Nyhende frå Vestland Bondelag

Fyll opp gyllevognene med vatn

- Når dei fine dagane kjem på den tida på året at plantane og tre veks raskast, tørkar det svært raskt ut i terrenget seier fylkesleiar Anders Felde Han oppmodar alle bønder, som har gyllevogner, om å fylle dei opp med vatn, slik at dei kan vere ein del av beredskapen.

- Det blir nok ikkje ein middels sesong

Tidleg vår og kulde i mai, kva har det hatt å seie for frukt- og bærprodusentane våra?

- Korona skapar store økonomiske utfordringar for pressa pelsdyrnæring

- Eg får uromeldingar frå pelsdyrnæringa, seier styremedlem Nils Magne Gjengedal.

Bli med på Familiefarmen - hovudpremien er på 10 000 kr

10. klassingane Kristina, Hedda og Simen ved Gloppen ungdomsskule fekk ein ide midt under koronakrisa. Frustrasjonen over å ikkje kunne møtast resulterte i ein landsdekkande konkurranse - Familiefarmen.

- Det ser ganske bra ut

Førsteslåtten er godt i gang i fylket, og NLR melder om gode avlingar så langt.

Sumaren er komen, og graset er grønt

Løvetanna blomstrar og livet er skjønt. Men ingen av bøndene "berre står der og glor", so der stoppar nok likheita imed songen. Sjå kva denne vekas lokallagsleiarar held på med.

Populær ungdomscamp på Mo

Påmeldingslista til ungdomscampen på Mo fylte seg raskt opp. 22.-26. juni er 20 elevar frå 8.- 9. klasse klar for praktisk retta aktivitetar innan landbruket.

Flaskehalsar på kommunale vegar engasjerer

- Vi er glade for at Kystskogbruket set fokus på den utfordringa som dårlege kommunale og fylkeskommunale vegar skapar for ein effektiv transport av både tømmer, kjøt, mjølk, kraftfor og andre innsatsfaktorar, seier fylkesleiar Anders Felde.

Gode søkjartal på ny fagskulelinje på Mo

- Vi er godt fornøgde, seier rektor Reidar Grønli om søkjartala til den nye fagskulelinja om mjølkeproduksjon og robotteknologi som startar opp i august på Mo.

Algeproduksjon på eigen gard

Korleis kan ein kombinere mikroalgar i glasrøyr og mjølkeproduksjon? Det ynskjer gardbrukar Rolf Olav frå frå Hjelledalen å finne ut.

Ein snek av sommarkjensle

Juni - den første somarmånaden er endeleg her. Den starta bra med sol og varme, det betyr at både dyr og menneskjer kan nyte dagane ute.

Regionale miljøtilskot for Vestland 2020

Gjennom regionalt miljøprogram for Vestland kan bønder søke tilskot til mellom anna til hausting av bratt eller veglaust areal, beitebruk, stølsdrift, skjøtsel av biologisk mangfald og kulturminne. Sjå info frå fylkesmannen her.

Forskrift om myrforbod kom denne veka

Forskrifta frå regjeringa om stopp i nydyrking av myr kom tysdag denne veka. Stopp i nydyrking av myr gir lågare dyrkingsreservar for framtidig matproduksjon, seiar leiar i Sogn og Fjordane Bondelag Anders Felde.

Godt å samlast i same rommet att

- Det var kjekt å kunne møtast att etter fleire månader med skypemøte, seier nestleiar Ole Bjarne Hovland i ein kommentar til at fylkesstyret hadde sitt første fysiske møte på 3 månader i Førde i går

Nytt biogassanlegg på Stord

Fredag deltok fylkesleiar Peder Nernæs på avduking av grunnsteinen på det nye biogassanlegget til Sunnhordland Naturgass.

Slapp av om du kan, heng i om du må

Kva skal denne vekas lokallagsleiarar gjere i pinsehelga? Og kva er sjansen for å oppleve havørn og sauer side om side?

- Vi kjem sterkt tilbake i 2021!

Styving - Landbruksmessa i Vestland er som følgje av koronasituasjonen utsett til september 2021.

Kan vi freiste med litt rabarbradessert?

Torsdag og snart langhelg. Då passar det bra med litt heimelaga rabarbradessert med norske råvare.

Reinsdyr i Gjengedalen

Sjå videosnutt frå styremedlem Nils Magne Gjengedal her.

Det grøne gullet i skogen

Den ligg som eit grønt teppe over bakken, og luktar herleg kvitlauk. No er det tid for å hauste ramslauk, nordens kvitlauk.

- Meld frå snarast, og hald trygg avstand!

Kva skal du gjere dersom du ser fiberduk/plast som sit fast i linjenettet?

Sol og varme - Endeleg!

Snø og kulde er forrige vekes gufs. No viser våren si vakre side med sol, grøne bøar og beitande dyr.

Smittevernrettleiar er på plass

Smittevernrettleiaren er på plass for produsenter av frukt, bær, grønnsaker og potet.

Ny rettleiar for avstandsgrenser til vatn

Mattilsynet innfører differensierte avstandsgrenser til vatn ved bruk av plantevernmiddel. Her finn du rettleiarane.

Glimt frå Bonde-TV

I dag er det sau og lam i alle kanalar når Bondelaget arrangerer Bonde-TV. Klikk deg inn å sjå flotte filmar og bilder frå dei fantastiske sauebøndene våre.

Ein annleis Open Gard i år

Grunna koronasituasjonen vert det ein annleis Open Gard i 2020.

Smittevernrettleiar for produsentar av frukt, bær, grønsaker og potet

Bondelaget og dei andre organisasjonane i grøntnæringa har gjort ein stor innsats for å få mjuka opp nokre av dei mest krevjande forslaga.

Våronn, måling, tilbygg og rømmegraut

Korleis er annleis-våren 2020, og blir det rømmegraut på 17.mai?

Bli med på Bonde-TV med sau og lam tysdag 19. mai

Det blir lamming og beiting i alle kanalar den19.mai. Bli med og del dine historier! Les meir om korleis du går fram for å vise fram garden din på facebook og instagram.

Klimagrep kan gje 1300 færre fjøs i Vestland enn forventa i 2030

Dersom regjeringa følger Klimakur 2030 kan det bety ei stor nedbygging av landbruket i Vestland. Det syner ei fersk utgreiing frå AgriAnalyse.

Gode søkartal til agronomutdanninga for vaksne på Mo

Fristen for å søke på agronomutdanninga for vaksne gjekk ut 1.mai, og plassane ligg an til å bli fylt opp.

Utkjøpsordninga må ikkje endre produksjonsfordelinga

- Eg håpar at ein følgjer opp utkjøpsordinga, slik at dei kvoteregionane som ikkje medverkar med sin del i utkjøpsordninga må bidra gjennom at Staten held igjen kvote som skal seljast ut igjen, seier fylkesleiar Anders Felde i ein kommentar til tal frå Landbruksdirektoratet for utkjøpsordninga for mjølk.

Bli med på Bonde-TV

Tysdag 19.mai vert det sau og lam i alle kanalar når Bondelaget arrangerer Bonde-TV.

Det vårast i Sogn og Fjordane

Nokon plassar har våren kome lengre enn andre i Sogn og Fjordane. Her kjem ei statusoppdatering frå tre av lokallagsleiarane våre.

Bilde frå våronna

Nokre av medlemene har sendt oss bilde frå våronna. Send gjerne bilde til hordaland@bondelaget.no eller på messenger (Hordaland Bondelag).

Ryddar innmark og utmark for piggtråd

Bondelaga på Voss har i fleire år deltatt i eit ryddeprosjekt saman med Indre Hordaland Miljøverk (IHM), Mattilsynet og Voss herad.

Korleis påverkar koronakrisa jobben din?

Me tok ein prat med Trine Alme, landbrukssjef i Gloppen kommune.

Ungdomscamp på Mo

Mo og Øyrane vidaregåande skule arrangerer ungdomscamp frå 22. til 26. juni, og det er med stor glede dei inviterer ungdomsskuleelevar frå 8. og 9. klasse til ei kjekk veke på Mo.

Ledige stillingar i NLR Vest SA

Er du på utkikk etter nye utfordringa knytt til landbruk?

- Dette ser me lyst på

Endeleg er Bondens marked på plass igjen.

Felde om jordbruksoppgjeret

Sjå Anders Felde fortelle om avtalen i jordbruksoppgjeret.

Tid for vårbeite

Det vårast ute, og vi har hatt ein prat med ulike lokallag rundt omkring i Sogn og Fjordane for ei lita statusoppdatering. Har dyra kome på beite?

- Jordbruksavtalen skapar tryggleik

Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag er blitt samde med staten om ein jordbruksavtale for 2021.

- Bli medlem i Bondelaget du også

Nils Magne Gjengedal er stolt medlem i Sogn og Fjordane Bondelag, no håpar han at endå fleire blir med på laget.

Innspel til Nasjonal Transportplan

Her kan du sjå utdrag frå innspelet Hordaland Bondelag og Sogn og Fjordane Bondelag har sendt til fylkeskommunen i samband med høyring av Nasjonal Transportplan.

Landbruket er ein del av løysinga

Landbruket er nøkkelen i klimautfordringane, seier nestleiar Knut Byrkjenes Hauso. Han oppmodar politikarane til å lyfta blikket og tenkje langsiktig.

Plast-suksess i Vik

På fredag kunne bøndene i Vik levere landbruksplast på miljøstasjonen i Vik, utan ekstra kostnad.

Jordbruket går til forhandlingar

I dag varsla jordbruket sitt forhandlingsutval at dei vil starte forenkla jordbruksforhandlingar med staten.

- Vi må gå for gull!

Torsdag 23.april vart det arrangert Skype-møte for bærprodusentane i Nordfjord, og fylkesleiar Anders Felde kom med støtte og oppmoding til alle om å gå for ein best mogleg sesong.

Våronnestatus

Våren er i anmarsj, nokon stadar er den komen lengre enn andre. Her er eit lite innblikk i nokon av aktivitetane som skjer rundt i fylket.

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere