F.v. styremedlem i Norges Bondelag, Bjørn Gimming, Alf Støfring og fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Per Hilleren.Alf Støfring vart utnemnd til æresmedlem i Sogn og Fjordane Bondelag på fylkesårsmøtet på Sandane torsdag den 7. mars.  Det var fylkesleiar Per Hilleren som tildelte den tidlegare bondelagsleiaren tittelen som æresmedlem.  I tildelinga la Hilleren vekt på arbeidet som Støfring gjorde i dei 7 åra han sat som styreleiar i Sogn og Fjordane Bondelag.  Han er mellom dei fylkesleiarane som har sete lengst, og i ettertid står han att som ein av dei mest synlege fylkesleiarane som har vore.  Hilleren la i si grunngjeving særleg vekt på initiativet og arbeidet som Støfring gjorde for å få mjølkeprosjektet opp å gå.  Det er ikkje tvil om at den satsinga som kom gjennom mjølkeprosjektet, og ved dei endra investeringsverkemidlane som kom like i etterkant har vore sterkt medverkande til at fylket greier å oppretthalde mjølkeproduksjonen.

 Viktige verv for landbruket i fylket

  • 01.01.1974      Vart medlem  i Vestre Jølster Bondelag
  • 1990 – 1996    Leiar i  Vestre Jølster Bondelag,
  • 1993 - 1997    Leiar for Landbruksdagane i Sogn og Fjordane
  • 1997 - 2004    Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag.  Dette vervet medførte at han også hadde andre verv i fylket
  • 2001 -  2004   Leiar i Landbruksselskapet i Sogn og Fjordane
  • 2000 -  2003    Medlem i regionstyret for SND
  • 2004 - 2007    Medlem i regionstyret for Innovasjon Norge
  • 2005 – 2008    Kretsleiar i Nortura
  • 2006 - 2008    Medlem i valnemnda i Norges Bondelag
  • 2008 – 2009    Leiar i valnemnda i Norges Bondelag

Alf Støfring hadde stor tillit som medlem i bondelaget.  Han vart vald til både lokallagsleiar og fylkesleiar utan å ha gått læretida som styremedlem.  Han er den av fylkesleiarane i Sogn og Fjordane Bondelag som har hatt vervet nest lengst.  Han sat som fylkesleiar i 7 år og står att som ein svært synleg fylkesleiar.  Han var godt synleg i media og også i dei møteforum der han var representert i kraft av sitt verv.    Har fekk også tillit i årsmøtet i Norges Bondelag, der han vart vald til medlem og seinare leiar i Norges Bondelag si valnemnd.  Eit verv som berre dei med god innsikt i arbeidet til Norges Bondelag får.

I Alf Støfring  sitt arbeid som fylkesleiar var han initiativtakar til å få etablert Mjølkeprosjektet for fylket med eigen prosjektleiar.  Han såg den negative utviklinga som mjølkeproduksjonen i fylket hadde og forstod at skulle landbruket i fylket overleve måtte mjølkeproduksjonen sikrast.  Då måtte denne produksjonen får eit ekstra fokus med ekstra ressursar.   Prosjektplan og søknaden vart utarbeidd i eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Bondelag og fylkesmannen si landbruksavdeling.   Sidan vart Tine, Nortura, Felleskjøpet og småbrukarlaget trekt inn i arbeidet for å få eit breiast mogleg fundament.   I ettertid ser dei fleste at akkurat dette grepet noko av det viktigaste som han fekk gjennomført i si tid som fylkesleiar.  

Han var ein svært tydeleg leiar i 2000 og var ikkje i tvil om at resultatet av Staten sine dramatiske omleggingar av tilskotsstrukturen det året måtte bli brot i jordbruksforhandlingane.   Han kunne ikkje akseptere den store omfordelinga som det året skjedde frå mindre bruk på Vestlandet til større einingar andre stader i landet.   Noko han også var svært tydeleg på i Norges Bondelag sitt representantskapsmøte same året.  Han tok av eine skoen og small den i talarstolen, slik meir kjende personar enn han hadde gjort før.

Etter at han har ga seg som fylkesleiar i Bondelaget har han ikkje kvilt på laurbæra.  Sju år med verv som fylkesleiar i Bondelaget hadde sett sine spor på heimegarden.  Der venta mange timar på brøyten med fullføring av dyrkingsarbeid, vedlikehald av mange hus og om ikkje det var nok så tok han sats saman med to andre brukarar og bygde heilt ny driftsbygning til mjølkeproduksjon.   Han syner i sitt virke som matprodusent, og med ein alder i overkant av 60 år vilje til omstilling og tilpassing for framtida  med å ta i bruk ny teknologi.  Han la også til rette for at neste generasjon skulle få ein oppgradert arbeidsplass.  Ved nyttår i 2011 skøytte han garden vidare til neste generasjon.  Sjølv held han frami fjøset med fokus på kalvestell, dyrevelferd og optimal produksjon.  Matproduksjon er ikkje lettvindt arbeid.  Dyra treng omsorg, teknologien må fungere og det vi puttar inn må stå i høve til det vi forventar skal kome ut, seier ein person som har eit stort engasjement for landbruket i fylket.