Midlane vert fordelt etter aktivitet. Kvart år legg styret særleg vekt på nokre aktivitetar. I år fekk dei som arrangerte Open Gard 10 000 kr ekstra. Her kan du sjå eksempel på kva lokallaga heldt på med i 2022:

Jostedal Bondelag arrangerte medlemskveld med fokus på unge bønder. I den siste tida har fleire unge flytta heim og overteke gard. To gardar er også omsett til folk frå andre plassar i landet, og dei har planar om å utvikle bruka dei har kjøpt. Dessverre var det eit Formel 1 løp på same tid som møtet, men lokallaget vil prøve igjen etter jul.

Jostedal Bondelag hadde møte for unge bønder

Då Vestland Bondelag inviterte til webinaret "den vanskelege samtalen", samla medlemer frå Voss Bondelag seg for å sjå webinaret saman. Det var god drøs rundt bordet, eplesaft frå Dyrvedalen (J.Gjerstad), youghurt frå Tine og nystekte lappar med kaffi attåt.

Foto: Voss Bondelag

Fleire lokallag har hatt Open gard. Det er populært i nærmiljøet og allttid mykje folk.

Under Bondens Dag hadde Os Bondelag mange aktivitetar. Her er det Gunstein Dyrdal som fortel om norsk ull og får hjelp av borna til å sortere.

Her kan du sjå video frå Open Gard på Breim. Sjølv om det regna ein del, var det likevel ein veldig kjekk dag for både store og små.

Nokre lokallag har vervetiltak, særleg i vervemånaden. Eid Bondelag hadde vervestand utanfor Felleskjøpet.

Foto: Eid Bondelag

Mange av lokallaga har hatt ryddedugnad og plastinnsamling.

Her er det Veitastrond Bondelag som har ryddeaksjon.

Lokalmat er viktig, og Balestrand Bondelag er eit av lokallaga som har delt ut diplom til ein butikk som er "på lag med bonden".

Foto: Coop Prix Balestrand