Påmelding til leiarmøte i Vestland Bondelag 2024
Lokallagsleiarane er kalla inn på leiarmøte i Vestland Bondelag torsdag den 7. og fredag den 8. november på Voss. Vi gler oss til å samle organisasjonen til fagleg påfyll og sosialt samvær.
Søknaden til VG3 på Mo for komande skuleår er høgare enn på lenge, samstundes som søknaden til Vaksenagronomen er langt over tal tilgjengeleg plassar. Mo er også grunnmuren i å tilby kurs og vidareutdanning til bønder i området, slik at yrkesutøvarane kan sikre seg den kompetansen som nye krav og endringar i forskrifter pålegg næringa heiter det i høyringssvaret til Vestland Bondelag i sak som vedkjem framtidig skulestruktur.
Vestland Bondelag kjem med innspelet til høyringssak som vedkjem tilbodsstrukturen i vidaregåande skule for perioden 2025-2035 med planlagt rullering kvart fjerde år. Vestland Bondelag ser av høyringsdokumenta at elevtal og økonomi er førande for mykje av innhaldet i planen. Det er naturleg, men ved å ta i bruk økonomi som ein førande parameter gjev det ei sterk sentralisering av nokon studievegar frå distriktsvestland til Stor-Bergen. Det vert også ei sterk sentralisering og spesialisering av færre liner ved nokon skular.
Vidare i høyringssvaret skriv Vestland Bondelag følgjande:
Det gjev i neste runde elevar i distrikta færre reelle valmoglegheiter. Kostnadene vert skyvd over på elevane og deira familiar i form av fleire hybelbuarar, lenger reiseveg og større utryggleik i ein alder av 15/16 år. Mange vil nok vegre seg for å sende ungdommar i denne alderen på hybel i Bergen. I sum kan dette medføre at elevar som eigentleg kunne ha tenkt seg å studere til dømes medium og kommunikasjon, kunst, design og arkitektur, dans og drama og liknande endar opp med å ta ordinær studiespesialisering. Denne sentraliseringa vil gje mindre mangfald ved den einskilde skule. På sikt vil det også kunne gje mindre bulyst i distrikta i Vestland.
Har det vore vurdert å tenke motsett veg? Det vil seie å desentralisere nokon studieliner til vidaregåande skular i distrikta? Kan ein då spare inn økonomi ved å redusere trong for å bygge ny kapasitet i sentrale strøk? Til dømes så er nynorsk mediesenter lokalisert til NRK Vestland sitt kontor i Førde og Nynorsk avissenter hos avisa Firda sitt kontor same stad. Om lag vegg i vegg med Førde Vidaregåande skule sine topp moderne og heilt nye undervisningslokale for akkurat media og kommunikasjon.
Vi i Vestland Bondelag meiner det i staden for sentralisering av tilbod må sjåast på korleis ein gjennom endra organisering og større fleksibilitet i samansetnad av klassar ved den einskilde skule i kombinasjon med bruk av digital undervisning kan sikre reelle valmoglegheiter og mangfald ved dei ulike vidaregåande skulane. Vi saknar eit sterkare fokus på fleksibilitet og nytenking kring skulestruktur med utgangspunkt i dei moglegheitene teknologien gjev for utdanning uavhengig av kvar du er geografisk.
Pandemien gav ein akselerasjon i bruken av digital undervisning. I yrkeslivet vert det i stor grad kommunisert digitalt og mange har fått ein større fleksibilitet kring arbeidskvardagen. Dette må også kunne la seg gjere i den vidaregåande skulen. Ved eit slike grep kan ein kan halde fram med halve klassar på ulike geografiske stader, der noko av undervisninga skjer digitalt gjennom felles bruk av lærarkrefter. Til dømes må det kunne vere ein halv klasse på Medium og kommunikasjon i Førde som samarbeider med ein halv klasse i Medium og kommunikasjon ved Stord vidaregåande skule eller Arna vidaregåande skule.
Framlegget om å legge ned VG3 naturbruk ved Førde Vidaregåande skule er ikkje akseptabelt. Søknaden til VG3 på Mo for komande skuleår er høgare enn på lenge, samstundes som søknaden til Vaksenagronomen er langt over tal tilgjengeleg plassar. Mo er også grunnmuren i å tilby kurs og vidareutdanning til bønder i området, slik at yrkesutøvarane kan sikre seg den kompetansen som nye krav og endringar i forskrifter pålegg næringa. Vi ser eit sterkt behov for å oppretthalde tilbod om studieretning naturbruk og naturbruksskulen som eit sterkt kompetansesenter i ulike deler av Vestland. Ved å sentralisere VG3 til ein av skulane vil det gradvis bli ei nedbygging og sentralisering av heile naturbruksutdanninga. Det igjen vil gje færre elevar som vel naturbruk. Det er heilt uakseptabelt!
Vi vil heller be om at fylkeskommunen tenkjer nytt og at naturbruksskulane vert utfordra til å samarbeide om å utvikle undervisningstilbod der lærarkrefter kan bli brukt på tvers via digital undervisning. Det kan også truleg gjerast mykje gjennom organisering på den einskilde skule der ulike halve klassar arbeider saman i nokon fag.
Naturbruk er framtida. Landbruket skal redusere utslepp av klimagassar, men samstundes sit landbruksnæringa på areal og ressursar som vil vere ein stor del av løysinga på vegen mot eit «grønare» og meir berekraftig samfunn.
Landbruk og matproduksjon er ei sterk næring i Vestland. Næringsutøvarane driv si verksemd spreidd i heile fylket. Tradisjonelt husdyrbruk og hagebruk er dominerande, men vi ser også at fleire utviklar tilleggsnæringar som Inn På Tunet, reiseliv og vidareforedling av eigne råvarer.
Produksjon av mat er eit kompetansekrevjande yrke der det stadig kjem nye krav til rapportering, teknologi og driftsmåtar.
Det må setjast i verk eit arbeid for å sjå korleis fylkeskommunen gjennom nye og fleksible undervisningsopplegg og samarbeid på tvers kan tilby mangfald og valmoglegheiter også på mindre skular i distrikta. Det vil vere viktig å kome i gang med dette arbeidet raskt som ei oppfølging av dei dokumenta som ligg føre i denne høyringssaka.
Høyringsfråsegna har vore drøfta i fylkesstyret og er signert av leiar i Vestland Bondelag Gry Ingvild Agjeld, telefon: 90502184
HER finn du høyringssaka slik den er presentert på Vestland Fylkeskommune sine sider