Må matjorda ofrast for byutviklinga?
Kjetil Mehl deltok i eit debattmøte arrangert av Hordaland Naturvernforbund i går. Bakgrunnen for møtet var omdisponering av matjord, mellom anna i Ytrebygda i Bergen.
Kjetil Mehl deltok i eit debattmøte arrangert av Hordaland Naturvernforbund i går. Bakgrunnen for møtet var omdisponering av matjord, mellom anna i Ytrebygda i Bergen.
- Årvisse ekstraordinære uttak av jerv i fjella i Indre Sogn må til skal ein sikre beiteprioriteten på Vestlandet, sa Arne Rebni Øvreås i møte med Stortingsrepresentant Tore Storehaug frå Krf
- Det er avgjerande, for at vi skal kunne drive jordbruksarealet i fylket, at det vert lagt til rette for styrka økonomi i å investere på mindre mjølkebruk, lik det som Sigurd Mathias Aasen driv i Dalsdalen i Luster
Tryggare saman er ein kursserie for alle lokallag i Bondelaget. Onsdag 10.januar vart kveld 1 av 4 arrangert i Sogndal.
Søndag 11. februar vert det bokslepp i Aurland, og du er velkomen til å vera med.
- Vi har som frukt- og bærprodusentar eit liv mykje nærmare forbrukaren og marknaden enn husdyrprodusenten, seier leiar i Grøntutvalet på Vestlandet Kari Sigrun Lysne
- For ein smågrisprodusent er det svært viktig kor mange smågris ein klarar å venje av pr. purke. Difor er det stas å få prisen for flest tal avvente smågris pr. purke, seier Frode Fjellestad
- Marknadspotensialet for frukt og bær er framleis stort, og vi treng ei skikkeleg satsing i fylket, seier fylkesleiar Anders Felde. Han er svært glad for at Sparebanken Sogn og Fjordane vert med næringa på satsinga.
Representantar frå 13 lokallag og fylkesleiar Anders Felde var på plass. Sjå bilder frå kurset her.
- Det viktigaste er å gjere grep som kan styrke medlemene sin økonomi på kort og lang sikt sa konsernsjef John Arne Ulvan på AgroNordVest i Loen
Under AgroNordVest i Loen fortalde Ann Kristin Nes om kvifor ho ville satse på ammeku.
- Omsynet til miljø og forretningar må gå saman i utviklinga av Tine framover, sa konserndirektør Hanne Refsholt på AgroNordVest i Loen
- Nyskaping er ein evigvarande prosess som ikkje vert skapt AV menneske, men MELLOM menneske, seier Nortura sin visekonsernsjef Hans Thorn Wittusen
- Forbrukaren vil ha norsk grønt, frukt og bær, styresmaktene vil at vi skal ete meir og produksjonen set lågt klimaavtrykk, så moglegheitene er store sa administrerande direktør i gartnerhallen Elisabeth Morthen på AgroNordVest i Loen.
Tysdag 16. januar arrangerte Sogn og Fjordane Bondelag Tryggare saman i Stryn kommune. 41 personar fekk med seg den første samlinga, der både Stig Morten Tengesdal (Rådgjevar samfunnstryggleik og beredskap hjå Fylkesmannen) og ordførar Sven Flo hadde innleiingar knytta til beredskap.
- Eg hadde ærleg talt forventa meir frå partiet Venstre i landbrukspolitikken enn avvikling og kostnadsauke, seier fylkesleiar Anders Felde. Ambisjonane for norsk landbruk er fråverande!
Torsdag 25.januar vert det arrangert Landbrukskonferanse i Ørsta kulturhus kl 10-16. Arrangør er Ørsta næringskontor, landbrukskontoret Ørsta Volda, Skogeigarlaget og Bondelaga. Leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, er blant innleiarane.
Om du har interesse for viltforvaltning bør du setje av dagane 2. og 3. mars i Førde. Då vert årets viltseminar skipa til på Scandic Sunnfjord Hotel.
I 2017 vart det gitt støtte til bygging av 14 nye kufjøs, 12 nye fjøs for ammeku og 12 nye fjøs til sau. Her er det plass til 570 mjølkekyr, 276 ammekyr og 1800 sauer.
Bondelaget har bestemt at vi skal satse på meir opplæring av tillitsvalde. Vi arrangerer difor organisasjonskurs i staden for regionmøte i år. Det er viktig at så mange som mogeleg frå lokallagsstyret kjem.