Nyhende frå Vestland Bondelag

Me skal støtte vestlandsbonden

Vestland Bondelag skal lytte til og hjelpe vestlandsbonden, seier styremedlem Ole Bjarne Hovland. Det er også viktig å skape gode møteplassar.

Julehelsing frå nestleiaren

Endeleg er jula her, og eit år heilt utanom det vanlege går mot slutten.

Årets julehefte finn du på nett

Like sikkert som jula nærmar seg, Like sikkert dukkar studieheftet framfor det komande jordbruksoppgjeret opp.

Innovative Vestlandsbønder driv «verdas vakraste matproduksjon»

- Dei som tenkjer på bonden som treig, lite omstillingsdyktig og redd for ny teknologi kan ikkje ta meir feil, skriv fylkesleiar i Vestland Bondelag Anders Felde i eit lesarinnlegg no like oppunder jul

Allsidig kvinne representerer Bygdekvinnelaget i Vestland Bondelag sitt styre

- Alder er ingen hindring, så etter at eg vart pensjonist har eg kjøpt meg nye ski, koffert og familiekajakk. - Eg likar aktivitet og variasjon i kvardagen seier Hordaland Bygdekvinnelag sin representant i styret i Vestland Bondelag Siv Helle Prestegard.

Bondelaget skal vere eit faglag for alle bønder

Kari Sigrun Lysne er styremedlem i Vestland Bondelag. Ho har lang fartstid som tillitsvald, og driv ein frukt- og bærgard på Ljøne i Lærdal.

Fugleinfluensa i Noreg

Dei siste vekene er det oppdaga fleire fuglar med smittsam fugleinfluensa. Området med portforbod for fjørfe vert ytterlegare utvida, og gjeld no for heile Sør-Noreg. Alle hobbyhøns må registrerast hos Mattilsynet.

Vil setje vestlandsbonden høgst på agendaen

Lokallaga må få eigarskap til det nye fylkeslaget, seier Nils Magne Gjengedal i fylkesstyret. Vi skal byggje laget saman!

Fjærland Bondelag sette fokus på landbruksmaskiner i trafikken

- Like før koronaen slo til gjennomførte Fjærland Bondelag medlemsmøte på tema landbruksmaskiner i trafikken og me fekk gode tilbakemeldingar på aktiviteten seier leiar i Fjærland Bondelag Anders K. Mundal (t.h.)

Alle er like mykje verdt!

Å jobbe for å auke sjølvforsyninga og få med både små og store gardsdrifter inn i framtida, er av dei viktigaste kampsakene til tredjevara i styret, Kjersti Hjelmeland.

God aktivitet i Vik Bondelag

- Det er viktig for oss som bondelag å ha ein god dialog med kommunen, seier leiar i Vik Bondelag Turid Haga Vange

Motorsagkurs både i Gaular og Norddalsfjorden

- Sjølv om det var eit ufyseleg vær siste timen på dag 2, fekk vi mykje skryt for gjennomføringa og opplegget, og kursdeltakarane hadde stor utbytte av å ta kurset. Dette var også ein smittevernsmessig god måte å få ha aktivitet på, seier leiar i Gaular Bondelag Margun Myrmel Øren

God aktivitet i Radøy Bondelag

I tida framover vil vi presentere nokre av dei 80 lokallaga i Vestland. Først ut er Radøy Bondelag i Alver kommune.

Eid Bondelag er kjende for å tenkje nytt

- Mange faste aktivitetar vart avlyste i 2020, men eg er jammen glad for at vi fekk til eit sosialt treff på Tore-garden i november, seier lokallagsleiar Knut Tore Nes Hjelle

Uhaldbar inntektsnedgang over tid

Driftsgranskingane syner at jordbruksinntekta til Vestlandsbonden er gradvis svekka sidan 2015, og 2019 gav ikkje noko betring. - Slik kan det ikkje halde fram, seier ein tydeleg fylkesleiar i Vestland Bondelag Anders Felde.

- Me klorar oss fast i bratta

Styremedlem Knut Byrkjenes Hauso gjer bratt om til flat-bratt langs fjorden i Ullensvang kommune.

Digitale møte med lokallagsleiarane - siste sjanse i kveld

- Det er viktig for oss i arbeidsutvalet å møte leiarane i lokallaga og starte jobben med å bygge Vestland Bondelag, seier fylkesleiar Anders Felde

Blide karar i Lærdal

- Vi har fått 6 nye medlemer i 2020, og er godt nøgde med det seier leiar i Lærdal Bondelag Njål Kaardal Golf

Bekjemping av smågnagarar

Norsk Landbruksrådgjeving tilbyr nettbaserte kurs på Teams som du treng om du skal få autorisasjon til kjøp og bruk av gnagarmiddel på garden din.

Bonde mellom fjord og fjell

- Me har eit fantastisk flott landskap å drive i som bonde i Vestland, men det har jo sine utfordringar, seier styremedlem Olav Myhr.

Godt oppmøte på årsmøtet i Hyen Bondelag

- Styret i Hyen bondelag har hatt god aktivitet i år og, og er flinke til å ta tak i viktige og aktuelle saker som klimarbeid i kommunen og veterinærtilskot, seier fylkeslaget sin representant Gry Invild Agjeld

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere