- Eg har aldri opplevd slik respons og slikt engasjement midt i bøndene i Vestland si travlaste tid.  Det syner alvoret som mange kjenner på kroppen, held Felde fram.  Grensa for kor fort bonden kan springe for låg timeløn er nådd.  Mange kjenner nok også at dei snart er åleine om å produsere mat i bygda si - kva framtid gjev det?   Det er mange kjensler i spel.  Sinne og frustrasjon over manglande forståing og ikkje minst vilje til økonomisk prioritering av norsk matproduksjon frå dei som styrer landet og sit i regjering.  Nokon kjenner på frykt for framtida og er lei seg med tanke på kva skjer om denne utviklinga med færre og færre bruk held fram.  Kva skjer med mi bygd, med min kvardag, kva skjer med det Norge vi kjenner der matproduksjon i heile landet er viktig for trygg mat til forbrukar, beredskap, busetnad og samspel med andre næringar i form at eit flott landskap som mellom andre reiselivet kan skape verdiar med utgangspunkt i.   Det er dette årets jordbruksoppgjer handlar om.  Å skape ei framtidstru og eit økonomisk grunnlag for produksjon av mat i heile landet !!

 

 

Kampen for betre inntekt i landbruket er ikkje over.  Den held fram !!  Traktormarkeringane avsluttar vi i denne runde.  Fylkesleiaren ynskjer å rette ei stor takk til medlemene i lokallaga og lokallagleiarane som verkeleg har fått mykje til å skje i heile vårt vidstrakte fylke.  Takk til fylkesstyret og administrasjonen som er tilgjengelege om lag døgnet rundt. Synest ikkje alltid, men det ville verkeleg synt seg om ikkje jobben vart gjort.  Ei stor takk til matprodusentar i heile fylket. Det er dykk som kjenner økonomien og arbeidstimane direkte på kroppen.  Takk for kreativitet, flott synleggjering og for at de gjev av dykk sjølve og står fram.  Takk til alle dykk som støttar oss med tommel opp og engasjement for norsk matproduksjon.  Vi i næringa set utruleg stor pris på all den støtta vi har fått ute på vegen og i sosiale media, i telefonar og i meldingar.  TUSEN TAKK.   Kampen for rettferdig inntekt, investeringsmidlar og ei endra retning i landbrukspolitikken held fram.  Samstundes må vi bruke traktorane og arbeidsinnsatsen på "heimebøen", slik at vårvinna får litt fart på seg i takt med stigande temeraturar.  Da gjer seg ikkje sjølv!

 

 

Sjå Vestland Bondelag si Facebook side eller føl oss på Vestland Bondelag si Instagram side.