Nyhende frå Vestland Bondelag

Attval i Radøy Bondelag

Asgeir Nøttveit held fram som leiar i Radøy Bondelag og nesten heile styret tok attval.

Eit Norge i miniatyr

Davik og Ålfoten Bondelag sine medlemer held til i heile Bremanger kommune. Ein kommune med ein geografi og topografi som liknar eit Norge i miniatyr; frå Ålfotbreen i aust til yste Bremanger ut mot storhavet i vest.

Temadag og skattekurs i Sogndal

1.-3.november vart det arrangert temadag og skattekurs på Quality Hotel Sogndal med god deltaking.

200 millionar ekstra til landbruket

I sitt endringsforslag til budsjett for 2022 føreslår regjeringa 200 millionar kroner ekstra i investeringsverkemiddel til landbruket.

Ung bonde tek over leiarvervet i Osterøy Bondelag

Med sine 22 år er Asgeir Presttun (midt i biletet) truleg den yngste leiaren av eit lokallag i Vestland. - Skikkeleg kjekt når unge bønder tek på seg leiaransvaret i lokallaget seier Ole Bjarne Hovland som representerte fylkeslaget i årsmøtet.

Lokallaga i Kvinnherad samla til årsmøte

Alle lokallaga i Kvinnherad var invitert til felles samling i Rosendal. Dei som ville kunne ha årsmøte etter den felles delen av programmet.

Godt frammøte på årsmøtet i Gaular Bondelag

Margun Myrmel Øren held fram som leiar i Gaular Bondelag. Ho er glad for at det møter opp fleire yngre bønder i årsmøtet. Det set vi stor pris på.

Inge Gjerdevik ny leiar i Fusa Bondelag

På årsmøtet i Fusa Bondelag i slutten av oktober gav leiar Lars Inge Vik stafettpinnen vidare til Inge Gjerdevik som ny leiar i lokallaget.

Velkommen til ny-bondesamling

Rekordhøg påmelding til Vestland Bondelag si første ny-bondesamling.

Leif Magne Hovland held fram som leiar i Tysnes Bondelag

- Jammen arbeider vi i eit langstrakt og mangfaldig fylke seier styremedlem Gry Ingvild Agjeld som fekk gleda av å reise heilt sør til Tysnes for å møte tillitsvalde og medlemer i Tysnes Bondelag

Gode diskusjonar

Det var både tydelege tilbakemeldingar med alvorleg innhald og godt humør då organisasjonssjef Lars Peter Taule deltok på årsmøtet i Viksdalen Bondelag sist veke

Klimakurs i Rosendal

Vestland Bondelag vil i samarbeid med Kvinnherad kommune invitere mjølkebønder i Kvinnherad og omland til gratis kurs i klimatilpassing og klimakalkulator. Nytt: Kurset er utsett til etter jul.

Hjort på menyen

Kva kan ein lage av hjortekjøt? Korleis brukar ein det i kvardagsmaten? Mange har hjortekjøt liggande i fryseboksen, men kor flinke er folk til å nytte det? I denne podkastepisoden får me gode og kreative tips til bruk av det fantastiske hjortekjøtet.

Gjertrud Svartveit Osmundsen ny leiar i Sveio

Sveio er det sørlegaste lokallaget i Vestland Bondelag. Årsmøtet var prega av den nært føreståande folkerøystinga der spørsmålet om Sveio kommune skal melde overgang til Rogaland fylke vert teke opp.

Får 754 millionar kroner i kompensasjon

Det er semje om kompensasjon for kraftig auka kostnadar til jordbruket på 754 millionar kroner.

Samarbeidde om årsmøte

Stryn, Oppstryn og Nordsida Bondelag i Stryn kommune hadde sine årsmøte samstundes i Fjellvarden på Nordsida i Stryn. Fellesdelen vart leia av Per Erik Ulvedal, som er leiar i Nordsida Bondelag.

Ynskjer sterkare nasjonalt engsjement på tema landbruksplast

Årsmøtet i Fjærland Bondelag synte sterkt engasjement i mange saker som vedkjem bonden sin praktiske kvardag og økonomi, seier styremedlem Ole Bjarne Hovland som representerte fylkeslaget i møtet sist veka.

Hadde årsmøte på gardsbruk

- Dei siste åra har vi prøvd å kombinere årsmøtet med eit gardsbesøk hos ein av våre medlemer, seier leiar i Jølster Bondelag Geir Støfring. Dette året var møtet hos Ole Johan Nordal og Bente Axelsson i Sandalen.

Årsmøte i Eksingedalen og Vaksdal Bondelag

Heile styret tok attval då Eksingedalen og Vaksdal Bondelag hadde årsmøte.

Fokus på kommuneplan og biogass

- Innspel og oppfølging av den nye arealdelen i kommuneplanen vil vere eit svært viktig arbeid for oss i Breim Bondelag det komande arbeidsåret, sa leiar Arne Frode Øvreseth då laget hadde årsmøte tidleg denne veka.

Skattekurs og temadagar i Vestland

Det vert arrangert temadag og skattekurs i Sogndal 1.-3.november og i Eidfjord 8.-10.november.

Hilde Sværen er ny leiar i Balestrand Bondelag

Fylkeslaget gratulerer Hilde Sværen med vervet som ny leiar i Balestrand Bodnelag. Ho tek over etter Renate Rendedal som held fram i styret.

Rettleiing til deg som skal søke om erstatning etter rovviltskade

Bondelaget sitt håp er at denne rettleiaren skal vere ei praktisk hjelp for dei som har tap av husdyr til rovdyr, og at den vil medverke til å gjere søknadsprosessen litt enklare.

Puslespel i stor geografi

- Det må godt planleggast skal vi klare å få besøkt dei fleste av dei kring 80 lokale Bondelaga i Vestland på deira årsmøte, seier fylkesleiar Anders Felde.

Klart for leiarmøtet

Leiarmøtet i Vestland Bondelag skal vere i Sogndal 17.-19. november. Her kan du sjå programmet.

Regjeringserklæringa skapar framtidstru i landbruket

Regjeringsplattforma som peiker ut den landbrukspolitiske kursen framover har blitt lagt fram av den nye Ap/Sp regjeringa.

- Statsbudsjettet svekkar lønnsemda i norsk matproduksjon

Forslaget til Statsbudsjett for 2022 imponerer ikkje Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag.

Haustrydding

Haustferien har banka på døra i Vestland fylke. Kva med å nytte høve til å ta ein rydderunde?

Webinar med Harris: Jordskifte

Vestland Bondelag har invitert advokatfirmaet Harris til å dele kunnskap med medlemene våre. I dag var temaet Jordskifteretten – til hjelp og avklaringar med naboen. Her kan du sjå opptak frå webinaret.

Stem på Årets Unge Bonde

- Det er kjekt at to unge bønder frå vestland er med i kampen om å verte årets Unge Bonde seier fylkesleiar Anders Felde. Dei to er mjølkeprodusent Hermund Prestegård frå Luster og Klaus Finne frå Voss som produserer økologiske grønsaker og frukt.

Interessert i fornybar energi?

I ei tid med høge straumprisar tenkjer nok stadig fleire på moglegheiter for å produsere eigen straum. På Norges Vel sine sider kan du møte bønder og fagpersonar som deler sine erfaringar som energiprodusentar på ulikt vis

Bli med på ny-bondesamling!

Er du ny som bonde? Vurderar du å verte bonde? Då må du lese meir her.

Da tek si tid

- Det er ikkje berre å knipse fram nye dyrkingsmetodar og sortar over natta. Det krev tolmodig systematisk arbeid over tid, sa tilsette ved NIBIO Ullensvang då mellom andre leiar i Vestland Bondelag Anders Felde var innom dei i september.

Første episode ute

Velkomen til Hjortebrølet. Dette er podkasten for deg som er oppteken av forvaltning av hjort, jakt og foredling. For dei som meiner hjorten er forferdeleg og for dei som meiner hjorten er verdas mest fantastiske vesen.

Kurs i valnemndsarbeid

Velkomen til kurs i valnemndsarbeid på Teams. Heile lokallagsstyret er velkomen til å delta.

Velkomen til Hjortebrølet

Norges Jeger- og Fiskerforbund Sogn og Fjordane, Norsk Hjortesenter og Vestland Bondelag startar podkast, den har fått namnet hjortebrølet.

Lyst til å bli medlem i Bondelaget?

Her finn du informasjon om korleis du kan bli ein del av laget.

Fruktlagera har ei avgjerande rolle

- Utan samarbeidet gjennom fruktlagera våre ville vi stått svakt i møte med marknaden seier leiar i Grøntutvalet i Vestland Kari Sigrun Lysne

Miniseminar om jordskifte

Vi har gleda av å invitere alle medlemmer av Bondelaget til miniseminar fredag 8.oktober klokka 10.00 -11.00.

Krev landbrukspakke i haust

- Det er avgjerande for landbruket at ny regjering kjem med kraftfulle økonomiske grep raskt, slik at vi bidreg til å skape eit framtidshåp for norske bønder seier leiar i Vestland Bondelag, Anders Felde.

Konsumeple og eple i flytande form treng samarbeid

- Utan dyktige epleprodusentar vert det heller ikkje siderproduksjon, la Harald Alvavoll vekt på då medlemer i fylkesstyret vitja Lofthus tidlegare i september saman med 1. vara til styret i Norges Bondelag.

Fagmøte og rådgjeving for saueprodusentar

Gjennom eit heilt år vil NLR Vest arrangere fagmøte og grupperådgjeving med erfaringsutveksling for sauebønder på Vestlandet. Prosjektet er i samarbeid med Vestland Bondelag og NSG.

- Det var ein overraskande god dag på jobben!

Kandal Kjøtt vann prisen for årets lokalmatprodukt på Bergen Matfestival for grillbein av kje.

Jordvernpris til NLR Vest og Alver og Austrheim kommunar

Overskotsmassar frå utbygging kan verte ein verdifull ressurs for landbruket. Prosjektet "Jordmassar frå problem til ressurs" fekk nasjonal jordvernpris for å nytte massar frå udyrka areal til å betre landbruksareal.

Mangesyslar utanfor allfarveg

- Eg trivst med varierte arbeidsoppgåver kvar dag, seier den unge bonden Bjarne Engum som driv gard i Arnafjorden i Vik kommune

- Veldig kjekt

Under Matfestivalen i Bergen fekk Toppe Gartneri den gjeve prisen årets lokalmatprodusent 2021.

Frå brattare enn brattast til nesten flatt

- Da gjer seg ikkje sjølv, det er heilt sikkert seier bonde Jørund Olav Grønsnes i Ullensvang i Hardanger

Samarbeid om ny teknologi

- Ved å samarbeide fleire gardar kan vi ta i bruk ny teknologi og redusere trongen for innleigd arbeidskraft, sa Endre Kleivland då representantar frå fylkeslaget og Norges Bondelag sentralt vitja garden sist veke

Treng regjering med landbruk i ryggrada

- Eg har håp om at matproduksjonen i distrikta og eit samla norsk landbruk skal kome styrka ut av årets Stortingsval seier fylkesleiar Anders Felde i Vestland Bondelag, men då må partia levere både på innhald i regjeringsplattformen og på konkrete tiltak.

Open Gard på Breim

Ta turen på Open Gard laurdag 18.september.

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere