Tredjevara til styret i Vestland Bondelag er Kjersti Hjelmeland frå Dimmelsvik i Kvinnherad kommune. Saman med mann og 3 born, driv dei ein gard med mjølkeproduksjon i båsfjøs med ca 100 000 i kvote. I tillegg har dei 12 sauer og ein fjording på garden. Sauene er i hovudsak hennar prosjekt, og ho kunne godt tenkje seg å auke opp om dei hadde hatt plass til det. - Det er merkeleg det der, men når sauene stikk av gårde så får eg beskjed om at det er mine sauer, men når det kjem godt oppgjer frå slakteriet er det plutseleg våre sauer, seier Kjersti og ler.

I tillegg til å vere bonde jobbar ho òg i ferskvaredisken på Eurospar i Rosendal. - Det kjekkaste er når kundane kjem og spør om matvarene er norske. Det viser at det betyr noko for folk at me har eit landbruk her i Norge. Eg held gjerne foredrag for kundane, og mange er interesserte i å høyre om norsk landbruk.

På fritida set ho stor pris på fjellturar og å stå på ski, og ho er opptatt av å ta vare på mattradisjonar og syte for at dei ikkje forsvinn. Bunadstradisjonane held ho òg i hevd, og har sydd barnebunadar og litt på bunaden til seg sjølv. Ho brukar mykje tid på fjordingen ho har på garden, både trening og tur. - Det er mykje god terapi i å jobbe med hest, og godt å ha for å koble ut hovudet i ein travel kvardag. I tillegg er det sosialt og kjekt å vere med på køyretreningar, seier ho.

Kva engasjera deg i norsk landbruk?

- Eg kjenne eg brenn veldig for at me må ha eit fokus på å oppretthalde eit norsk landbruk og auke sjølvforsyninga vår. Me har utruleg mykje god norsk mat og det må me halde fram med. I den forbinding er eg opptatt av at det skal vere leveleg å vere bonde om du er liten eller stor. Du er like mykje verdt om du har nokre få sauer som om du har 900 000 i kvote. Arbeidet bonden gjer er verdifullt for både kultur, matproduksjon og landskapet vårt, uavhengig av storleik. Dette ligg meg nært for hjarte, spesielt med tanke på krava som kjem i 2024. Her må vi jobbe for å få på plass ein pakke som kan få med alle vidare! 

Å vere med i styret til Vestland Bondelag ser ho på som svært lærerikt og spanande. - Det er ein knalldyktig gjeng som sit i styret og eg kan lære mykje frå dei. Spesielt kjekt at det er så mange ulike produksjonar og storleikar representert slik at vi kan dekke meir av breidda i fylket vårt. Ja, og så er det jo veldig kjekke folk, så ein har fått ein fin gjeng til å danne grunnlaget for Vestland Bondelag.