er.

Lønsemd i ladbruket er viktig, Bergen kan ikkje skryta av å vera porten til fjordane, dersom det ikkje bur folk her som steller kulturlandskapet. 

Bygdekvinnelaget er opptekne av livskvalitet og trivsel på bygdene, med stort fokus på tradisjonsmat.  På Verdens Matvaredag i haust serverte me lammegryta med potetstappe til Vikebygd skule (49 elevar og dei tilsette) i matsalen i Bygdahallen på Nå.  Me hadde fokus på "Bruk heile dyret".  Bygdekvinnelaget har fokus på foredling/bruk av det bøndene produserar. 

Representantar frå Hordaland Bygdekvinnelag på stand i Etne i haust

- Eg har jakta reinsdyr på Hardangervidda, sydd bunad til sonen min, vore rådmann i Jondal kommune i 7 år, har budd eit år i USA, men det landet eg har besøkt flest gonger er Frankrike.  Eg likar god prat rundt sjølvlaga mat, sjølv om eg reknar meg som lett introvert.  I organisasjonar er eg støttande og kan lett ta kontrollen, men treng ikkje ha kontroll alltid.  Eg likar å arbeida, og er mest nøgd med dagen når eg har "fått gjort noko". Der er Helle Prestegard i godt selskap.   Eg lagar meg framleis arbeidslister avsluttar ein Helle Prestegard som må seiast å vere en svært oppegåande pensjonist. 

Til sist ynskjer ho å dele desse orda med oss alle:    "Du skal alltid tenka:  Jag er her på jorden denna enda gong!  Jag kan aldrig komma hit igjen!  Ta vara på ditt liv!  Akta deg vel!  Slarva inte bort det! Før nu er din stund på jorden!"  Frå "Din tid på jorden" av Wilhelm Moberg 1963.