Nyhende frå Vestland Bondelag

Listhaug tar fra de små

Landbruksminister Sylvi Listhaug tar fra de små og gir til de store, sier leder i Hordaland Bondelag, Frøydis Haugen. Les artikkelen i Bergens Tidende.

Dårleg grunnlag for auka matproduksjon

Staten har i dag lagt fram eit tilbod i jordbruksforhandlingane med ei ramme på 150 millionar kroner. -Dette legg på ingen måte noko godt grunnlag for auka matproduksjon, seier leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Per Hilleren.

Bondevener bruker lokal mat

Strandebarm-Tørvikbygd Bondelag og Vikøy og Øystese Bondelag har kåra Bondevener som er opptekne av lokalprodusert mat.

Innsamling av landbruksplast er i gong

I samarbeid med lokale Bondelag køyrer i desse dagar firmate Otenden i Stryn kring i heile fylket for å samle inn landbruksplast på avtale hentestadar. -Det er eit viktig samarbeid som sikrar at landbruksplasten hamnar til gjennvinning.

Bøndene inviterte på kortreist lunsj

All maten var basert på norske råvarer då kommunestyret i Kvinnherad fekk gratis lunsj i går. Bondelaga, småbrukarlaget og bygdekvinnelaget i Kvinnherad sto bak lunsjinvitasjonen.

Lønsam og bærekraftig matproduksjon over heile landet

- Det smartaste Norge kan gjere er å legge til rette for at ressursane vert utnytta over heile landet for å få ein maksimal produksjon av mat, seier fylkesleiar Per Hilleren i ein kommentar til at kravet ved årets Jordbruksoppgjer er lagt fram i dag.

Velkomen til HMS-dag på Stadt

Selje- og Stadlandet Bondelag inviterer til HMS dag i Ervika laurdag den 26. april.

Grågjess spiser avlingene

De siste årene har bestanden av grågjess eksplodert. I Øygarden betyr det ødelagte avlinger for bøndene. Les artikkelen i Vestnytt, der blant annet Hans Arne Breivik, leder av Sotra og Øygarden Bondelag, uttaler seg.

Bondevener

Her er ei samling gode Bondevener.

Bondeven: Lokalmat i fokus

Ullensvang Hagebrukslag kåra Bondevenner som er opptekne av norsk og lokal mat

Bondeven: Saueklyppar og lokalmatprodusentar

Lokallaga held fram med å kåre Bondevener. I Fusa vart 5 personar kåra til Bondevener førre fredag.

Manger Bondelag sine Bondevener

Bøndene på Radøy har mange gode støttespelarar, og Manger Bondelag har hedra nokre av dei.

Bondevener på Voss

I går hadde Bondelaget nasjonal kampanjedag, der landbruket sett litt ekstra pris på støttespelarane våre. Dei tre Bondelaga på Voss gjekk saman og kåra Bondevener som gjer ein ekstra innsats for landbruket.

Team Vestra Glaset vann landbruksquiz

Modalen Bondelag arrangerte landbruksquiz på Sjøbua på Eidsland førre veke. Premien var den nye t-skjorta med "Kæ seie bonden".

Klimasmart matproduksjon

Kan vi gje forbrukaren nok smør og mjølk utan å ha palmeolje i fôret? – Svaret er ja, men årsproduksjonen per ku blir mindre, sa Ola Stene frå Felleskjøpet Agri.

Påskestemning med settepoteter og kyllinger

Kyllinger, påskeegg og poteter sto i fokus da Bergen Bondelag og Hordaland Bondelag var med på Påskemoro på Hordamuseet. Hele 774 besøkende tok turen innom for en dag full av kos og kreativitet.

Frukostmøte hos Bondevener

Sogn og Fjordane Bondelag utnemnde i dag alle dei tilsette ved Nortura si avdeling i Førde til Bondevener. -De hjelp oss med å levere kvalitetsprodukt i verdsklasse, sa fylkesleiar Per Hilleren under utdelinga.

Bondevener på Halsnøy

Halsnøy Bondelag kåra Peder Bakar og Dill AS til Bondevener.

Mattryggleik – eit politisk ansvar?

Førre veke inviterte Etne Bondelag til stormøte med tema mattryggleik. Christian Anton Smedshaug frå Agri Analyse og Nils T. Bjørke frå Norges Bondelag hadde innlegg før paneldebatten med politikarar frå Frp, H, Sp og Ap.

Møte: Klimasmart matproduksjon

Er det mogeleg å auke matproduksjonen i Noreg gjennom berekraftig bruk av norske ressursar? Ope møte 9. april kl 20 på Felleskjøpets butikk i Åsane.

Bøndene samlar seg føre jordbruksoppgjeret

-Vi håpar på avtale, men må vera førebudde på brot og aksjonar, sa leiar i Norges Bondelag, Nils T. Bjørke, då han vitja Jordalen førre sundag.

Landbruket er viktig for fleire enn bonden

-Me ber om hjelp frå dykk så me framleis kan produsera det du og alle treng, og som blir viktigare i tida som kjem, skriv Ullensvang Hagebrukslag i eit brev til politikarane i heradet.

Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag klare for nytt arbeidsår

Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag heldt sitt fylkesårsmøte i Sogndal i helga. "Aksjon Sunn matglede" og medlemsverving er blant dei prioriterte arbeidsområda i 2014.

Meir kraftfôr og mindre beite for kyr i Hordaland

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug varslar fleire endringar i norsk mjølkeproduksjon, mellom anna heving av kvotetak på mjølk og endra geografisk inndeling av mjølkekvoter. Konsekvensen for Horalandsbonden kan verte stor.

Intektsnivået må opp

- Det vil vere uråd å auke matproduksjonen utan ei positiv inntektsutvikling for matprodusentar i heile landet, seier fylkesleiar Per Hilleren.

Optimisme i Kvinnherad

Nærare 250 interesserte sauebønder møtte fram for å studere det nye sauehuset til Olav H. Bringedal og Ragnhild T. Bjørke i Uskedalen. Huset er innreia med fôrhekkar for appetittfôring og kraftfôrautomatar. Les artikkelen i Bondevennen.

Vårkampanje

Endeleg er det tid for den årlege kampanjen føre jordbruksforhandlingane, og no skal vi kåre fleire Bondevener. Lokallaga har fått informasjon frå Norges Bondelag og frå fylkeslaget med tips og ideear til markeing av kampanjen.

Aurlandspar frontar norsk matproduksjon

Gøril Tveiten Lie og Einar Lie fra Aurland er to av bøndene som er med på å vise kvifor Norge treng bonden.

Barn og dyr er magisk

Lokallagsleiar Olav Botnevik var ikkje vanskeleg å be då han fekk spørsmål om han ville ha barnehageungar på besøk på garden sin i Bjørkeflaten. Les meir på midtsiden.no

Årets lokallag er Fusa Bondelag

Kvart år kårar Hordaland Bondelag årets lokallag. I år var det Fusa Bondelag som fekk tittelen, diplom og 10 000 kr. Dei går vidare til den nasjonale kåringa i Norges Bondelag.

Jord er viktigare enn nokon gong

Førre veke inviterte Uskedalen Bondelag og Uskedalen Utvikling til møte om jordvern. Svein Guldal frå Norges Bondelag hadde føredrag om jordvern knytt opp til utfordringane klimaendringa gjev i framtida.

Nytt styre i Hordaland Bondelag

Laurdag valte årsmøtet nytt styre i Hordaland Bondelag. Frøydis Haugen takka for tilliten som nyvalt leiar.

Norge treng distriktslandsbruket

Fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag vil peike på kor viktig distriktslandbruket er for den totale matproduksjonen i Norge. Skal ein nå næringskomiteen på Stortinget sitt mål om auka matproduksjon med intensjon om auka sjølvforsyning, trengst det verkemidlar som tek omsyn til at maten vert produsert i eit langstrakt land med store skilnader i klima, topografi og arrondering.

Landkreditt ønskjer velkomen til fagmøte

Landkreditt inviterer til fagmøte i Førde, onsdag 19. mars kl. 11.00 på Rica Sunnfjord Hotel. Jostein Angedal innleier om overdraging av gardsbruk, og om bøndene på Vestlandet sin økonomi.

Årsmøte i Hordaland Bondelag på Voss

Den første dagen av Årsmøtet i Hordaland Bondelag er snart over, og dei 80 utsendingane og gjestene har fått med seg både politisk debatt og innlegg frå Kari Traa.

Matjorda treng vern

Fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag meiner at jordvern må verte eit overordna omsyn når vegar som til dømes E39 og sentrumsutvikling i fylket skal planleggast. Det å prioritera ned jordvernet er å prioritera det kortsiktige. Det er på høg tid at det vert innført eit juridisk og nasjonalt vern for å hindra nedbygging av matjord.

Oddvin Haugland har gått bort

Det er med stor sorg vi fekk meldinga om at tilsett ved Sogn og Fjordane Bondelag sitt kontor, Oddvin Haugland døydde måndag kveld. Oddvin var ein lojal og dyktig medarbeidar med eit langt yrkesliv i Norges Bondelag. Våre tankar går til Herdis og resten av familien.

Oppstart av prosjekt "Framtid i landbruket" i ungdomsskulen på Sande

Første tiltak i prosjekt, "Framtid i landbruket i Sogn og Fjordane" for ungdomsskulen i Sunnfjord, vart gjennomført som klasseinformasjon over ein halv skuledag den 7. mars for 9 klasse ved Sande skule.

Ny giv på Unneland

Den bynære landbruksbygden Unneland står stadig i fare for å bli slukt av byen. Grendalaget har tatt konsekvensen av dette, og har satt i gang flere prosjekt for å forsterke bygdens identitet og hindre omdisponering av dyrket mark.

Kva potensial har landbruket i Hordaland?

-Som administrerande direktør på eigen gard må ein ta omsyn til ressursar, kunnskap og interesser i tillegg til økonomi, sa Frøydis Haugen under eit seminar om landbruket i Hordaland denne veka.

Distriktslandbruket viktig for norsk matproduksjon

Auka norsk matproduksjon krev politikk som sikrar lønsamt landbruk over heile landet, sa Per Hilleren til årsmøtet til Sogn og Fjordane Bondelag.

Møte: Jordvern i sentrum

Uskedalen Bondelag inviterar til møte med tema jordvern tysdag 11. mars. Svein Guldal frå Noregs Bondelag skal halda føredrag.

Voss Bondelag fylte 80 år!

Laurdag 1.mars feira Voss Bondelag 80 år. Både fylkesleiar Frøydis Haugen og leiar i Norges Bondelag, Nils T. Bjørke, var med på festen.

For seint å så når ein er svolten

-Eg kan fort måtta setja krok på fjøsdøra mi dersom landbruksministeren får det som ho vil, skriv leiar i Bergen Bondelag, Bodhild Fjelltveit, i Bergens Tidende.

Nils T. Bjørke kjem til fylkesårsmøtet

- Det er flott at Nils kjem til fylkesårsmøtet og vi håpar å få til ein god landbrukspolitisk debatt der leiaren i Norges Bondelag og landbrukspolitisk talsperson i Venstre, Pål Farstad deltek, seier fylkesleiar Per Hilleren.

Bondelaget set jordvern på dagsorden i Førde

Førde Bondelag, i samarbeid med Sogn og Fjordane Bondelag, skipa til informasjonsmøte og synfaring i høve Førde kommune og Statens vegvesen sine planer for utbygging av handelshus, bustader og ny vegtrasse for E39

Valnemnda ferdig med sitt arbeid

- Vi har konkludert vårt arbeid med å innstille på attval av Per Hilleren som fylkesleiar for eit nytt år, seier leiar i valnemnda i Sogn og Fjordane Bondelag Margun Myrmel Øren

Bondelaget støtter medlemer

Bondelaget arbeider for at bøndene skal få best mogeleg inntekt og gode kår for å drive matproduksjon. Jordvern er eit viktig tema i dette, og fleire medlemer kontakter oss og treng hjelp i arealsaker.

Bergen Bondelag med innspel til kommunen

- Det viktigaste Bergen kommune kan vere med og gi landbruket er forutsigbarheit, sa leiar i Bergen Bondelag, Bodhild Fjelltveit, under "Innspillskonferanse for landbruk i Bergen" denne veka.

Innspill til landbruksplan i Bergen

I forbindelse med ny handlingsplan for landbruket i Bergen, inviterte Næringsbyråd Gunnar Bakke til innspillkonferanse. Landbruks og matminister Sylvi Listhaug åpnet konferansen.

Våre samarbeidspartnere