Styret la fram ei fyldig årsmelding som vitnar om eit lag med stor aktvitet, held Agjeld fram.  I januar var det fagsamling med bruksutbygging som tema. Hallgeir Kalland heldt foredrag om fjøsbygginga på sin gard, og så var det informasjon om landbruksetaten i Sunnfjord kommune ved Joar Helgheim, landbrukssjef (einingsleiar landbruk og miljø) og Ola Kvaal, rådgjevar. Her møtte 40 medlemer. I februar var det nytt fagmøte med fokus på landbruksoppgjeret, forhandlingar og mjølkekvotesystemet. Henriette Sunde var med frå fylkesstyret. 

Engasjert gjeng i Naustdal.  Leiar Arild Herstad heilt til høgre i biletet

 Det er oppretta eit nytt landbruksforum for landbruksorganisasjonane og forvaltninga i kommunen, her kan bondelaget, småbrukarlaget og skogeigarlaget møte med to personar kvar. Forumet har hatt fire møter som Naustdal bondelag har deltatt på. Tema har vore tiltakstrategi for SMIL, ny lokal gjødselforskrift og bandtvang for hund.    Dei seks bondelaga i Sunnfjord kommune , Naustdal, Viksdalen, Gaular, Førde, Jølster og Stardalen har oppretta eit samstyre, her er Geir Støfring leiar. Samstyret har hatt to møter.

 Landbruksplastinnsamling har og vore tema for Naustdal bondelag. Det vart ingen felles plastinnsamlingsaksjon i år, men det er framleis gratis å få levere plasten i Førde.  Ei felles innsamling betinga at bondelaget måtte finne ut kor mykje plast der er, og kvar den skulle leverast, og ei slik ordning ville truleg koste ein del.

Andre saker som laget har engasjert seg i er ny rassikker riksveg 5 og saker som følgjer med kring dette (trasevalg og jordbruksjord, massedeponi), lokal gjødselspreieforskrift, hjorteforvaltning, bandtvang, ureining av vassdraga og vassdirektivet som kan få store konsekvenser for landbruket i Sunnfjord kommune. 38 vassdrag i Sunnfjord kommune har for dårleg vasskvalitet.

På arbeidsplanen for komande år står medlemsverving, skuleprosjekt, sosiale aktiviteter og medlemsmøter, og  innspel til jordbruksforhandlingane.  Leiar løfta også interesse for ein eventuell studietur til dømes til Lærdal, og det kom innspel på ønskje om meir sosiale aktivitet i laget.  Til dømes ein uformell bondekafè, at den som har tid kan møtast på kafeèn første torsdag i månaden.

Attval i styret

Arild Herstad fekk fornya tillit som leiar, og får heile det sittande styret med seg som består av Atle Kringlen, Norid Linda Smådal, Anni Aase, Joakim Aase og Vidar Heggheim. Jostein Løtuft vart takka av som leiar i valnemda.   Olav Birkeland er ny leiar i valnemnda. 

Aud Slettehaug (1. vara til styret) takkar av Jostein Løtuft som leiar i valnemnda med egg, poteter og grønsaker frå Gardsutalet på Mo. Agnar Horstad vart også takka av som revisor.