Nyhende frå Vestland Bondelag

God jul

Styret og tilsette i Sogn og Fjordane Bondelag vil ynskje alle medlemer og samarbeidspartnarar ei riktig god og fredeleg julehøgtid.

Venstre landa på rett side

- Det er flott at partiet Venstre har prioritert å bygge kunnskap i saka kring tollvern for norsk matproduksjon framom å la ideologi styre eit så viktig val for norsk matproduksjon, seier fylkesleiar Per Hilleren

God juleverving

Kanskje medlemsverving ikkje er det du tenkjer mest på i desse hektiske førjulsdagane. Men høvet kan dukke opp...i juleselskap?

Bønder stiller opp for borna

I fjor gjekk det rykte om at trøtraktoren til Modalen Barnehagen var utsliten etter mykje bruk. Modalen Bondelag stilte difor opp med to flunkande nye trøtaktorar i julegåve. I år gjentok lokallaget suksessen.

Julegraut i Uskedalen

Uskedalen Bondelag inviterte medlemene til ein sosial kveld med julegraut og utnemning av Bondevenn.

Takkekveld for gode hjelparar

Bulken og Evanger Bondelag, med leiar Bjørne Røthe i spissen, inviterte til takkekveld for alle som hjelpte til under fjøsbrannen på Voss.

Skogdag på Stord

Stord Bondelag og Huglo Bondelag var også i år med og arrangerte den populære Skogdagen. -Det var ein kjekk dag, med masse folk i gata, sa Torunn Eikeland frå styret i Stord Bondelag.

Opne folkemøte om tiltaksanalyse i vassområde Nordfjord

Vassområde Nordfjord arrangerer folkemøte på tre stader i veke 50 ; Nordfjordeid, Skei og Selje.

Reinare vatn

I Sogn og Fjordane har vi mykje vatn, og det meste av vatnet held ein god kvalitet. Men kva kan gjerast i dei områda der ein har utfordringar med høge næringstilførslar frå landbruk og separate avløpsanlegg?

Fylkesleiar Terje Larssen har gått bort

Vi mottok med sorg meldinga om at fylkesleiar i Hordaland Bondelag, Terje Larssen, døde natt til 2. desember 2013. Terje var ein dyktig fruktbonde og høgt respektert tillitsvalt. Våre varme tankar går til Inger og resten av familien.

Ostetollen sikrar langsiktige rammevilkår

- Eg håpar verkeleg at Venstre har sett kor viktig det er å oppretthalde prosenttollen i tråd med gjeldande tollregime, seier ein spent fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag i ein kommentar til at Stortingsgruppa i Venstre i ettermiddag held fram drøftingane kring tollvernet.

Den nye storbonden på Vestlandet

- Utfordringane for vidare vekst ligg ikkje i fjøset. Eg kan få så mange melkekvoter eg vil, seier Leif Arne Lirhus, styremedlem i Hordaland Bondelag. Det er tilgang på jord som stoppar vidare ekspansjon.

Informasjonsmøte om pelsdyrnæringa

Torsdag den 5. desember klokka 19:00 inviterer Norges Pelsdyralslag til informasjonsmøte om pelsdyrnæringa på Mo og Jølster Vidaregåande skule på Mo.

Regjeringa syner sitt sanne ansikt

- Det er skuffande å sjå korleis den nye regjeringa skaltar og valtar med landbruket, seier fylkesleiar Per Hilleren i ein kommentar til regjeringa sine utspel mot ulike verkemiddel for norsk matproduksjon.

Gratulerer til ferske lokallagsleiarar

- Årsmøterunden nærmar seg slutten og fleire lag har fått nye leiarar, mellom anna Davik og Ålfoten Bondelag der Stein Kåre Karstensen tek over leiarvervet etter Rune Indrehus.

Statsbudsjett med skatteauke

- Vi har høyrt i heile valkampen kor bra det skal bli med skattelette, og så leverer den nye regjeringa bønder som står klar til å ta over gardsbruk ei skatteskjerping i sitt første budsjett, seier Hilleren

Konservativ debatt om landbrukspolitikk

La endringane i landbruskpolitikken vere kunnskapsbasert var Frøydis Haugen sin klare bodskap i den landbrukspolitiske debatten på Kvarteret i Bergen.

Jordvern er næringsutvikling

Det er god næringsutvikling i å ta vare på landbruket sine produksjonsareal, meiner Oddgeir Aardal hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Populært kurs for ungdommen

Eigarskiftekurs med Jan Bangen er alltid populært. Heile 49 deltakarar møtte opp i år, og fekk tips og nyttig informasjon om endringa dei står ovanfor.

Fylkeskontoret flyttar

- Etter 33 år på same stad flyttar kontoret til Sogn og Fjordane Bondelag inn i ein del av det som inntil i haust var staden der Førde kommune sine tilsette heldt hus.

"Klimaskog": framtidig tiltak i skogforvaltninga

Sogn og Fjordane Bondelag har gjennom fylkesmannen si Landbruksavdeling hatt på høyring sak om planting av skog for binding av klimagassen Co2. Bondelag stør forslaget om ein del føresetnader kjem på plass.

Æresmedlem Anno har gått bort

Det var med stor sorg styret, tilsette og lokallagsleiarar på leiarmøte tok i mot nyheita om at æresmedlem Anno hadde gått bort. Ho vart heidra med eitt minutts stillhet i møtet.

Korleis motivere for lokallagsleiarrolla?

Styreleiar Frøydis Haugen gir gode råd om korleis ho motiverar seg sjølv og styret til å gjere ein god jobb for medlemene.

Kommunikasjon for landbruket

Den nye regjeringa var sjølvsagt eit tema då Hordaland Bondelag og Sogn og Fjordane Bondelag møttest til leiarmøte i Hardanger.

Møtest i Hardanger

- Eg ser fram til å gjennomføre leiarmøtet saman med Hordaland Bondelag seier fylkesleiar Per Hilleren. Det er ikkje til å legge skjul på at den nasjonale politiske situasjonen vil få stor merksemd i møtet.

Per Inge Midtbø held fram som leiar i Norddalsfjord Bondelag

- Medlemene i Norddalsfjord Bondelag er ikkje mange, men dei er svært aktive og engasjerte, seier Nils Magne Gjengedal som representerte fylkeslaget på årsmøtet deira.

Kven vert kåra til fylket sitt mest iderike bygdesamfunn

Prisen for idérike bygdesamfunn vert gjeven til bygdesamfunn som gjennom idérikdom, samarbeid og målretta arbeid har utvikla eit godt bumiljø med trivsel for folk i alle aldrar og/eller spennande og attraktive tilbod innbyggjarane og tilreisande i bygdesamfunnet.

Kulturlandskapspris til Kvemmadokkje

Johan Børsheim og Toril Lunde Børsheim fekk Kulturlandskapsprisen for arbeidet med å gjere om ein husmannsplass til ny næring knytt til reiseliv, selskap, servering og kulturformidling.

Finalistar til Årets unge Bonde

Blant 200 framlegg har juryen plukka ut 20 finalistar til "Årets Unge Bonde". Ole-Ivar Åm Sognnes frå Hyllestad og Silja Juklestad frå Jølster er to av dei.

Usikre på ny regjering

Under årsmøtet i Uskedalen diskuterte bøndene både den nye regjeringa, den seine våren og sentrumsplanen. Det vart noko utskifting i styret, men Olav Hjetland Bringedal held fram som leiar.

Forventar at Ministeren søkjer kunnskap

- Eg stiller meg undrande til Erna Solberg sitt val av landbruksminister, men når Listhaug har fått jobben må vi kunne forvente at noko av det første ho gjer, er å skaffe seg kunnskap om landbruket i Norge ved å reise ut og møte matprodusentane der maten vert produsert, seier fylkesleiar Per Hilleren.

Spent på kva som ventar

- Personen som vert utnemnd til statsråd i Landbruksdepartementet har eit stort ansvar for utviklinga i landbruket på sine skuldre, seier fylkesleiar Per Hilleren

Erstatningar ved avlingssvikt i 2013

Ein kald vinter med tele og isbrann gjorde at mange fekk reduserte avlingar i 2013. Produsentar av grovfôr og bær og med store tap kan søkje erstatning innan 31. oktober.

Framtidstankar om mjølk og foredling

Har mjølka vår potensiale til å verte delikatessar som marknaden etterspør? Bli med på eit spennande seminar i Gloppen 23. oktober.

Regjeringserklæring utan ambisjonar for matproduksjon i distrikta

- Dette er eit skuffande dokument utan ambisjonar for matproduksjon i heile landet, seier fylkesleiar Per Hilleren i ein kommentar til innhaldet i regjeringserklæringa frå dei mørkeblå.

Open Gard søndag på Støfring

Som ein del av Matamål-festivalen inviterte Panorama Samdrift og Sparebanken Sogn og Fjordane til Open Gard på Støfring i Jølster.

Smakfull helg i Sogn

Haustmarknaden i Lærdal samarbeider i år med festivalen "Smak av Sogn".

Velkomen til Matamål

Det er tid for Matamål! Matfestivalen med program og opplevingar for nokon og ein kvar.

Fjellmøy kåra til Miss Sogn og Fjordane

- Det er stor stas å kunne vere eigarar til årets Miss Sogn og Fjordane seier Marit Flatjord som er ein av bøndene i Stardalen Samdrift som er eigarane til Fjellmøy.

Åpen Gård i Bergen

1200 gjester var innom Åpen Gård på Stend vgs lørdag. Bergen Bondelag samarbeidet med elevene på skolen, og resultater var et flott arrangement med noe for enhver smak.

Traktor og quiz på Matfestivalen

Til tross for litt dårleg ver, var det mange som tok turen innom Bergen Matfestival i helga. Hordaland Bondelag stilte med traktor og stand i år også.

Os Bondelag markerte matvalet i dag

- Bøndene i Os kommune har levd under eit blå-blått styre i 12 år, og vi vil gjerne dele våre erfaringer! Det var bodskapen då Os Bondelag markerte matvalet for pressa og andre frammøtte i dag.

Open Gard i Hordaland

Fem Open Gard arrangement gikk av stabelen i strålande ver i Hordaland denne helga. Laurdag var Os Bondelag med på Bondens Dag i Os sentrum, og Sundag var det Open Gard i Fusa og Sveio og på Stord og Radøy.

Rødt, grønt eller blått - ett fett?

Landbruk og matproduksjon er faktisk det området der de politiske forskjellene kommer klarest til uttrykk, skrev fylkesleder Frøydis Haugen i eit innlegg i Strilen i går.

Toppolitikarar på gardsbesøk

Det var ei engasjert gruppe folkevalte som besøkte to gardsbruk i Nordhordland i går. Politikarane frå Stortinget, regjeringsapparatet og ungdomspartia stilte opp då Hordaland Bondelag inviterte til tematur om matproduksjon og landbruk.

Meld frå om vinterskade på enga

For å kunne søkje tilskot til reperasjon etter vinterskade på eng, må kommunen få melding i god tid før skaden vert utbetra. Skaden skal utbetrast før 15. juni og søknadsfrist for tilskot er 15. juli.

Vil ut og sanke medlemer

Verveutvalet i Sogn og Fjordane Bondelag har starta planlegginga av hausten sine verveaktivitetar. Det er fleire vegar mot målet om nye medspelarar , men eit prioritert tiltak vert å besøke potensielle medlemer heime på garden.

Meld inn trong for såfrø

- Det er viktig at alle som har fått skade på enga og treng såfrø melder frå om dette ved første høve slik at vi kan få ei oversikt over det totale omfanget, seier Dag Arne Helle i Felleskjøpet.

Ikkje høgare enn det må vere

- Sett frå grasrota er ikkje dette oppgjeret høgare enn det må vere, men eit steg i rett lei seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Per Hilleren, som saknar ei satsing på distrikta i avtala. Arbeidsgrupper kan vere bra, men berre dersom dei endar ut med konkret vilje til å setje inn kroner og verkemiddel.

Dei raudgrøne partia i fylket krev meir budsjettmidlar til jordbruket

- Vi ber særskilt om at det vert stilt meir friske budsjettmidlar til disposisjon i forhandlingane. Det er også viktig at ein særkilt investeringspakke vert stilt til disposisjon for næringa, heiter det i eit brev frå dei raudgrøne partia i Sogn og Fjordane til Statsministeren

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere