Nyhende frå Vestland Bondelag

Sommarvikar som veterinær i Gloppen i 26 år

Kva i alle dagar får ei kvinne som i kring 30 år har vore busett i Trøndelag, og som no er tilsett i eit konsulentselskap med fokus på næringsutvikling til å halde fram som ferievikar for veterinærane i Gloppen? undra Nils Magne Gjengedal seg på.

Under- og overgraut til olsok

Under- og overgraut har lang tradisjon som festmat på merkedagar, bryllaup og som sengjamat. So god at ein nybakt far frå Breim skal ha sagt det var det beste med å bli far...

KSL-revisor under korona-pandemien

Me har snakka med ein KSL-revisor om kva tiltak dei har gjort under korona-pandemien. Les saka og få tips til bruk av KSL-systemet ditt.

Stortingsrepresentant på beitetilsyn

- Fleire Stortingsrepresentantar bør gjere som Lene Westgård-Halle, og setje av ei sommarferieveke til å verte betre kjend med norsk næringsliv seier Ole Bjarne Hovland, som er nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag

Kva gjer Eid Bondelag i år som Malakoff er avlyst?

Eid Bondelag ligg ikkje på latsida sjølv om da ikkje blir scenebygging i år. Høyr Knut Tore Nes Hjelle fortelje om planane deira i videoen nedanfor!

Traktor i trafikken

Det oppstår for ofte farlege situasjonar kring traktorkøyring i trafikken. Anders Felde kjem med ei oppmoding til traktorførarar og andre billistar i sommar.

Tilsyn på beite i ulvetider

Me stod på ei høgde, midt i fjellbeitet til sauebonden sist onsdag. I kikkerten ser me ein sau og to lamb som går langs eit vatn. Torsdag morgon kjem telefonen frå ein turgåar. Sauen og lamma ligg drept i lyngen. Eit anna lam spring uroleg rundt med blodig hals.

Travle dagar for ein grisebonde

Kvar 11 veke har Frode Fjellestad 5 travle dagar med grising (grisefødsel). Sjekk ut videoen han har delt med oss.

Biene samlar nektar og pollinerar, vi får deilig honning!

På Bondens marked møtte vi Jan Lars Nesje, honningprodusenten frå Stryn. Han har fortalt oss litt om biene som samlar nektar, pollinerar og korleis dei overleve vinteren.

God deltakelse i Familiefarmen

15 familiar har sendt inn sin første film i konkurransen Familiefarmen. Vi må vente i spenning til hausten for å få vete korleis det har gått med kvar enkelt familie.

Beredskap i fokus

Å vere førebudd på uventa hendingar er vanskeleg, nettopp fordi hendingane er uventa. Men nettopp difor er det viktig å tenkje beredskap og ha ein beredskapsplan.

Ta bilde og vinn gardsferie

Nyt kulturlandskapet og smak på maten bonden frå Sogn og Fjordane lagar, ta eit bilde og del på Instagram med #komhit og du er med i konkurransen.

Glimt frå setra og gårsdagens #bondetv

Ei lita oppsummering av alle dei fine bidraga om seterslivet som kom inn gjennom #bondetv i går. Tusen takk til engasjerte og flinke bønder!

Stølsdrift før i tida

Marie Nicolaisen, avdelingsleiar ved Sunnfjord Museum har fortalt oss litt om tradisjonar og tru kring stølsdrifta før i tida.

Rikeleg med grønsaker frå Lærdal

- Ein merkar at hotell og storkjøkken ikkje er heilt på topp, seier dagleg leiar i Lærdal Grønt, Knut Rune Bøe. Men han ser ikkje svart på sesongen.

Opnar for gratis deltaking på Bondens Marked

For å stimulere til auka sal vert det no opna for gratis deltaking på Bondens Marked og salsmesser for lokalmat. Dette skjer som følgje av innspel frå Norges Bondelag.

Verv eit medlem i sommar!

Norges Bondelag køyrer i gang sommarkampanje på verving. Verv eit medlem, og du er med i trekninga av ein flott premie.

God sommar

- Sjølv om sommaren brukar å vere ei roleg tid i organisasjonsarbeidet, så er den ikkje det for våre medlemer. Sogn og Fjordane Bondelag er budd på at det kan oppstå saker som krev at vi er på denne sommaren også, seier fylkesleiar Anders Felde

Bonden er viktig for beredskapen i bygdene våre

- Det syner seg gong på gong at handlingskraftige bønder er ein svært viktig del av beredskapen kring om i alle bygdene våre, sa nestleir i fylkeslaget Ole Bjarne Hovland i møte med representantar fro Sogn Brann og Redning IKS

Kva bør du tenke på når du møter storfe på beite?

Det er mange som ferdast ute i naturen om dagen. Her kjem det nokon tips til korleis ein skal oppføre seg.

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere