Nyhende frå Vestland Bondelag

Vervedag i Sunnfjord

Verveutvalet i Sogn og Fjordane Bondelag inviterte lokallagsleiarane i Naustdal og Førde med på vervedag på Bondelagskontoret.

Langt frå skoddeheimen :)

- Gaular Bondelag er ikkje i nærleiken av å vere så skoddelagde som det kan sjå ut til på biletet ler fotografen Nils Magne Gjengedal. Tvert imot !

- Vi er ikkje årsaka til klimakrisa, vi er ein del av løysinga!

2.nestleiar Frøydis Haugen heldt innleiing på dag 2 på leiarsamlinga.

Presentasjonar frå samlinga til unge bønder på Skei

Her finn du nokre av presentasjonane som vart nytta under samlinga for unge bønder på Skei.

Årdal Bondelag vurderer samanslåing med Lærdal Bondelag

- Vi er ikkje så mange aktive bønder att i Årdal kommune, så ei samanslåing med Lærdal Bondelag kan vere ei bra løysing for oss, seier leiar Ole Bjarne Hovland.

Gode spørsmål frå ein aktiv gjeng

Under spørjetimen på leiarmøte fekk panelet bryne seg på mange, gode spørsmål frå dei frammøtte.

Bonden har ei viktig rolle å spele i beredskapsarbeidet

- Beredskap sett ut i livet handlar om evne til å gjere praktisk arbeid i ein svært pressa situasjon. Difor er kunnskapen til bøndene viktig i beredskapsarbeidet, sa mellom anna varabrannsjef i Jølster Arve Dvergsdal i innleiinga til leiarmøtet.

Importen av landbruksvarer truar norsk matproduksjon

- Importen av jordbruksvarer er etterkvart vorten svært stor og legg eit stort press på korleis vi kan utvikle norsk landbruk både når det gjeld volum og inntening, sa Hildegun Gjengedal i si innleiing til leiarmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag.

Det krevst politisk kløkt og entusiasme

- Skal annleisfylket Sogn og Fjordane, med busetnad i heile fylket, kunne utvikle seg vidare trengst det dyktige politikarar som verkeleg ser verdien det er i å ha folk buande i heile Vestland sa Jens Kihl då han innleia til leiarmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag på Skei i dag.

Kaffiprat i Hyen

Måndag 11.november inviterte Hyen Bondelag til kaffiprat. Tema for kvelden var framtida til norsk mjølkeproduksjon. Møtet samla 32 personar.

Optimisme på Veitastrond

- Jammen var da kjekt å få representere fylkeslaget på årsmøte i Veitastrond Bondelag, seier ein oppglødd nestleiar i fylkesstyret Ole Bjarne Hovland

Jens Kihl kjem til leiarmøtet

Jens Kihl kjem til leiarmøtet på Thon Hotel Jølster torsdag 14.november.

Mentorordninga i landbruket

Vil du som ny bonde eller bonde i ein utviklingsfase ha ein erfaren diskusjonspartnar? Eller er du ein erfaren bonde som kan tenkje deg å dele erfaring med andre?

Njål Golf held fram som leiar for Lærdal Bondelag

7.november hadde Lærdal Bondelag årsmøte.

Generalsekretæren i Bondelaget: - Sterkt å sjå skadane

- Ein forstår kor sterke naturkreftene er, seier generalsekretær Sigrid Hjørnegård etter rundturen hos ekstremvêrråka bønder i Sogn og Fjordane. Ho krev eit enklare system for naturskadeerstatning.

Opptekne av sjølaksefiske

- For oss er det viktig å presisere at mange grunneigarar langs kysten har rettar knytt til sjøfiske av laks. Bondelaget må verte flinkare til å balansere seg når ein uttalar seg om laksen for her har ein også medlemer med rettar i havet, vart det mellom anna sagt i årsmøtet i Flora Bondelag.

Yngve Fardal tek over leiarvervet i Høyanger Bondelag

- Mi rolle som leiar var meint å vere eit kort mellomspel seier avtroppande leiar i Høyanger Bondelag Inge Brekke. Han er svært glad for at Yngve Fardal no tek over som leiar.

Skattekurs på Skei

5. og 6.november var over 80 deltakarar frå samarbeidande rekneskapskontor samla på Thon Hotel Jølster for skattekurs.

Lærerik årsmøterunde

- Det er interessant å få reise rundt på årsmøterunda i fylket seier styremedlem Kari Sigrun Lysne. Ho har mellom anna vitja fleire lokale Bondelag i Nordfjord

Rømmegraut, loddsal og appell for høna

- Eg hadde inga aning om at det kan vere så morosamt på eit årsmøte i eit lokalt Bondelag, seier tilsett i Sogn og Fjordane Bondelag Hanne Lisbeth Nybø etter å ha vore så heldig å få delta på årsmøte i Nordre Gulen Bondelag

Juletreprodusentar på marknadskurs

- Det å verte møtt på ein slik måte som vi vart på kurset hos humørbonden var både spanande og utfordrande seier Nina Sofie Gjelsvik frå Bygstad

Fokuserer på det positive

- Vi meiner det er viktig å få fram alle positive satsingar i bygda vår og difor deler vi årleg ut pris til ein eller fleire optimistar, seier leiar i Eid Bondelag Knut Tore Nes Hjelle

Leiarmøtet

Denne veka er lokallagsleiarar, fylkesstyret og gjester samla i Norheimsund. På programmet står fagleg og sosialt påfyll og planlegging av nye Vestland Bondelag.

Da vert viltseminar i mars 2020

Programmet er ikkje heilt klart endå, men det vil handle om ulike aktuelle problemstillingar innan viltforvaltning.

Bygger fjøs til 20 mjølkekyr

- Utan Luster kommune si ekstra satsing på landbruket, ville nok vi ha tenkt oss om ein gong til seier Arne Rebni Øvreås som saman med familien byggjer ny lausdriftsfjøs til 20 mjølkekyr.

Kurs i bekjemping av smågnagarar

Frå 15. oktober 2018 vart det opna for at personar som eig og/eller leiger landbrukseigedom kan få autorisasjon for å bruke enkelte gnagarmiddel. Sjå kursinformasjon frå Norsk Landbruksrådgiving her.

- Det kan ofte vere billigare å skifte traktor enn å skifte kone

Det var heldigvis ikkje ekteskapsrådgjeving som var tema på temadag for rekneskapsførarar på Thon Hotel Jølster.

Vil halde fram som eige lag

- Eg trur vi klarar å engasjere fleire ved å vere eit lokallag som er nærme bonden, i bygda der han bur seier leiar i Oppstryn Bondelag Mathilde Dolen Nesje

Grunneigarane kan kjenne seg åleine

- Endringa i lov om erstatning etter naturskade gjer at den einskilde grunneigar står med heile ansvaret for å dokumentere skadene på sin eigedom, seier fylkesleiar Anders Felde

Harald Ålen ny leiar i Stongfjorden

- Eg har fleire år bak meg i styret og har erfaring frå leiarvervet før så dette kan sikkert gå bra, seier nyvald leiar i Stongfjorden Bondelag Harald Ålen.

Markens Grøde i Fusa

Fusa Bondelag deltok på Markens grøde i Fjorden senter 19. oktober. Her kan du sjå bilde frå dagen.

Strategisamling for Vestnorsk juletre

Vestnorsk juletre arrangerte kurs der deltakarane lærte å bygge merkevare og auke salet av ekte norsk juletre. Her kan du lese om kurset og sjå bilde frå samlinga.

-No er det nok

Lisensjakta må framskundast seier Ole Bjarne Hovland, nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag.

E39 og naturskade viktige tema i Jølster

- Jordvern må vege svært tungt når trasè for E39 frå Skei til Byrkjelo skal vedtakast, heiter det i fråsegna frå årsmøtet i Jølster Bondelag

Rundballeplast engasjerer i Sogn

- Vi har hatt ei fantastisk god ordning med utplassering av containerar i regi av SIMAS, seier leiar i Hafslo Bondelag Claus Rumohr Moe

- Vi må forstå verdien av skogen vår!

Kan skogen vere ein del av løysinga på utfordringane vi har i forhold til klima og sysselsetjing?

Føreseieleg landbrukspolitikk er avgjerande

- Vi toler ikkje slike dramtiske endringar som låg føre tidlegare i haust når det gjeld veterinærordninga seier leiar i Holmedal og Askvoll Bondelag Jostein Kumle

Nokon må ta ansvar

- Vi treng eit eige Bondelag her i nordvest var den klare meldinga frå årsmøtet i Selje- og Stadlandet Bondelag. Svein Per Ervik tok ansvar og vart vald som ny leiar.

-  Eg har alltid hatt ei interesse for landbruk

Møt Rolf-Daniel Midtun, ein engasjert og drivande dyktig ung bonde frå Eivindvik.

Gardsbesøk hjå Andreas Bolset

Under samlinga for unge bønder på Skei reiste me på kjekt gardsbesøk til Andreas Bolset. Sjå bilder frå turen her.

Aktivt år for Hyen Bondelag

- Vi bestemte oss for å kjøpe blomar til dei som vart ramma av flaum og ras i sommar. Dette var berre ein liten ting, men vi ville vise at vi er her og kan hjelpe, og at vi tenkjer på dykk, sa Torunn når ho presenterte årsmeldinga til Hyen Bondelag

Karin Øverli Grøneng held fram som leiar

- Eg kunne nok tenkt meg noko større engasjement kring lokallagsarbeidet i laget vårt, seier Grøneng som tek til på eitt nytt år som leiar.i Førde Bondelag

- Ein sesong med god kvalitet

Korles har småfesesongen vore for Nortura? Sjå kva styreleiar Trine Hasvang Vaag svarar her.

Stig Asle Midtbø ny leiar i Norddalsfjord Bondelag

- Spørst om eg klarar å vere like tydeleg som forgjengaren min han Jan Arve Midtbø, men eg skal no gjere det på min måte og håpar det vert godt nok seier nyvald leiar i Norddalsfjord Bondelag Stig Asle Midtbø

Samling for unge bønder på Skei

Sjå bilder frå arrangementet her.

Sertifiseringskurs i brannsikring ved varme arbeid -ekstra fokus på landbruk

Sjå kursoversikta til Norsk Landbruksrådgiving her.

Mjølk fekk fokus på årsmøte i Naustdal Bondelag

- Den utfordrande marknadssituasjonen med nedskalering av mjølkeproduksjonen vert ei svært viktig sak å følgje opp frå oss i Naustdal Bondelag, seier lokallagsleiar Arild Herstad

Hugs refleks

Refleks ?? Kva har no det med Bondelaget å gjere tenkjer du gjerne. Refleks vedkjem oss alle difor ei lita påminning til oss alle no når vi merkar at haustmørket kjem.

Grønt lys for vêren Gunnar

44 fine vêrar sprada rundt i bingane då Stavøy Sau og Geit hadde kåringssjå i Litle Høydal i haust.

- Nedskaleringa blir tøff for mjølkebonden

Det er semje mellom Norges Bondelag og regjeringa om korleis mjølkemengda i Norge skal reduserast framover. Sogn og Fjordane Bondelag er nøgde med at staten bidreg økonomisk, sjølv om vi gjerne skulle sett at vi kunne nytte fleire verkemiddel for å nedskalere mjølkeproduksjonen.

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere