Nyhende frå Vestland Bondelag

10 000 kroner til bønder i Malawi

Takk til alle som kjøpte lodd på årsmøtet. Pengane går til opplæring av driftige og engasjerte bønder for at dei skal verte betre rusta mot ekstremver og avvlingssvikt.

Vår-lengt

Om ikkje det allereie er eit ord i ordboka så trur eg denne vekas lokallagsleiarar er einige om at det er det dette det går i for tida. :)

Korleis dokumentere at utanlandsk arbeidskraft er heilt naudsynt for verksemda di

Grensene er tilnærma stengde i desse dagar, men med god dokumentasjon kan det vere mogleg å få inn arbeidskraft som er kritisk for verksemda di.

Søk om midlar gjennom Bærekraftfondet

Norges Bondelag og Gjensidige skal dele ut inntil 10 millionar kroner gjennom Bærekraftfondet. Både enkeltpersonar og lokallag kan søkje om midlar til førebyggjande tiltak.

Dialogmøte mellom arbeidsgjevarar og NAV

- I etterkant av gårsdagen produsentmøte inviterer vi til regionale dialogmøte mellom NAV regionalt og grøntnæringa, seier fylkesleiar Anders Felde

Dokumentasjon av trong er avgjerande

Grøntnæringa i Vestland treng mykje arbeidskraft utover våren, og særleg i den intensive perioden med hausting frå slutten av juni og ut september er trongen stor. - Vi registerer uro mellom medlemene på om det let seg gjere å få tak i den arbeidskrafta som trengst seier leiar i Grøntutvalet i Vestland Bondelag Kari Sigrun Lysne.

Stille før stormen

Det er litt roligare enn vanleg hos bøndene i denne vekas nettsak, men snart brakar det laus med våronn, kalving og lamming.

Kraftige og ulike tiltak må til

- Å halvere hjortebestanden, slik kommunane kring Nordfjella fekk i oppgåve då CWD kom til området, er inga enkel oppgåve sa viltforvaltar i Årdal, Lærdal og Aurland Knut Fredrik Øi i sitt innlegg på gårsdagens viltwebinar.

Gamle gubbar endrar ikkje haldningar

- Haldningar vert lettast endra ved at den yngre garde "dreg ut i verda" og får nye haldningar. Det er ved generasjonsskiftet at den største haldningsendringa skjer, også i viltforvaltninga sa Torstein Storaas med eit stort smil i innleiinga si på viltseminaret tysdag kveld. Haldningane til gamle gubbar som meg sjølv får du ikkje endra.

Flisfyringsannlegg på garden

Vil du finne ut meir om moglegheitene for ved- eller flisfyringsanlegg på garden din? Her kan du sjå ein film om korleis det er løyst på Selheim gard på Voss.

Vi treng meir politikk

- Norsk landbruk er heilt avhengig av politikarar som kjenner bonden og korleis landbrukspolitikken fungerer, sa styremedlem i Vestland Bondelag Ole Bjarne Hovland i helsinga til fylkesårsmøtet i Vestland Arbeiderparti

Årets vervar i Vestland Bondelag

På årsmøte vart det delt ut premie til lokallaga med høgast vekst i medlemstal, og det vart gjort ein vri på årets lokallag premien.

Møte om arbeidskraftsituasjonen i grøntnæringa

Måndag 22. mars inviterer Vestland Bondelag til møte på tema arbeidskraftsituasjonen i grøntnæringa våren og sommaren 2021.

Må snu flyttestraumen

- Frå å ha hatt ein situasjon med fødselsoverskot på bygdene der mange flytta og bygde opp næringslivet i dei større byane har vi etterkvart ein situasjon der distrikta ikkje vil klare å reprodusere seg sjølve. Det er dramatisk sa leiar for Distirktsdemografiutvalet, Victor Norman til eit lydhøyrt årsmøte i Vestland Bondelag

Anders held fram som leiar, Marianne er ny nestleiar

Her kan du lese resultatet av det første valet i Vestland Bondelag.

Inntekt er viktigast

- Sjølvsagt er taket på mjølkekvotane viktig, sjølvsagt er det viktig om det skal vere tak på tilskot eller ikkje. Men viktigast er det likevel at det er inntektsutvikling, uansett om garden er liten eller stor, sa Anders Felde i tala si til årsmøtet i Vestland Bondelag

Ran på høglys dag

- Forslaget til direktoratet vil resultere i at Vestlandsbonden ikkje greier å levere eit unikt fjordlandskap eller eit klimasmart landbruk. Då sviktar vi både dei politiske målsettingane i landbruket og det norske folk, skriv Anders Felde i eit lesarinnlegg der han kommenterer Landbruksdirektoratet sitt framlegg til ny fordelingsnøkkel for RMP midlane.

Anders Felde innstilt som fylkesleiar i Vestland Bondelag

Marianne Nordhus er innstilt som ny nestleiar etter Peder Nernæs. Nernæs hadde meldt frå til valnemnda om at han ikkje stilte seg disponibel for verv i fylkesstyret. Fylkesårsmøtet vert gjennomført digitalt torsdag 11. mars.

Laks, badetemperaturar, saueklipping, kalving og lengt etter å kunne møtast att

Arbeidsoppgåvene og idèane er mangfaldige hos lokallagsleiarane i Naustdal, på Radøy, Fitjar og i Lærdal. Her kan du lese og sjå bilete frå ei ny kvardagsreportasje utarbeidd med god hjelp frå leiarane i dei fire lokallaga.

Nye kursdatoar for arbeidsgjevarkurset i landbruket

Har du endå ikkje teke arbeidsgjevarkurs for landbruket? Då kan du velje mellom to ulike nye datoar i april; 8. og 13. april. Kvart kurs varer fire timar, og du treng kun å delta på eitt kurs..

Rekneskap, fjøsvask, møkakøyring og saueklipping

Denne veka har vi spurt lokallagsleiarane på Austevoll, Bømlo, Eikanger og Gloppen om korleis det står til.

Klart for digitalt fylkesårsmøte

Torsdag 11. mars er det klart for det første årsmøtet i Vestland Bondelag. Grunna koronarestriksjonane vert møtet digitalt.

Studiering i koronatid

Kvart år har lokallaga studiering der dei samlast for å diskutere kva dei meiner fylkeslaget skal prioritere i det årlege innspelet til jordbruksforhandlingane. I år måtte mange lokallag finne ei ny løysing.

Ammetåke, klink is, finn.no og usikre brunstsyklusar

Det er mykje ymse som blir diskutert i denne vekas prat med lokallagsleiarane...

Stopp! Les! Bli med! :)

Marianne Nordhus og Kjersti Hjelmeland frå verveutvalet i Vestland Bondelag kjem med viktig melding til alle innbyggjarar i Vestland!

Lokalt skogsvirke som oppvarmingskjelde på garden

Vil du finne ut meir om moglegheitene for ved- eller flisfyringsanlegg på garden din? Gardsvarmeprosjekt Vestlandet inviterer til fagleg påfyll i eit webinar 15. mars.

Bli med på viltwebinar 16. og 17.mars!

Viltseminaret 2020 vart utsett grunna korona. No blir det lagt opp til digitalt viltseminar så du kan delta frå di eiga stove, bli med her!

Kjekt å møtast

- Vi har stabil kulde, men elles er resten av tilværet ustabilt. Med ein svært oversikteleg møtelyd og romslege lokale fann vi det forsvarleg og gjennomføre siste kurskvelden i ein møteserie på tre, seier leiar i Årdal Bondelag Erik Skogli

Trippel-søndag

På søndag er det fastelavnssøndag, morsdag og valentinsdag...

Vedhogst, sol og avspasering

Vi har tatt ein prat med fire lokallagsleiarar for å høyre korleis det står til hjå dei.

Teljedato eller gjennomsnittstal?

Teljedatoar var eit av tema som lokallaga tok opp på regionmøterunden. Olav Myhr frå fylkesstyret er ein av dei som meiner det er betre å gå over til gjennomsnittstal gjennom året.

To prisar til Vestland i "Det Norske Måltid"

Det Norske Måltid er ei prestisjefylt prisutdeling der dei beste mat- og drikkeprodukta i Noreg konkurrerer i tretten kategoriar. Aga sideri og Ulvik Frukt & Cideri vann kvar sin kategori.

125-årsmarkeringa i Vestland

I helga var det digital markering av 125-årsdagen for stiftinga av Norges Bondelag. Sjå bidraga frå medlemene i Vestland Bondelag her.

Spanande dagar i sauefjøsa

- Ultralyd, som syner kor mange foster den einskilde sauen ber på, er verkeleg til god hjelp for oss sauebønder når vi skal planlegge fòrrasjonen til kvar einskild sau fram mot lamminga i april, seier sauebonde og styremedlem i Vestland Bondelag Ole Bjarne Hovland.

I morgon er det 125 år sidan skipingsdagen til Norges Bondelag

Trua på at løysingane på mange utfordringar låg i samarbeid og felles innsats var avgjerande for mange av pionerane som stifta organisasjonane mot slutten av 1800- og starten på 1900-talet.

Norges Bondelag 125 år!

Norges Bondelag vert 125 år på laurdag, bli med på markeringa du òg!

Nytt klimaprosjekt i Vestland

Frøydis Haugen er nytilsett leiar i eit prosjekt som skal hjelpe bøndene i Vestland med å redusere klimaavtrykket utan at det går ut over produksjonen.

Sats grønt - vel ei utdanning innan Naturbruk

- Å studere naturbruk opnar mange utdanningsvegar også etter vidaregåande skule om du ynskjer å ta høgare utdanning, seier fylkesleiar i Vestland Bondelag Anders Felde

- Kjekt å gå på tvers av regionane no når me kan!

Regionmøte-runden held fram i Vestland Bondelag, og torsdagskveld var det eit nytt møte med deltakarar frå ulike kantar i fylket.

Tilsynskampanje i norsk svinehald

Mattilsynet gjennomfører i 2021 og 2022 ei landsdekkande tilsynskampanje som skal kartlegge korleis grisene i Norge har det.

Engasjerte tillitsvalde på digitalt møte

Regionmøte på Zoom er ikkje det same som å møtast fysisk, men både dei tillitsvalde i fylkesstyret og lokallaga tok utfordringa på strak arm.

Oversikt over regionmøta

Her kan du sjå ein oversikt over regionmøta denne veka og neste. Dei første møta er i morgon.

Kurs i klimakalkulator

Mjølkebønder i Voss og omland inviterast til det første kurset i klimakalkulator i Vestland. Det vil verte kurs andre stader i fylket etter kvart.

Ta rovviltnemndene sine innspel på alvor!

– Vi ynskjer å markere støtte til rovviltnemndene og deira vedtak om lisensjakt på ulv i ulvesona, seier fylkesleiar i Vestland Bondelag, Anders Felde. 

Framleis ikkje meldt deg på arbeidsgjevarkurset?

Alle som har arbeidsgjevaransvar i bær- og grøntnæringa skal gjennomføre kurset før 2021-sesongen startar. Det vert gjennomført nye kurs no i slutten av januar og starten av februar så det er berre å melde seg på, seier leiar i Grøntutvalet i Vestland Kari Sigrun Lysne.

Ein god dag for beitenæringa

- Det er først og fremst godt for beitebrukaren i Ytre Sogn, at ulven som har hatt tilhald i området, vart felt i går, seier Ole Bjarne Hovland, som er rovviltansvarleg i fylkesstyret i Vestland Bondelag

Invitasjon til regionmøte

Regionmøta er ein viktig arena der lokallaga og fylkesstyret kan informere kvarandre. I år vert møta digitale med ein geografisk blanding av lokallag.

Hektisk start på det nye året

- Eg skulle gjerne ynskt at vi hadde fått til fleire fysiske møtepunkt, men når det ikkje er mogleg så vert vi betre og betre på digitale plattformar seier fylkesleiar Anders Felde. Fylkesstyret hadde møte sist onsdag kveld og skal ha nytt møte på måndag.

Puslete frå regjeringa

- Etter å ha lese regjeringa sin klimaplan grundig sit eg att med mange spørsmål og ei kjensle av at dette ikkje er eintydig bra for framtidig matproduksjon i Vestland, seier fylkesleiar Anders Felde.

Sveio Bondelag er gode på Open Gard

I presentasjonsrunden av lokallaga er turen komen til Sveio Bondelag sør i fylket.

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere