Nyhende frå Vestland Bondelag

Distriktsjordbruket må prioriterast

Jordbruksoppgjeret 2015 kan sjå ut til å bli minst like vanskeleg som i 2014. Det vil trass det vere viktig at Norges Bondelag gjer det organisasjonen kan for å forhandle fram ein avtale som kan vere til å leve med, også for medlemer i vårt fylke med dei gjennomsnittleg minste driftseiningane, heiter det mellom anna i fråsegna som fylkeslaget har sendt til Norges Bondelag.

Landbruksforskinga må skje der maten skal produserast

- Vi krev at interimstyret i NIBIO stoppar prosessen med nedlegging av Fureneset, forskingsstasjon seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Anders Felde

Kvifor er du bonde?

Me spurde nestleiaren i Sogn og Fjordane Bondelag om kvifor ho er bonde - Sjå video med Marit Flatjord her.

Kva for ein bonde er du?

Bybonde, Framtidsbonde, Bondevenn, Bondespira, Skapbonde eller rett og slett Bonde? Bondelaget sin kampanje i år går ut på å finna sin indre bonde. Er du ikkje sikker, vil eit spørjeskjema hjelpa deg på rett veg.

Aukande interesse for agronomistudie for vaksne

Stend vgs opplever aukande pågang til agronomiutdanninga, som er basert på helgesamlingar og nettstudie.

Midlar til investering i beiteområde

Fylkesmannen har lyst ut midlar til investering i beiteområde. Søknadsfrist er 15. mai, og søknaden sendast kommunen.

Vårkampanjen er i gong

Lokallaga har starta opp med sin vårkampanje, og i desse dagar er dei ute og skal hjelpe forbrukarar og politikarar til å finne fram til den "indre bonden" i seg.

Har aldri angra på at ho vart bonde

Marit Flatjord tykkjer ho har verdas beste jobb.

Året 2014 i bilete

Under årsmøtet denne helga viste vi bilete og avisklipp frå medlemsaktivitet i 2014. Sjå presentasjonen her.

Bilete frå årsmøtet

Årsmøtet til Hordaland Bondelag førre veke hadde godt oppmøte og viktige saker på programmet. Sjå bilete frå samlinga.

Årsmøtet: Leders tale

Ny regjering, jordbruksoppgjør, kommunesammenslåing, Bioforsk og Vestlandsbonden i et internasjonalt perspektiv, var noen av temaene fylkesleder Frøydis Haugen var innom i talen til årsmøtet.

Endringar kan føre mjølkekvotar frå Hordaland til Rogaland

Leiar i Fitjar Bondelag, Reidar Kloster, seier til Fitjarposten at Hordaland Bondelag ikkje ønskjer dei varsla endringane i mjølkekvoteordninga. Einar Frogner, styremedlem i Norges Bondelag, kaller det heile ein alvorleg trussel mot distriktslandbruket.

Matprodusent med mot

Tor Jacob Solberg vart kåra til "Årets unge bonde" i 2014. Den unge bonden var til stor inspirasjon då han delte sine tankar om rekruttering og vegval med Sogn og Fjordane Bondelag sitt fylkesårsmøte.

Frå årsmøtet: Nytt institutt for bioøkonomi

Det skal opprettast eit nytt institutt for bioøkonomi, ved fusjon av Bioforsk, Skog og landskap og NILF, med hovudkontor på Ås. Landskapet på Vestlandet er særeige og gjev driftsmessige utfordringar. Forskingsstasjonane må difor plasserast i produksjonsområda. Årsmøtet i Hordaland Bondelag ser ikkje at desse utfordringane vert teke godt nok vare på i fusjoneringsplanane.

Frå årsmøtet: Politikarane må forstå jordas verdi

Årsmøtet i Hordaland Bondelag og fylkesmann Lars Sponheim er lite imponert over den nye jordvernrapporten som regjeringa har fått utarbeida.

Årsmeldinga 2014

Trykkeriet har diverre ikkje fått med dei siste 4 sidene i årsmeldinga vår. Her finn du heile årsmeldinga.

Informasjonsmøte om inn på tunet

Hordaland Bondelag ønsker velkommen til Informasjonsmøte om Inn på Tunet, torsdag 9. april klokken 17.30 – 20.45 i Bergen. Møtet passer godt for deg som har tenkt å starte opp med Inn på tunet, eller er i oppstartsfasen. Etablerte tilbydere og andre interesserte er selvsagt også velkomne.

Bergen Bondelag er årets lokallag

Kvart år kårar styret i Hordaland Bondelag "Årets Lokallag". Kåringa baserar seg på høg aktivitet både ovafor medlemer, politikarar og lokalbefolkning. Årets lokallag 2014 er Bergen Bondelag.

Kvifor er du bonde?

Me spurde Nils Magne Gjengedal om kvifor han er bonde - sjå video med styremedlemmet frå Sogn og Fjordane Bondelag her.

Sentraliseringskreftene svekkar FoU arbeidet på Vestlandet

- Det vil vere uheldig for landbruket på Vestlandet om Bioforsk gjev opp tilstadeveret på Fureneset, og det vil vere uheldig for Bioforsk og forskinga å ikkje ha denne forskingslokaliteten i ein landsdel med spesielle vilkår, og der overføring frå landsdelar med andre vekstvilkår ikkje er dekkande.

- Eg er glad i dyra mine

Nils Magne Gjengedal er bonde, glad i jobben sin og stolt over næringa.

Anders Felde er ny leiar

- Som ein person med sterkt engasjement for landbruket kunne eg ikkje la denne sjansen gå frå meg, seier nyvald leiar i Sogn og Fjordane Bondelag Anders Felde frå Breim.

Skuleklasse på gardsbesøk

I februar var 10. klasse ved Øyatun ungdomsskule på besøk hos Anfinn Tofte. Besøket var ein del av eit rekrutteringsprogram til naturbruksutdanning.

Mindre klimagass frå matproduksjon i Hordaland

Auka lagerkapasitet for husdyrgjødsel blir peika på som eit tiltak for å redusere utslepp av klimagass frå landbruket i Hordaland. Dette kjem fram i ein rapport Fylkesmannen har tinga frå Bioforsk.

Me må sjå heilskapen

Det er viktig at me ser heilskapen for norsk matproduksjon, og distriktslandbruket må ha ein sentral plass. Det sa Per Hilleren i si tale til fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane Bondelag.

Klart for fylkesårsmøte

Sogn og Fjordane Bondelag sitt fylkesårsmøte vert halde 5. og 6. mars på Skei.

Program til årsmøtet

Her finn du oppdatert program til årsmøtet neste veke. Fylkesmann Lars Sponheim kjem, og Svein Guldal frå Norges Bondelag skal halde foredrag om bioøkonomi. Utsending frå styret i Norges Bondelag er Einar Frogner.

Open fjøs i Askvoll

Ringstad og Olset DA vil i samarbeid med Askvoll og Holmedal Bondelag og Felleskjøpet Agri invitere til Ope fjøs laurdag 7. mars.

Kvifor er du bonde?

Me spurde Lidvin Hage om kvifor han er bonde - sjå video med styremedlemmet frå Sogn og Fjordane Bondelag her.

Snart klart for årsmøte

Det er snart tid for årsmøte i Hordaland Bondelag. Årsmeldinga er i trykken og kjem i posten til alle medlemer som har registrert rett adresse hos oss.

Anders Felde innstilt som ny leiar

Anders Felde frå Breim vert av valnemnda i Sogn og Fjordane Bondelag innstilt som ny leiar etter Per Hilleren. Per Hilleren takkar for seg etter 7 år som leiar i fylkeslaget.

- Det er livet mitt

Lidvin Hage er bonde og glad for det.

Dagsseminar om økonomi i Inn på tunet

Korleis få til ein sunn økonomi i IPT-bedrifta, og betre lønnsemd? Fylkesmannen inviterer til "økonomidag" for Inn på tunet-tilbydarar den 12. mars.

Engasjert fylkesleder

Landbruksminister Sylvi Listhaug har skapt mer usikkerhet enn optimisme, sier fylkesleder Frøydis Haugen i et intervju i Bergens Tidende.

Kvifor er du bonde?

Me spurde Marianne Kvalvik Kvamme om kvifor ho er bonde - sjå video med 1. vara frå Sogn og Fjordane Bondelag her.

Invitasjon til Aurlandsseminaret

Arrangørane av Aurlandsseminaret har sendt ein særskilt invitasjon medlemene i Hordaland Bondelag. Seminaret skal vere på Sogn jord- og hagebruksskule 18. - 21. mars, og hovudtema i år er jord og beite.

Kjøpte eigen gard

I 2003 kjøpte Marianne Kvalvik Kvamme og mannen gard. No er ho stolt bonde.

Velkomen til Aurlandseminaret

Bønder og andre som er interesserte i mat og matproduksjon, er velkomne til Aurlandseminaret 2015.

Helge på avlingstoppen

ei kåring blant seks bønder rundt i landet kom Helge Henanger på øvre Sagstad på andreplass når det gjeld grasavling i fjor. Les meir i Strilen:

Inn på tunet har mykje å tilby

Potensielle og nyoppstarta leverandørar av Inn på tunet-tenester var i dag samla i Førde for å få informasjon og kunnskapar om næringa.

Fylkeslederen med appell for arbeidsmiljøloven

- Når organisasjonenes mulighet til å ivareta medlemmenes interesser svekkes gjennom forslag fra regjeringa på felt etter felt, er det et angrep på den norske modellen. Det er en maktforskyving Bondelaget ikke ønsker, sier fylkesleder i Hordaland Bondelag, Frøydis Haugen, under et streike-arrangement på Knarvik senter i dag.

- Vi støtter streiken

Norges Bondelag støtter fagbevegelsen når de i dag streiker mot endringer i arbeidsmiljøloven.

Tilskot for å ta vare på elvemusling

Gardbrukarar som driv innanfor nedbørsfeltet til eit vassdrag med elvemusling, kan få tilskot for å ta særleg omsyn til miljøet. Les artikkelen i Strilen. Illustrasjonsfoto frå Åsane Tidende

Kvifor er du bonde?

Me spurde fylkesleiar Per Hilleren om kvifor han er bonde - Sjå video her.

Per Hilleren tek ikkje attval

Det har ikkje vore ei lett avgjerd, men eg har konkludert med at eg ikkje stiller som kandidat til leiarvervet i Sogn og Fjordane Bondelag ved årsmøtet i mars, seier fylkesleiar Per Hilleren.

- Stolt av å vera bonde

Fylkesleiaren i Sogn og Fjordane Bondelag tykkjer han har ein meiningsfull jobb. Han produserer mat til deg og meg.

Moro på gardsbesøk

3. klassingane ved Vassenden skule opplevde ein dag litt utanom det vanlege i haust.

Regionsamling i Stryn

Investering og rekruttering er saker bondelaga i Stryn og Hornindal vil setje høgt på dagsorden.

Foredrag om bruk av traktor og ATV

Ølve og Hatlestrand Bondelag arrangerar møte med foredrag om lover og reglar i høve til bruk av traktor over 50km\h og ATV. Foredragshaldar er Brynjulv Eide frå Voss trafikkstasjon.

Gamle elektriske anlegg kan vera ein brannrisiko

Elektriske anlegg i landbruksbygg har tøffe påkjenningar. Etter nokre år kan det vera behov for å rehabilitere heile anlegget. Eit nytt el-anlegg kan redusere både brannfaren og straumregninga.

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere