Nyhende frå Vestland Bondelag

Bruk ekstra midlar til opprydding etter Dagmar

- Årets SMIL pott, må setjast av til oppryddingsarbeid etter orkanen i julehelga, skriv Eid Bondelag i eit brev til kommunen. Grunneigarane rundt i kommunen har eit stort oppryddingsarbeid føre seg med å rydde opp i skogteigar og setje opp øydelagde gjerder. Dette er eit svært farleg og tidkrevjande arbeid,men likevel eit arbeid som må gjerast og mange plasser vere ferdig til beiteslepp i Juni, heiter det i brevet.

Frisk opp kunnskapen om Miljøplan

I februar tilbyr Norsk Landbruksrådgjeving oppfriskingskurs i Miljøplanarbeid. alle kursa går på kveldstid. Meininga er at deltakarane skal gå heim frå kurset med ein ajourført Miljøplan, seier ansvarleg i Norsk Landbruksrådgjeving Astrid Sandvik.

Gaupejakta starta 1. februar

Rovviltnemnda i Region 1 har opna for kvotefri gaupejakt i heile Sogn og Fjordane i 2012. Jakttida er 1. februar til 31. mars. For å jakte gaupe må ein ha løyve av grunneigar.

Eidabønder vert invitert med inn i framtida

- Det er viktig å fokusere på framtida for yrket vårt og på dei moglegheitene som ligg der seier leiar i Eid Bondelag Knut Tore Nes Hjelle. Onsdag den 8. februar klokka 20:00 inviterer Eid Bondelag i samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane til debattmøte om framtidsbonden i Eid.

Korleis kunne auke norsk matproduksjon årleg med 1% ?

- Noreg har no den den største relative befolkningsveksten i Europa. Vi må såleis auke matproduksjonen for å halde på sjølvforsyningsgraden vår. Matproduksjonen må på verdsbasis aukast med 70% innan 2050 for då å kunne fø 9 milliardar menneske, sa Stortingsrepresentant Erling Sande på møte i Gloppen.

Viktige oppgåver ventar i vassområda

Karakteriseringa av vatnet i vassregion Sogn og Fjordane skal snart vere ferdig. I vår startar arbeidet med å finne dei vesentlege utfordringane i kvart av dei fire vassområda i fylket.

Flora-politikarar vil bygge kunnskap om landbruket

-I kveld er eg her først og fremst for å lytte, sa ordførar Bengt Solheim Olsen (H) då han møtte bønder i Flora på Bondekafé i Eikefjord. Varaordførar Jan-Henrik Nygård (V) var også tydeleg på at han ønskjer meir kjennskap til landbruksnæringa i kommunen.

Industribær må styrkast

- Industrien etterspør norske bær til sitt syltety, utan at vi greier å levre dette i tilstrekkeleg grad seier leiar i Grøntutvalet for Vestlandet Brit Brækhus. Ved årets jordbruksforhandlingar må det stimulerast til ein betre økonomi i produksjonen av industribær held ho fram.

Miljøfond for stønad til fiske og andre tiltak for rømt oppdrettsfisk

Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening, har etablert eit fond for stønad til fanging av rømt oppdrettsfisk i vassdrag. Fondet er etablert for å stimulere til ei meir kunnskapsbasert og miljømessig bærekraftig oppdretttsnæring. Noko av formålet med fondet er å styrkje grunnlaget for villaksen i vassdrag, der til dømes fiskerettshavarar kan søkje fondet om stønad til oppfisking av rømt oppdrettsfisk og andre tiltak knytt til dette for å styrkje villaksen sitt livsgrunnlag.

Inviterer til Bondekafé i Eikefjord

Fellesstyret for Bondelaga i Flora inviterer til Bondekafé på Allhuset i Eikefjorden onsdag 25. januar kl. 19.30.

Utfordrar Lødemel og Sande

- Vi ynskjer å kome eit steg vidare frå fagre ord til konkrete handlingar når det gjeld Meldinga til Stortinget om landbruks- og matpolitikken seier Anders Felde i fellesstyret for Bondelaga i Gloppen. Difor har vi invitert Stortingsrepresentantane Erling Sane og Bjørn Lødemel til møte i Trivselshagen torsdag kveld. Møtet er ope for alle.

Stormfull vindkraftdebatt i Gulen

Temperaturen var høg då NVE stod som vertskap for høyringsmøte om vindkraftutbygging på Eivindvik Hotell tidlegare i veka. Vindmøllemotstandarane hadde mobilisert, og lokalet vart altfor trangt for dei ca. 130 frammøtte. Tidlegare bondelagsleiar Bjarte Nordanger var ein av dei få i debatten som talte for vindkraftutbygging. - Dette gir arbeidsplassar og verdiskaping, peika han på. Fleirtalet av dei som spurte og kommenterte, var derimot svært kritiske til planane.

Drøftar Dagmar

- Det er viktig at ulike partar som vart råka i samband med stormen Dagmar kan møtast og drøfte erfaringar og naudsynte tiltak som kan gje oss ein betre beredskap ved neste høve, seier leiar i Breim Bondelag Anders Felde. Saman med dei andre lokallaga i Gloppen inviterer han alle bønder til møte på kantina til Sogn og Fjordane Energi i morgon

Krev ekstraordinært uttak av jerv

- Det er eit aukander skadebiolete grunna jerv i grenseområda til Oppland. Vi ber difor Direktoretat for Naturforvaltning om å setje i verk ekstraordinært uttak av jerv i grenseområda mellom Oppland og Sogn og Fjordane, seier fylkesleiar Per Hilleren.

Frå småbruk til finanstoppane sin møteplass

Medlemer i Bondelaget er hjarteleg velkomne til Landkredit sitt medlemsmøte i Sogn og Fjordane. Møtet vert skipa til på Skei og det faglege innlegget er det i år Jomar Haukås frå Kaupanger som skal ha. Han er kjend for å ha utvikla ein møtestad der nokon av dei mest kapitalsterke i verda også har funne vegen.

Prosjekt Framtid i landbruket: vidareføring i ungdomsskule i Stryn

Etter eit møte på Stryn ungdomsskule, mellom fylkeslaget, rådgjevar/rektor ved ungdomsskulen i Stryn og Olden og leiarar i lokale bondelag i Stryn og Olden, var det semje om å vidareføre og integrere prosjekt "Framtid i landbruket" for skuleåret 2012-13 på Stryn og Olden ungdomsskule.

Trekk i produksjonstilskot utsett

Det har tidlegare vorte varsla om trekk i produksjonstilskotet ved avvik mellom tal dyr i husdyrregisteret og i søknad om produksjonstilskot. Trekket vil ikkje verte gjennomført ved utbetalinga av tilskotet etter søknadsomgongen i august 2011, men vert gjeldande i komande søknadsrundar.

Betre jakt

Human og sikker jakt, samt ettersøk, er tema på kveldsseminar som Norges Jeger- og Fiskerforbund, saman med fylkeskommunen og kommunane skipar til på fleire stader i fylket.

Landbruksmeldinga ute på høyring

Stortinget sin næringskomité starta i dag sitt arbeid med å handsame landbruksmeldinga. Fylkesleiar Per Hilleren oppmodar lokallaga i Sogn og Fjordane om å kome med sine innspel.

Benytt deg av stormfellingskursa

Når stormskadd skog skal takast ut, kan det ofte skje svært alvorlege ulukker, i verste fall med dødeleg utgang. Vindfallhogst er eit svært farleg og krevjande arbeid, og bør berre utførast av folk med erfaring og spesiell opplæring i slikt arbeid, seier fylkesleiar i Bondelaget Per Hilleren

Tankar ved starten av eit nytt år

- Medan utgangen av 2010 og starten på 2011 var prega av snø og kulde er det vind og vatn som har skapt utfordringar og ekstraarbeid denne jula, seier fylkesleiar Per Hilleren. Omlag ei veke etter uveret er det framleis bygder som ikkje har fått att straumen og mykje oppryddingarbeid ventar. Det er mange hendingar i 2011 som syner kor sårbare samfunnet vårt kan vere. No ventar eitt nytt år, og det er nok mange av oss som ynskjer at 2012 på mange måtar skal bli eit betre år enn 2011, held fylkesleiaren fram

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere