Nyhende frå Vestland Bondelag

Vi kan ikkje basere norsk landbruk på at folk skal ha to jobbar

- Vi kan ikkje utvikle norsk landbruk ved å basere utviklinga på dobbeltarbeidane yrkesutøvarar, sa landbrukspolitisk talsperson i Arbeiderpartiet til årsmøtet i Vestland Bondelag

Auka matberedskap i ei utrygg tid

- Europa står i ei utrygg tid med millionar av menneske på flukt. Kommunar i Vestland vil også ta imot flyktningar, og eg håpar vi i landbruket både kan bidra med hus og arbeid til mange av flyktningane som kjem, sa fylkesleiar Anders Felde innleiingsvis i si tale til årsmøtet i Vestland Bondelag i Ullensvang.

Webinar med Harris: Private vegar

Advokatkontoret Harris hadde eit miniseminar for medlemene i Vestland Bondelag om private vegar. Her kan du sjå opptak av seminaret.

Stort engasjement i småfenæringa

- Det var mange gode tilbakemelding og god dialog kring småfehaldet på årsmøtet til Sogn og Fjordane Sau og Geit, seier styremedlem Ole Bjarne Hovland som deltok med innleiing i møtet.

Valnemnda si innstilling er klar

Valnemnda til Vestland Bondelag har gjeve si innstilling til styre i fylkesbondelaget for 2022/2023.

Ny Bybonde søkast

Bybonden Ida har gjort ein kjempeinnsats med å få folk til å dyrke sin eigen mat og få litt større forståing for landbruk og matforsyning. No skal ho bli bonde på eigen gard, difor vert stillinga som Bybonde i Bergen ledig

Fagkveld om klima på Fitjar

Rundt 60 bønder kom på fagkveld med tittelen "Klimabonden" i Fitjar kulturhus denne veka. Arrangørane bak var lokallaga i Fitjar og Stord kommune saman med Sau og Geit og Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor.

Inviterer til webinar på tema private vegar

Private vegar kan vere ein kime til konflikt, men er også viktig for utvikling. Vestland Bondelag inviterer til kort webinar på tema tysdag den 1. mars klokka 10:00-11:00 på TEAMS.

Påmelding til årsmøtet er opna

Vestland Bondelag skal ha sitt første fysiske årsmøte 9.-10. mars på Hotel Ullensvang. Vi gler oss!

Klimaprat på Teams

Det har ikkje vore lett å få til fysiske møte i det siste, difor vart det to digitale klima-samlingar på Teams. Bøndene som deltok fekk tips til klimatiltak, og hadde gode spørsmål til klimarådgjevarane.

Semje om ny straumavtale

- Dette er godt nytt for landbruket og ei viktig ordning for ei pressa næring, særskild for områda sør for Sognefjorden der straumprisane er og har vore skyhøge, seier fylkesleiar Anders Felde i ein kommentar til semja mellom SV og Regjeringa om straumstøtte til landbruket.

Korleis redusere kostnaden i mjølkeproduksjonen?

- Vi har ingen mjølkeproduksjon i Norge, utan ein aktiv landbrukspolitikk, skriv Anders Felde i ein kronikk i Bondebladet sist veke. I kronikken løftar han opp fleire problemstillingar knytt til rammeverket kring norsk mjølkeproduksjon til batt.

Klima- og miljøprisen for landbruket

Fylkeskommunen har i samarbeid med Statsforvaltaren etablert ein klima– og miljøpris for landbruket i Vestland. Prisen vert delt ut for første gong i 2022, og er på 30 000 kr

Åse Hogrenning nye leiar i Loen Bondelag

Møtet i lokallaget skulle vore gjennomført før jul, men av ulike årsaker vart det utsett til siste dagen i januar. I dette årsmøtet fekk Loen Bondelag ny leiar. Med sine 25 år er truleg Åse Katrin Hogrenning den yngste leiaren nokon gong i lokallaget.

Fylkesutvalet har ambisjonar for inntektsnivået i landbruket

- Det er bra og naudsynt at fylkesutvalet i Vestland i sitt innspel før årets jordbruksoppgjer fokuserer på ei sterk styrking av økonomien i landbruket, seier fylkeslear Anders Felde i ein kommentar til fylkesutvalet sitt vedtak.

Set hjort og viltforvaltning på dagsorden

Saman med Norsk Hjortesenter, Jeger og Fisk i Sogn og Fjordane inviterer Vestland Bondelag til 3 webinar med mange dyktige innleiarar på ulike tema innan viltforvaltning.

Ein pris og fleire nominasjonar til Vestland

Alde sider vann "årets sider" i Det Norske Måltid i går. Kari Sigrun Lysne frå fylkesstyret vårt var ein av tre finalistar til "årets grønne", med aprikos frå Lærdal.

Usikker framtid for mjølkeproduksjonen i Vestland

Ein rapport frå NIBIO syner at 19% av mjølkebøndene i Vestland vil gje seg i 2024, og totalt 43% vil slutte i 2034. Dramatisk seier Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag.

Naturbruksveka 2022

Naturbruksveka 2022 startar tysdag 1. februar. I saka under finn du oversikt over alt det kjekke som skjer i dagane framover.

Klar for nye utfordringar

- Det er ikkje med lett hjarte eg sluttar i Bondelaget, seier Hanne Lisbeth Nybø. Arbeidsoppgåvene har vore spanande, varierte og eg har møtt utruleg mange flotte engaserte menneske, seier Nybø i ein kommentar til at ho hadde sin siste arbeidsdag i Bondelaget 27. januar.

Velkomen til klimaprat 7. februar

Velkomen til ein times klimaprat med Helena Elvatun (NLR Vest) og Jan Asle Torstad (Tine) på Teams.

Det er ein samanheng mellom inntekt og mattryggleik

- I ei utrygg verd er det ikkje tvil om at mattryggleik er viktig og vert viktigare framover, sa ein svært engasjert generalsekretær Sigrid Hjørnegård i si innleiing til eitt av regionmøta i Vestland Bondelag i går kveld.

Initiativ for gjødselkompensasjon

Tilgang på gjødsel er det mest kritiske før våronna. No ber Bondelaget om samarbeid for å gje bonden sikkerheit, og for å unngå lågare matproduksjon.

Valnemnda er i rute

Valnemnda i Vestland Bondelag har jobba godt fram mot årsmøtet. No er dei samla på Gloppen hotell saman med fylkesstyret.

Klart for regionmøte

Vi invirerer alle tillitsvalde i lokallaga til regionmøte neste veke. Grunna pandemien vert møta digitale. Sjå liste her for tidspunkt og program.

Svin og fjørfe har ein plass i Vestland

Engasjementet var stort på gårsdagens temamøte der det vart sett fokus på situasjonen for svineproduksjonen og fjørfeproduksjonen i førekant av jordbruksforhandlingane 2022. Nedanfor finn du lenkje til plansjane frå møtet.

Fekk du ikkje med deg temamøtet om mjølkeproduksjon og storfekjøtproduksjon i går?

- Då er ikkje alt håp ute seier styremedlem Olav Myhr (biletet), som var møteleiar for gårsdagens temamøte. Nedanfor finn du lenkje til innleiingane i møtet.

Innspelsrunde på småfe og sau

Måndag var det Teams-møte med tema småfe og sau. Møtet var det andre i rekka der styret i Vestland Bondelag inviterer medlemene til å kome med innspel føre jordbruksforhandlingane.

Ber om hastemøter om kostnadsøkningene

Bondelaget og Småbrukarlaget ber om hastemøter med ansvarlige departementer så raskt som mulig. Bakgrunnen er de ekstraordinære kostnadsøkningene som matprodusenter opplever for tiden.

Krev lågare straumrekning

- Straumordning for landbruket må på plass no, seier Anders Felde.

Innspelsrunde til jordbruksoppgjeret er starta

- Det vart ein god start på innspelsrunda til jordbruksoppgjeret 2022, seier styremedlem Kari Sigrun Lysne, som var møteleiar i det første av 4 webinar som Vestland Bondelag arrangerer som ein oppstart av innspelsrunda til jordbruksoppgjeret 2022.

Korleis få klimarådgjeving på garden?

Gode klimatiltak gir betre produksjon og lønnsemd. Det er bra for drifta og bra for miljøet. Både NLR og Tine har godkjende klimarådgjevarar, og du kan få tilskot til rådgjeving frå RMP-midlane.

Krever strakstiltak for bonden

Situasjonen for bonden er akutt, og det trengs tiltak for å sikre matproduksjonen nå. Bruk løsningene som gir best uttelling for bonden, krever Bondelaget.

Vurderer samanslåing med Jølster Bondelag

- Vi vert færre aktive bønder som skal ta ansvar for mange verv, seier leiar i Stardalen Bondelag Nils Kjøsnes. Dette har utløyst ein diskusjon om samanslåing med Jølster Bondelag held han fram.

Jordbruksoppgjeret 2022 i startgropa

Like før jul vart studiemateriellet som skal nyttast i innspelsrunda før årets jordbruksoppgjer sendt ut til mellom andre tillitsvalde i lokallaga.

Kristian Aardal ny leiar i Kjølsdalen Bondelag

- Kjekt når yngre krefter tek på seg vervet som lokallagsleiar seier avtroppande leiar i Kjølsdalen Bondelag Bjørn Aardal

Pangstart - temaseminar føre jordbruksforhandlingane

Vestland Bondelag inviterer til digitale møte for medlemmene på viktige tema før jordbruksoppgjeret 2022.

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere