Nyhende frå Vestland Bondelag

Gardsarbeid lærerikt og inspirerande for skuleelevar i Gloppen

Ei elevgruppe ved Gloppen ungdomsskule, har med suksess, teke del i arbeidet på garden til bonde Egil Fjellestad, Sandane, der han tilrettelegg arbeidsoppgåver og rettleiar elevane i ulike fasar av jordbruksprodusjonen på garden hans.

Gjev rom for å finne praktisk gjennomførbare løysingar

- Flest mogleg dyr skal ut på beite, men ein landbrukspolitikk som styrer mot stadig større einingar i kombinasjon med den teknologiske utviklinga gjer dette til ei utfordring for dyr som er i produksjon i sommarhalvåret. - Det er bra at Landbruks- og Matdepartementet opnar opp for å kome fram til gode løysingar som vil vere praktisk gjennomførbare for å kunne tilfredsstille mosjonskravet for storfe, seier fylkesleiar Per Hilleren.

Valnemnda ynskjer innspel på kandidatar

- Vi er komne godt i gong med arbeidet, men vi etterlyser innspel på dyktige kandidatar til styreverv i Sogn og Fjordane Bondelag seier leiar i valnemnda Anne Moen.

Andre faktorar enn jakt er hovudårsak til redusert rypebestand

Denne påstanden underbygde dr. philos Hans Christian Pedersen, med faglege vurderingar og statestikk med grunnlag i forskningsresultat under årets Viltseminar i fylket.

Nordfjord Vassområde inviterer til referansegruppe

Nordfjord vassområde har sendt ut invitasjon til ei rekkje lag, organisasjonar og verksemder om å ta del i ei lokal referansegruppe. -Vi reknar med eit stort engasjement frå lag og organisasjonar som ønskjer å i vareta sine interesser i bruken av vassressursane, seier prosjektleiar i Nordfjord Vassområde, Staffan Hjohlmann.

Stadfestar for dårleg inntektsutvikling

- Tala frå Norsk Institutt for Landbruksøkonomisk forsking stadfestar det vi har sagt over tid at kostnadsveksten i altfor stor grad et opp den potensielle inntektsveksten, seier fylkesleiar Per Hilleren i ein kommentar til driftsgranskingane for 2011 som vart kunngjorte i dag.

Stort omfang av ettersøk av hjort

Om lag 1600 ettersøk av hjort vart gjennomført i vårt fylke siste to åra, der ca 100 dyr vart registrert skadeskotne per år og der 8-9% av skot på hjort er bomskot. Dette var noko av det statistiske materialet som fylkesinstruktør for ettersøkslag av hjort i fylket, Rudi Sønnervik, presenterte som grunnlag for tema om ettersøk av hjort på årets Viltseminar i fylket.

Fellingslag for store rovdyr som "brannberedskap" i kommunen

Sjølv om det i Sogn og Fjordane ikkje er like stort grunnlag for fellingslag for rovvilt som i bjørn- og ulveområda, må ein sjå på fellingslag i vårt fylke som brannberedsskap, der dette kan setjast inn når det trengst. Dette uttalte Arve Aarhus prosjektmedarbeidar i Sogn og Fjordane Skogeigarlag, på det nyleg avhelde Vitseminar i fylket.

Du kan framleis "Tørre og spørre"

Bondelaget sin vervekampanje "Tørre og spørre" har resultert i mange nye medlemar. - Vi har mål om endå fleire, og håpar på ein god innspurt i kampanjen, seier Anita Sæther ved kontoret til Sogn og Fjordane Bondelag.

Trygging av arbeidsmiljøet på garden i fokus på Sande

HMS-kampanjen i fylket, "Trygghet og helse i landbruket", vart vidareført med markdag på Sande, der Gaular Bondelag var arrangør i samarbeid med Landbrukets HMS- teneste.

Rovviltdata - viktig grunnlag i rovdyrforvaltninga

Registring av spor, ekskriment og andre teikn kring adferd til rovdyra, er ein førsetnad i rovdyrforvaltninga. Her kan alle bidra med innsamling av datagrunnlag, både organisasjonar, institusjonar og privatpersonar som går på tur eller jaktar. Dette var eit sentralt bodskap frå foredragshaldar Morten Kjørstad, Rovdata, på nyleg avhelde Viltkonferanse i fylket.

Ny samvirkelov: Frå BA til SA

Føretak som er registrert som BA i Brønnøysundregistera, må melde endring i organisasjonsform innan nyttår.

Næringsmoglegheiter i småkraft og vindkraft

Næringsmoglegheiter for bønder innan småkraft og vindkraft var tema på AgroNordvest-samlinga i Loen tidlegare i månaden. I ein av fleire parallelle føredragsseriar vart det fokusert på "Landbruket som energiprodusent". Her gav prosjektleiar Terje Engvik frå Norges Bondelag ei oppdatering frå småkraft- og vindkraftmiljøa og orienterte om arbeidet i Prosjekt fornybar elproduksjon i landbruket i Bondelaget. - Den nye elsertifikatordninga påverkar småkraft- og vindkraftarbeidet sterkt, peika prosjektleiaren på.

Rovdyrforliket - gjev framleis utfordringar for beitenæringa

Det einstemmige rovdyrforliket i Stortinget frå 2011, skapar framleis utfordring for beitande sau til fjells. Forliket gjev klare føringar for vern av dei 4 store rovdyra og kongeørn, med konkrete bestandsmål knytt til biomangfoldlova og Bernkonvensjonen. Samtidig gjev forliket føringar for småfehaldet i utmark.

Fjaler Bondelag og Hyllestad Bondelag vil fusjonere

- I ein kommune som Hyllestad merkar vi godt at vi vert færre aktive bønder, og med det får vi eit stadig mindre fagleg miljø, seier leiar i Hyllestad Bondelag Ole Ivar Åm Sognnes i ein kommentar til at Hyllestad Bondelag ynskjer å slå seg saman med Fjaler Bondelag

Bondelaget skrønar ikkje

- Lødemel hevdar me er eit talerør for Senterpartiet og den raudgrøne Regjeringa. Me er partipolitisk nøytrale, men me er ikkje landbrukspolitisk nøytrale, skriv Per Hilleren i eit svar til Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel sitt lesarinnlegg i ulike lokalaviser sist veke.

Godt gjennomført årsmøte i Davik/Ålfoten Bondelag

Arbeidet med jordbruksavtalen og regelverket for kommunale SMIL- midlar var sentrale sakar då lokallagsleiar Rune Indrehus presenterte årsmeldinga for lokallaget, som omhandla den første heile årmeldingsperioden for eit kommunedekkande bondelag for Bremanger kommune.

Er du bonde i oppstartsfasen?

- Du blir ikkje bonde på to dagar, men du lærer mykje på ei samling med yrkessøstre og yrkesbrør, seier organisasjonssjef Merete Støfring i Sogn og Fjordane Bondelag.

Motiverer for eit tryggare liv på garden

- Det er eit viktig tema som verte sett på dagsorden i Gaular, seier lokallagsleiar Arne Mo i Gaular Bondelag som ønskjer bønder velkomne til markdag hos bonde John Søgnen den 26. november. På markdagen vert det sett fokus på eit tryggare arbeidsmiljø på garden.

Legg grunnlaget for 2013

- Avlsarbeid er langsiktig og svært viktig arbeid, og i desse dagar er det hektisk aktivitet i sauefjøsa for å sikre grunnlaget for neste års pinnekjøt og lammekotelettar, seier styremedlem Nils Magne Gjengedal.

Gjer som pappa - Bygg ny fjøs!

- Det var kjekt å få delta på årsmøtet i Eid Bondelag, seier styremedlem i fylkeslaget Lidvin Hage. Dette lokallaget held fram sitt gode arbeid og greier å fokusere på det positive som skjer i bygdene i form av fornying av driftsapparatet og unge som torer å satse.

Livsviktige tema i Aurland

Landbrukets HMS-teneste markerer kampanjen "Tryggleik og helse i landbruket" på Sogn Jord og Hagebruksskule i Aurland, onsdag 21. november frå kl. 13.00-15.00.

Satsar på sau i Indre Sogn

- Det er ei flott og positiv satsing som ser dagens lys i Lærdal, Aurland og Årdal seier fylkesleiar Per Hilleren i ein kommentar til sauenæringa si satsing i desse tre kommunane.

Årets rekneskapsførarkurs i fylket er gjennomført

Rekneskapsførarkurset 2012, for rekneskapskontor som har seviceavtale med Norges Bondelag og temakursa til Økonomforbundet og Norges Bondelag, vart dette året skipa til på Hotel Alexandra, Loen, 12-14 november.

Har eit ynskje om å auke deltakinga

- Vi har eit ynskje og eit mål om å auke både aktiviteten og deltakinga på fylket sine arrangement, sa leiar i Holmedal og Askvoll Bondelag på årsmøtet i lokallaget.

Kva meiner du?

Landbruket har som viktigaste samfunnsoppdrag å auke matproduksjonen basert på norske ressursar. Norges Bondelag skal denne vinteren meisle ut dei landbrukspolitiske måla vi skal arbeide med dei komande 4 åra og inviterer deg til å kome med innspel på kva som skal prioriterast.

Brei spennvidde på AgroNordVest

Det var eit breidt spekter av innleiingar som vart haldne under AgroNordVest i Loen. Frå juridiske spørsmål ved eigarskifte til støvproblematikk knytt til arbeid i husdyrrommet. No er dei fleste innleiingane tilgjengelege for deg.

Betre grovfor krev meir arbeid

- Skal vi lukkast med å betre kvaliteten på grovforet vesentleg treng vi felire hender i arbeid, sa Dag Arne Eide frå Norsk Landbruksrådgjeving på årsmøtet i Breim Bondelag

Jo Helge Sunde tildelt Genoentusiastprisen for 2012

- Det er vel ikkje det at eg kan so mykje meir om avl enn andre som gjer at eg har fått denne prisen, sa Jo helge Sunde i ein kommentar til at han laurdag fekk utdelt Genoentusiastprisen for 2012

Bjørn Rørtveit attvald som leiar i Stryn Bondelag

- Det er kjekt å høyre at medlemene skryt av jobben leiaren i lokallaget har gjort. Det er viktig at lokallagsleiarane våre får oppmuntring og ros for den jobben dei gjer, seier fylkesleiar Per Hilleren som representerte fylkeslaget i årsmøtet til Stryn Bondelag

Rikard og Olaug er årets matprodusentar

- Må seie at eg er storleg imponert over det desse gardbrukarane har fått til, sa juryleiar Reiel Felde under prisutdelinga på Hotel Alexandra i kveld. Rikard Lysne og Olaug Skjerdal frå Lærdal fortener verkeleg denne prisen.

AgroNordVest startar i Loen

- Eg ser verkeleg fram til to gode dagar samna med yrkesbrør som vil noko med landbruket i fylket, seier fylkesleiar Per Hilleren i ein kommentar til at han i dag finn vegen til Loen for deltaking på AgroNordVest.

Høgtid når Nordre Gulen Bondelag skipar til årsmøte

- Det må vel seiast at årsmøtet i Nordre Gulen Bondelag er mellom dei meir tradisjonsrike og særmerkte i fylket, seier Bjarte Myren som fekk gleda av å representere fylkeslaget i møtet. På menyen står både rømmegraut og utlodding, noko som ikkje nett er vanleg årsmøtekost.

Pensjonere meg - eg?

- Dette var faktisk eit svært så interessant tema, seier leiar i Balestrand Bondelag Renate Rendedal i ein kommentar til at dei tok opp sparing og pensjon som tema på årsmøtet i Balestrand Bondelag.

Attval av styret i Høyanger Bondelag

Styret i Høyanger Bondelag tok attval på årsmøtet. -Flott gjort, vi treng folk som engasjerer seg og tek på seg verv, seier styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag, Nils Magne Gjengedal.

Skremmande å sjå korleis Høgre og Frp finn kvarandre i landbrukspolitikken

- Eg vert skremd når eg ser korleis Høgre og Frp finn kvarandre i landbrukspolitikken i dagens utgåve av Aftenposten, seier fylkesleiar Per Hilleren. Eg undrast samstundes på om Høgrepolitikarar er klar over kva som kan bli konsekvensen for eit distriktsfylke som vårt med dei radikale endringane som partia sine talspersonar skisserer.

Opna fjøsdøra for medlemane

Då Førde Bondelag skulle halde årsmøte, inviterte leiar Oddgeir Kvamsås medlemane på fjøsbesøk. Investeringar og vidareutvikling av gardsbruk er aktuelle tema for fleire av lokallaget sine medlemar. Leiaren ønskjer eit aktivt landbruksmiljø rundt seg, og har sjølv teke steget og satsa.

Leiarskifte i Aurland Bondelag

- Eg treng ikkje gå lange vegen for å finne mentor til arbeidet som leiar i lokallaget, seier Gøril Tveiten Lie som tek over vervet som leiar i Aurland Bondelag etter mannen Einar Lie.

Andrè Espeseth held fram ved roret i Flora Bondelag

Flora Bondelag heldt årsmøte torsdag kveld, og Andrè Espeseth vart attvald som leiar i laget.

Korleis står det til med vatnet?

Tilstanden til vatnet i vassregion Sogn og Fjordane er førebels vurdert. Korleis står det til med vatnet nær deg?

Gratulerer med bygdeutviklingsprisen

- Eg vil nytte høvet til å gratulere Fossheimen Naturpark på Viksdalen med bygdeutviklingsprisen, seier fylkesleiar Per Hilleren. Det er flott at nokon verkeleg får til å utvikle spanande næringsverksemd ved å ta alle garden sine ressursar i bruk, held fylkesleiaren fram.

Reisebrev frå gardsbesøk på Island

Den viktigaste landbruksproduksjonen på Island er sau, og Leiarmøtet til Hordaland Bondelag har besøkt ein Islandsk gard med 600 vinterfôra sau. Lars Inge Vik frå Fusa Bondelag har skrive reisebrev frå turen.

Smått, stort og rått

- Eg gledar meg til årets viltseminar på Sunnfjord Hotell seier Oddvin Haugland ved fylkeskontoret. Vi inviterer til eit spanande program der fagforedrag om både småvilt, storvilt og rovvilt står på programmet, seier ein oppglødd Haugland.

Husdyrregisteret: Har du fått brev - ta kontakt

Storfehaldarar i Sunnfjord og Ytre Sogn som i søknaden om produksjonstilskot har avvikande dyretal frå husdyrregisteret, har nyleg blitt varsla om dette i brev frå Mattilsynet. Konsekvensen er trekk i tilskotet med kr. 500 per avvik. -Vi greier å rydde opp i det meste, berre produsenten tek kontakt, seier Bente Axelsson i Mattilsynet.

Inviterer til Haustmarknad på Breim

- Dette vert rett og slett moro seier leiar i Breim Bondelag, Anders Felde i ein kommentar til at dei skal skipe til Haustmarknad på Fjordhestgarden laurdag den 20. oktober.

Du må handle før det går gale

- Eg håpar dei som var til stades fekk seg ein tankevekkar, til å tenkje førebygging i sitt daglege virke på garden, seier Kolbjørn Taklo i Landbruket sin HMS teneste i ein kommentar til HMS dagen som vart gjennomført på Mo og Jølster Vidaregåande skule i går.

Positivt med Matamål

- Dette var staden for mange gode samtalar og gode smaksopplevingar , seier fylkesleiar Per Hilleren i ein kommentar til at han sist helg deltok på Matamål på Sandane.

Norsk mat er ikkje dyr

Ein ting kan eg i alle fall vere samd med dykk om og det er at maten i Norge ikkje er dyr, sa regiondirektør i NHO Sogn og Fjordane, Jan Atle Stang, på leiarmøtet til Sogn og Fjordane Bondelag

Påverknad i fokus på leiarmøtet

- Det vert interessant å høyre om regiondirektøren i NHO, Jan Atle Stang og distriktsredaktøren i NRK Sogn og Fjordane Rolf Sanne Gundersen greier å provosere og skape debatt, seier fylkesleiar Per Hilleren i ein kommentar til at dei er mellom innleiarane på leiarmøtet på Skei den 1. oktober.

Bur du i ei iderik bygd?

- Om du bur i ei bygd med mange gode idear og eit godt bumiljø, så må du berre hive deg rundt og fremje bygda sitt kandidatur til prisen for iderike bygdesamfunn, seier Bjarte Myren som skal vere med å vurdere dei ulike kandidatane.

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere