Nyhende frå Vestland Bondelag

Kjekt møte i Luster

- Da vert ei god ramme med mykje folk, når laga samarbeider om årsmøtet slik som tre av lokallaga i Luster gjer, seier fylkesstyret sin representant Kari Sigrun Lysne

Politikartur til Hardanger

Torsdag besøkte Høgrepolitikarar frå storting, fylke og kommunalt nivå fruktnæringa i Hardanger.

Ny leiar i Voss Bondelag

Her kan du lese om årsmøtet og om jerninnsamlinga førre laurdag.

Viktig å vere der når bonden treng det

- Nokon av bærbøndene i Vik gav uttrykk for at dei ikkje hadde fått nok støtte i vanskelege saker, seier nestleiar i fylkeslaget Ole Bjarne Hovland som deltok på Vik Bondelag sitt årsmøte.

Anders Felde innstilt som første leiar i Vestland Bondelag

- Vi i valnemnda er svært nøgde med at noverande fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag takkar ja til å vere vår kandidat til vervet som leiar i Vestland Bondelag, seier leiar i valnemnda Kjell Humlestøl.

Eyvind Reme ny leiar i Vikane Bondelag

Nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Ole Bjarne Hovland melder om friske debattar på årsmøtet i Vikane Bondelag der Eyvind Reme tek over stafettpinnen som leiar etter Oddbjørn Reme.

Engasjement som valeg ut mot kysten

- Da er alltid kjekt å kome til Norddalsfjorden for der er det engasjement og tydelege meldingar seier Nils Magne Gjengedal som representerte fylkeslaget i årsmøtet til Norddalsfjorden Bondelag.

Treng du Mentor - eller vil du bli mentor?

Sogn og Fjordane var pilotfylke på utprøving av mentorordninga. Det var så vellukka at tilbodet no vert gjeve i heile landet. Søknadsfrist for å vere med i programmet i 2021 er den 1. desember.

Opptekne av trasèval for E39 frå Skei-Byrkjelo

- Det er utfordrande å sameine trongen for ny veg med trongen for ikkje å bygge ned matjord på strekninga mellom Skei og Byrkjelo i grenseland mellom Sunnfjord og Gloppen, seier attvald leiar i Jølster Bondelag Geir Støfring

Framtida for mjølkeproduksjonen

- Utkjøpsordninga på mjølk viste at mange «mindre» mjølkeprodusentar i båsfjøs ikkje ser på seg sjølve som ein del av framtida innan mjølkeproduksjonen. Det er framleis «kø» for å slutte i fleire av fylka. Jordbruksforhandlingane i 2021 MÅ gje eit framtidshåp også for mjølkebruka under 30 kyr, Krev styret i Sogn og Fjordane Bondelag.

Takka av etter 11 år som lokallagsleiar

- Da var på tide å gje seg no, sa Erling Nesse i Gulen og Masfjorden Bondelag. Han er ein av mange som over tid tek stafettpinnen og gjer ein jobb i kvardagsbondelaget. Normann Grimen tek over leiarvervet.

Produksjon av grønsaker i mindre skala - Nytt kurs i februar 2021 - Påmelding innan 1. november

Lokal småskalaproduksjon av grønsaker kan både vera enkelt og utfordrande å starte opp med. Bondens marknad i samarbeid med Fylkesmannen si Landbruksavdeling lanserer no andre kursrunde med marknadshagekurs i Vestland fylke.

Silje Åsnes Skarstein ny leiar i Olden Bondelag

- Bondelaget er heilt avhengige av at medlemer deler på jobben med å vere tillitsvalde i lokallaga, seier fylkesleiar Anders Felde. Han deltok i årsmøtet til Olden Bondelag og nyttar høvet til å gratulere Silje Åsnes Skarstein med vervet som leiar.

Kari Sigrun Lysne med fornya tillit i Norges Bondelag sitt Grøntutval

- Eg er glad for å få sitje i Grøntutvalet sentralt i to nye år, seier styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag Kari Sigrun Lysne.

Tal jerv må reduserast kraftig !

Ferske tal frå Rovdata syner at det minst har vore 63 ynglingar av jerv i 2020. Stortinget sitt vedtekne bestandsmål er 39 årlege ynglingar. - Dette gjev ein uhaldbar situasjon for beitenæringa. Kraftige verkemiddel må kome for å få ned bestanden av jerv, seier nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Ole Bjarne Hovland.

Aktivt lag i Naustdal

- Aktivt møte, med god drøs, gode og interesante diskusjonar og innspel, prega årsmøtet i Naustdal Bondelag sist veke, seier styremedlem Gry Ingvild Agjeld som representerte fylkeslaget i årsmøtet.

Skivebom frå matvarekjedane at bonden er grunn til auka matprisar

Utsegna kjem frå fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag som ein kommentar til Coop sin kommunikasjonssjef Bjørn Takle Friis sin påstand på riksdekkande media om at jordbruksoppgjeret og bøndene er grunnen til at prisane på mat aukar meir enn andre varer.

Kalvekos frå barneskuleelevar

I haust tok Heidi Ringstad i Askvoll i mot 2. klasse ved Askvoll skule på gardsbesøk.

Høykultur i Os

Os Bondelag stilte opp då kunstverda trong hjelp frå nevenyttige bønder.

Eit gufs av dårleg møteskikk i landbruket

Her kan du lese fylkesleiar Peder Nernæs sitt svar til lesarinnlegg frå Arne Lofthus. Dette innlegget har stått på trykk i fleire lokalaviser.

Engasjert gjeng i Eikefjorden

- Litt spent, men mest kjekt på mitt første oppdrag som utsending til lokallagsårsmøte, seier 1. vara til fylkesstyret Ellen Eiken som representerte fylkeslaget på Eikefjord Bondelag sitt årsmøte

Landbrukets Klimakalkulator lansert i dag

- Dagens lansering av klimakalkulatoren er ein milepæl for landbruket sitt klimaarbeid. Det vil framleis vere trong for å utvikle kalkulatoren vidare i tråd med bruken og erfaringane ein gjer seg, seier fylkesleiar Anders Felde i Sogn og Fjordane Bondelag

Høyrt om Bondeboka.no?

Ikkje? Nettsida bondeboka.no har ambisjon om å vere ein oppdatert og “to the point”-kunnskapsbase for bonden i Vestland fylke, der ein får svar på forvaltningsrelevante spørsmål i bondekvardagen, seier tilsett hos fylkesmannen i Vestland Bastian Hoffmann

Årsmøte i lokallaga

Det er tid for årsmøte i lokallaga. I år vert det både fysiske og digitale møte.

Renate Rendedal held fram som leiar i Balestrand Bondelag

- Det var eit knakande kjekt årsmøte i Balestrand Bondelag, seier fylkeslaget sin representant Kari Sigrun Lysne. Flott for medlemene at Renate Rendedal held fram som leiar, for ho er jammen flinke smiler Kari Sigrun.

Tilsyn frå sofakroken

Den teknologiske utviklinga i landbruket er fantastisk! Aldri har det vore lettare for bonden å ha tilsyn med husdyra på utmark.

Har regjeringa gløymt landbruket?

Nytt statsbudsjett er ute, utan støtte til verken klimatiltak eller koronatiltak for landbruket.

Rettleiar til hjelp i utfylling av søknad om rovvilterstatning

- Vårt håp er at denne rettleiaren skal vere ei praktisk hjelp for dei som har tap av husdyr til rovdyr, og at den vil medverke til å gjere søknadsprosessen litt enklare, seier advokat Karoline Hustad som arbeider sentralt i Norges Bondelag

Meld deg på tema og skattekurs november 2020

Annleisåret 2020 held fram, men vi håpar å gjennomføre årets Tema- og Skattekurset bortimot som før 16.-18. november ved Quality Hotell Sogndal.

Ny og betre bondebok

Nettsida bondeboka.no har ambisjon om å vere ein oppdatert og “to the point”-kunnskapsbase for bonden i Vestland fylke, der ein får svar på forvaltningsrelevante spørsmål i bondekvardagen.

Tilskot frå Hordaland Landbruksselskap

Hordaland Landbruksselskap forvaltar kapitalen til 6 fond og legatar. Bønder, forskingsorganisasjonar, forsøksringar og faglag i Hordaland kan søkja om tilskot frå avkastinga i fondet.

Takk til Frøydis for god innsats!

Frøydis Haugen vart takka av under årsmøtet i Norges Bondelag etter ti år som tillitsvald for bondelaget.

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere