Nyhende frå Vestland Bondelag

Framtidstankar om mjølk og foredling

Har mjølka vår potensiale til å verte delikatessar som marknaden etterspør? Bli med på eit spennande seminar i Gloppen 23. oktober.

Regjeringserklæring utan ambisjonar for matproduksjon i distrikta

- Dette er eit skuffande dokument utan ambisjonar for matproduksjon i heile landet, seier fylkesleiar Per Hilleren i ein kommentar til innhaldet i regjeringserklæringa frå dei mørkeblå.

Open Gard søndag på Støfring

Som ein del av Matamål-festivalen inviterte Panorama Samdrift og Sparebanken Sogn og Fjordane til Open Gard på Støfring i Jølster.

Smakfull helg i Sogn

Haustmarknaden i Lærdal samarbeider i år med festivalen "Smak av Sogn".

Velkomen til Matamål

Det er tid for Matamål! Matfestivalen med program og opplevingar for nokon og ein kvar.

Fjellmøy kåra til Miss Sogn og Fjordane

- Det er stor stas å kunne vere eigarar til årets Miss Sogn og Fjordane seier Marit Flatjord som er ein av bøndene i Stardalen Samdrift som er eigarane til Fjellmøy.

Åpen Gård i Bergen

1200 gjester var innom Åpen Gård på Stend vgs lørdag. Bergen Bondelag samarbeidet med elevene på skolen, og resultater var et flott arrangement med noe for enhver smak.

Traktor og quiz på Matfestivalen

Til tross for litt dårleg ver, var det mange som tok turen innom Bergen Matfestival i helga. Hordaland Bondelag stilte med traktor og stand i år også.

Os Bondelag markerte matvalet i dag

- Bøndene i Os kommune har levd under eit blå-blått styre i 12 år, og vi vil gjerne dele våre erfaringer! Det var bodskapen då Os Bondelag markerte matvalet for pressa og andre frammøtte i dag.

Open Gard i Hordaland

Fem Open Gard arrangement gikk av stabelen i strålande ver i Hordaland denne helga. Laurdag var Os Bondelag med på Bondens Dag i Os sentrum, og Sundag var det Open Gard i Fusa og Sveio og på Stord og Radøy.

Rødt, grønt eller blått - ett fett?

Landbruk og matproduksjon er faktisk det området der de politiske forskjellene kommer klarest til uttrykk, skrev fylkesleder Frøydis Haugen i eit innlegg i Strilen i går.

Toppolitikarar på gardsbesøk

Det var ei engasjert gruppe folkevalte som besøkte to gardsbruk i Nordhordland i går. Politikarane frå Stortinget, regjeringsapparatet og ungdomspartia stilte opp då Hordaland Bondelag inviterte til tematur om matproduksjon og landbruk.

Meld frå om vinterskade på enga

For å kunne søkje tilskot til reperasjon etter vinterskade på eng, må kommunen få melding i god tid før skaden vert utbetra. Skaden skal utbetrast før 15. juni og søknadsfrist for tilskot er 15. juli.

Vil ut og sanke medlemer

Verveutvalet i Sogn og Fjordane Bondelag har starta planlegginga av hausten sine verveaktivitetar. Det er fleire vegar mot målet om nye medspelarar , men eit prioritert tiltak vert å besøke potensielle medlemer heime på garden.

Meld inn trong for såfrø

- Det er viktig at alle som har fått skade på enga og treng såfrø melder frå om dette ved første høve slik at vi kan få ei oversikt over det totale omfanget, seier Dag Arne Helle i Felleskjøpet.

Ikkje høgare enn det må vere

- Sett frå grasrota er ikkje dette oppgjeret høgare enn det må vere, men eit steg i rett lei seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Per Hilleren, som saknar ei satsing på distrikta i avtala. Arbeidsgrupper kan vere bra, men berre dersom dei endar ut med konkret vilje til å setje inn kroner og verkemiddel.

Dei raudgrøne partia i fylket krev meir budsjettmidlar til jordbruket

- Vi ber særskilt om at det vert stilt meir friske budsjettmidlar til disposisjon i forhandlingane. Det er også viktig at ein særkilt investeringspakke vert stilt til disposisjon for næringa, heiter det i eit brev frå dei raudgrøne partia i Sogn og Fjordane til Statsministeren

Bøndene tar over byen

Rapparane Skarre R og KløverKnekt frå Nordhordland har laga musikkvideo til hiten "BondeGangster". -Låta handlar om å vera rap-artist frå Nordhordland, og konseptet er at bøndene tar over byen, seier dei.

Etterlyser meir pengar til distrikt og investering

- Etter å ha studert Staten sitt tilbod må eg seie meg skuffa over Staten sitt fokus på distrikt, investering og rekruttering i årets tilbod, seier Per Hilleren. Her må det kome betringar.

Medan det enno er tid

Me veit at det brenn eit blått lys for gardsdrift i mange bygder, skriv Reidar Konglevoll i Bergens Tidende. Reidar er sauebonde og leiar i Alversund og Seim Bondelag.

Bondevenner på Voss

Bondelaga på Voss nytta eit møte om mjølkeproduksjon til å kåre sine Bondevenner.

Kan ikkje forstå at konklusjonen står i stil med føresetnadene

Høgre sitt NILF-notat syner til at inntektsgapet mellom bønder og andre grupper vil auke med 85.000 kr pr årsverk i løpet av dei neste 12 åra. - Det undrar meg at trass i dette klarar modellen å få det til at matproduksjonen vil auke med 11 prosent, seier fylkesleiar Per Hilleren

Bondevenn med gode "kontaktar"

Strandebarm -Tørvikbygd Bondelag har heidra fleire gode Bondevenner, som vart omtalt i ein tidlegare sak. Sist, men ikkje minst, kjem Bondevenn og sokneprest Vegar Emil Hansen.

Nøkternt krav med naudsynt investeringpakke

- Kravet som vart lagt fram i dag er svært eit nøkternt krav som ikkje er større enn det bør vere, men som saman med kravet om ein investeringspakke utanom ramma synleggjer kor viktig det er å løfte inntektene i næringa skal matproduksjonen kunne styrkast, seier fylkesleiar Per Hilleren.

Nye Bondevenner er kåra

Neste lokallag ut er Strandebarm-Tørvikbygd Bondelag. Dei heidra sine Bondevenner med t-skjorte, diplom og ros for god innsats.

Balansert og jordnært bondekrav

Nå har politikerne mulighet til å vise vilje til å oppfylle sine egne ambisjoner om økt matproduksjon. Jordbrukets krav er i år på 1,97 milliarder kroner.

Bondefest med heider til god hjelpar

- Landbruket har mange flinke rådgjevarar. Men så er det slik at nokon er flinkare enn dei andre flinke, og nokon er endå betre utrusta til å løysa utfordringar enn andre. Arne Skeie er ein av desse, sa leiar i Vik Bondelag Erik Lidal i sin takk til mangeåring landbrukssjef i Vik kommune.

Mange Bondevenner i Fusa

Matproduksjon angår alle, og landbruket har heldigvis mange vener. Bondelag over heile landet heidrar støttespelarane sine ved å kåre dei til Bondevenn. Fusa kommune har eit godt utval av Bondevenner, og her kan du sjå nokre av dei.

Er det liv i regulerte vassdrag?

Vassområde Nordfjord inviterer til ope møte om miljøpåverknad frå vassdragsreguleringar i Bremanger kommune.

Fitjar Bondelag utnemner ni Bondevenner

Fitjar kommune har også mange Bondevenner, og onsdag vart ni av dei heidra med diplom og T-skjorte. Leiar i Fitjar Bondelag, Reidar Kloster, sto for utdeliga på Fitjar vidaregåande skule.

Gode bondevenner i Sveio

-Bondelaget i Sveio er på sjarmoffensiven, skriv Vestavind i ein artikkel i dag. Sveio Bondelag utnemnde ni Bondevenner førre veke, og den lokale pressa dekka utdelinga.

Trengst budsjettmidlar for å kompensere manglande prisutvikling

Nye tal frå budsjettnemnda for jordbruket syner at dei fleste produksjonane i fylket kan forvente ein inntektsnedgang frå 2012 til 2013 med unntak av sauehaldet. Prisane held rett og slett ikkje følgje med kostnadsutviklinga i næringa, seier fylkesleiar Per Hilleren.

Heidra for 13 år med Landbruksspelet!

Granvin skule har alltid sett verdien av å bruke landbruket i undervisingssamanheng. - Ei høgst fortent utmerking til ein steikjande god Bondevenn, seier Inga W. Rørlien i Granvin Bondelag, etter markeringa på skulen. Foto: Avisa Hordaland

Slitarar utropt som "Bondevenner" i Vaksdal

Terje Danielsen Kvamme og Sigmund Simmenes fekk synlege prov på at bønder i kommunen set pris på jobben dei gjer for landbruksnæringa i Vaksdal kommune.

Bondevenner på Bondepub

- Dette var eit passande høve til å setje pris på personar som framsnakkar næringa vår, fortel Kari Heggenes Kvammen i Manger Bondelag, etter bondepuben på Radøy, fredagskvelden.

Amandaprisvinnar er Bondevenn

Øyvind Sandberg, filmregissør og skapar av suksessen Folk ved fjorden, fekk utmerkinga Bondevenn for framifrå og varm formidling av bondekultur og lokal matproduksjon.

Bondevenn som nytt medlem

Bondevenn Jenfrid Stellberg melde seg like godt inn i bondelaget under "vårsleppet" på Lindås senter nyleg. Som engasjert i landbruket i Afrika, driv ho bistandsprosjektet Chime.

Bondevenner på Vårslepp

Bondelaga i Lindås nytta Vårslepp på Lindås senter til å verdsetje personar som på kvar sin måte har vist engasjement og interesse for landbruket i kommunen.

"Bondevenner" på Stord gjev motivasjon!

Stord Bondelag og Huglo Bondelag utnemnde seks "Bondevenner" som verkeleg støttar opp om landbruket lokalt.

Framtidig matproduksjon opptek studentane

- Det var ei svært positiv oppleving å møte studentane ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og diskutere framtidig matproduksjon med dei seier fylkesleiar Per Hilleren

Innhaldsrik HMS- markdag i Tuna samdrift i Naustdal

Markdagen vart skipa til laurdag 6. april, i eit samarbeid mellom Naustdal Bondelag og Landbrukets HMS teneste i Sunnfjord/Ytre Sogn. Det var to hovudtema, brannvern og sikring av arbeidsmiljøet ved handtering av storfe.

Frukostaksjon: Yogurt til bergensarane

- Etter uttrykka å døme, sette forbipasserande pris på å få yogurt med seg på vegen . Mellom anna ordførar Trude Drevland i Bergen kommune: Oh, det skal smake, so ho, etter ein kort drøs i rådhusdøra.

Bli med og dyrk Norge

På bondevenn.no kan du lage ditt eige andelslag og hjelpe ein bonde med å løyse utfordringar han møter på garden frå no og til september.

Jostein Flatland vald til ny leiar i Sogndal Bondelag

- Det er flott at Jostein ville ta på seg vervet som leiar i Sogndal Bondelag, seier fylkesleiar Per Hilleren. Han kjenner Jostein som ein kunnskapsrik og dyktig matprodusent.

Co2 binding i skog: Satsar på tiltak i utlandet men ikkje i eige land

Dette kom fram som eit paradoks då leiar, Hans Fr. Lauvstad, helt sin tale på nyleg avhelde årsmøte i Sogn og Fjordane Skogselskap. Det vart i talen vist til tiltak for å kunne gjere det attraktivt å plante og produsere skog også i eit miljøperspektiv, for å kunne binde overskotet av Co2 frå luft til skog også i eige land.

Påmeldingsfristen for Open Gard-tilskipingar nærmar seg

Kvart år gjer lokale Bondelag ein stor innsats med Open Gard tilskipingar. -Vi håpar at det vert fleire arrangement rundt om i fylket i år, og minner om påmeldingsfristen som er 15. april, seier Anita Sæther ved kontoret til Sogn og Fjordane Bondelag.

Lyser ut midlar til korte kompetansehevande kurs i landbruket

Sogn og Fjordane fylkeskommune har som tidlegare år motteke 1,6 millionar i statlege tilskotsmidlar til styrking av rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket. Noko av desse midlane vert i desse dagar lyst ut med søknadsfrist måndag 22. april.

Prosten i Nordfjord utnemnd til Bondeven

- Eid bondelag er glade for å ha med den norske kyrkja på laget, for som de sikkert veit er det berre 2 stykker som forstår seg på korleis jordbruksoppgjeret er oppbygt, og vår herre er den eine, seier ein humørfylt leiar i Eid Bodnelag Knut Tore Nes Hjelle.

HMS Markdag i Naustdal

Handtering av store dyr, samt brann-og brannsikring i driftsbygg, vert tema på Markdag i Naustdal laurdag 6. april.

Sette pris på å verte Bondevener

Vik Bondelag samla gode Bondevener i Ostebaren på Tine Meieriet i Vik. -Eit hyggeleg møte, som bondevenene tydeleg sette pris på, oppsummerer leiar Erik Lidal og styremedlem Per L. Tistel frå Vik Bondelag.

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere