Nyhende frå Vestland Bondelag

Det spirar og gror i Hyllestad

I forbinding med #Vidyrkarlandet kampanjen har Fjaler og Hyllestad Bondelag vitja barnehagen og barneskulen i Hyllestad.

Merkedag i Sogn

- Dette er ein god dag for grøntnæringa i Sogn seier fylkesleiar Anders Felde i Vestland Bondelag.

Vi rammar inn landskapet

I årets sommarkampanje skal vi setje søkelys på resultatet av bonden sitt arbeid. Målet er å vise folk at det dei ser gjennom rammene ikkje kjem av seg sjølv.

Investeringsverkemidlane for 2021 er brukt opp

- At det er tomt for investeringsverkemidlar til landbruket før juni månad er over syner for alvor kor viktig det er å få auka løyvingane og samstundes betra finansieringsgrunnlag i kvart prosjekt, seier fylkesleiar Anders Felde

Fire barnehagar i Os fekk dyrke eigen mat

Vi dyrker landet er en del av jubileumsfeiringa til bondelaget, og Os Bondelag er eitt av lokallaga som har gjort det mogeleg for barnehagar å dyrke eigen mat i pallekarm.

Stortingsrepresentant på gardsbesøk

- Det er viktig for oss å syne fram norsk svineproduksjon, seier Anders Felde i ein kommentar til at han i lag med mellom andre Stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland frå Høgre vitja svineprodusent Sverre Sæterbø på Fitjar.

Høyring av planprogram for klima

Vestland Bondelag har sendt innspel til fylkeskommunen om "plan for klimaplanen". Vi har bedt om å få vere med i det vidare arbeidet med ny regional plan for klima 2023–2035.

Lettelsar i innreisereglar

- Det er positivt at det kan bli enklare å få innreiseløyve for naudsynt arbeidskraft i landbruket, seier Kari Sigrun Lysne som er leiar i grøntutvalet i Vestland Bondelag.

Kjekt politikarbesøk på Stend

I går besøkte Marte Mjøs Persen frå Arbeiderpartiet fjøset på Stend vgs for å lære meir om mjølkeproduksjonen i Vestland.

Plast plast plast

Selje og Stadlandet Bondelag har gjennomført plastryddeaksjon i sitt nærområde.

Har du ein kandidat til årets BU-pris?

Kvart år deler Innovasjon Norge ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket. Er du eller veit du om ein kandidat til prisen?

Bodhild Fjelltveit attvald som 2. nestleiar i Norges Bondelag

På årsmøtet i Norges Bondelag vart Bodhild Fjelltveit frå Bergen attvald som 2. nestleiar i Norges Bondelag. Peder Nernæs frå Kvam kommune vart vald som 2. vara til styret.

Grønt, velferd for folk og fe og tydeleg leiing sett på agendaen gjennom replikkar

I digitale møte er tidsvindauget mindre for replikkar, men nokon replikkar frå utsendingar frå Vestland vart det tid til i dagens møte

Landbruks- og matministeren kom på besøk til årsmøtet

Tillit, rolleforståing og gjensidig respekt er avgjerande for den gode dialogen sa Statsråd Olaug Bollestad i møte med Norges Bondelag sitt årsmøte.

Jervebestanden må ned på bestandsmålet

- I beiteprioritert område skal beitedyra ha prioritet, men for bøndene som driv med beitedyr er belastninga etter fleire år med tap til rovdyr no so stor at fleire ynskjer å leggja ned drifta også i dei beiteprioriterte områda. Slik skal de ikkje vere, sa ein tydeleg Ole Bjarne Hovland til årsmøtet i Norges Bondelag.

Ein god landbrukspolitikk er god distriktspolitikk i praksis

- Me meiner det er langt meir verdfullt for Norge med 5 gardsbruk og bønder i ei bygd, enn ein svært stor gard. Å vere fleire gjev tryggleik i kvardagen. Det gjev lys i husa og det gjev yrkesbrør å snakke med, sa nestleiar i Vestland Bondelag Marianne Nordhus til årsmøtet i Norges Bondelag.

Årsmøtet i Norges Bondelag har teke til

Utsendingane frå Vestland Bondelag er samla på Voss for å delta på Norges Bondelag sitt digitale årsmøte.

Traktorprøven på rett spor att

- Det er gledeleg at Statens Vegvesen no har eit mål om å ta unna køa for oppkøyring til førarkort for traktor før sommaren, seier seniorrådgjevar i Vestland Bondelag Merete Støfring

Plastryddedag på Sørbøvågen

Fjaler og Hyllestad Bondelag arrangerte ryddeaksjon på Sørbøvågen i slutten av mai.

Tenk deg om to gonger!

No brakar det laust med førsteslått rundt omkring i fylket, og då er det viktig å hugse på HMS.

Ikkje eitt kilo å miste

- Nok ein gong forhandlar ei norsk regjering vekk marknadsmoglegheiter for norske bønder, seier fylkesleiar i Vestland Bondelag Anders Felde

- Ringe du midt i slåtten?

Det er juni, det er varmt, det går i gras, vatning og slått i vekas lokallagsprat.

Tut for norsk mat!

Frå Kjøldalen til Oslo med viktig bodskap.

Ei vossakasse med plast!

Ei Vossakasse kan brukast til so mangt - i Kjølsdalen Bondelag var den nyttig reiskap i plast-ryddeaksjonen deira.

Plastrydding i Uskedalen Bondelag

Uskedalen Bondelag plukka både plast over og under vassflata i årets plast-ryddeaksjon.

Vårrydding i bygda under breen

Veitastrond Bondelag inviterte små og store i bygda til ryddedugnad, og oppslutnaden var god seier leiar Jimmy Hilleren

Alt er i rute

Denne gongen har vi snakka med lokallagsleiarane i Omvikdalen Bondelag, Fjærland Bondelag og Gulen og Masfjorden Bondelag.

Signerte avtale om biogjødsel

Den 25. mai underteikna Renevo AS og bøndene i området avtalar om levering av husdyrgjødsel til biogassproduksjon og mottak biorest/biogjødsel frå biogassanlegget til bøndene.

Webinar med Harris: Ekspropriasjon

Vestland Bondelag har invitert advokatfirmaet Harris til å gi medlemene våre tips om kva dei som grunneigarar kan gjere når eigedomen vert regulert til offentlege utbyggingsføremål. Her kan du sjå opptak av seminaret.

Plastrydding i Breim Bondelag

Breim Bondelag og bygdekvinnelaget i Breim har vore på plast-tokt i kommunen.

Kommunale vegar er ein stor flaskehals

- Utstrakt bruk av "kipping" der tømmer må på og av bilen fleire gonger gjev redusert lønsemd i vestlandsskogbruket, seier fylkesleiar Anders Felde

Plastrydding i Omvikdalen

Godt over tjue bønder og grunneigarar i Omvikdalen deltok i ryddeaksjonen. Talet på fulle bos-sekkar etter dugnaden viste at dette var ein fornuftig bruk av føremiddagen.

Plastrydding i Lærdal

Midt i planlegging av aksjonar knytt til brot i jordbruksoppgjeret, fann Lærdølene tid til å rydde plast.

Våren i rute på Høyanger Sørside

- Alltid kjekt når våren kjem, seier Yngve Fardal som er leiar i Høyanger Bondelag. Langs Sognefjorden kjem våren normalt tidleg.

To kunnskapsretta seminar torsdag 27. mai

Advokatfirmaet Harris har eit miniseminar for medlemer i Vestland Bondelag der temaet er regulering av privat eigedom til offentlege utbyggingsføremål. Det andre seminaret er om solcelleanlegg på garden, og er ope for alle.

Hingsteutstilling i koronatid

Etter å ha måtte avlyste hingsteutstillinga på Nordfjordeid i 2020 er Norges Fjordhestlag svært glade for at dei kunne gjennomføre utstillinga i 2021. Pandemien sette grenser, men utstillinga vart gjennomført på ein god måte.

Me treng dei små bruka òg!

På veg mot Oslo stoppa traktoren på cruiseskipkaia i Flåm for ein prat med dei lokale bøndene om landbruket i Aurland kommune.

Aldri opplevd makan

- Når vi ser det engasjementet som har vore i Vestland dei siste dagane, er det ikkje tvil om at mykje står på spel for ein framtidig norsk matproduksjon, seier ein audmjuk fylkesleiar Anders Felde

Føl Marianne og Nils Magne til Stortinget

- Eg får seie som Pippi; dette har eg aldri gjort før så det kan sikkert gå bra, seier nestleiar i Vestland Bondelag Marianne Nordhus.

BROT i jordbruksforhandlingane

- Avstanden var for stor mellom regjeringa si forståing av røynda og det inntektsløftet vi meiner er heilt naudsynt. Difor bryt vi, seier leiar i Vestland Bondelag Anders Felde.

Bli med på #bondetv

Torsdag 6.mai er det duka for Bondetv, med innblikk i bonde-kvardagen rundt omkring i landet. Bli med du òg.

Provokasjon mot norsk matproduksjon

– Tilbodet frå regjeringa tek ikkje inn over seg den alvorlege økonomiske situasjon som distriktsjordbruket står oppe i seier leiar i vestland Bondelag Anders Felde

Grøftekurset gjekk alt anna enn i grøfta :)

- Det er veldig kjekt å arrangere kurs når det er så vellukka, seier leiar i Gloppen Bondelag, Kristen Grov.

#vidyrkerlandet

Det spirer og gror i pallekarmane til barnehagane i Strandvik og Eikelandsosen.

Inspirasjon til lokal foredling av mjølk

- I dag er det lite foredling av kumjølk i Vestland, seier tilsett hos Statsforvaltaren Marit Hjortung. Landbruksselskapet i samarbeid med Statsforvaltaren og faglag inviterer til inspirasjonsdag for lokal foredling av mjølk i Vestland den 26. mai klokka 10:00 - 14:30 på den digitale plattformen Zoom

Ryddeaksjon i Nausta

Me startar helga med ein applaus til Naustdal Bondelag for vel gjennomført ryddeaksjon!

Avgjerande inntektsløft for å sikre norsk matproduksjon

I dag vart kravet i jordbruksforhandlingane overlevert staten.

Måtte snu seg raskt i 2020

- Frå å kunne produsere mindre enn i 2019 ved inngangen til 2020 - til å produsere meir enn i 2019 med færre kyr. Det står respekt av snuoperasjonen som mjølkebøndene fekk til i 2020, skriv prosjektleiar Jo Helge Sunde i oppsummeringa av Storfeprosjektet sitt arbeid i 2020.

- Det går i eitt når det er fint vêr!

Travle dagar er gjengangaren hjå denne vekas lokalagsleiarar.

Korleis sortere landbruksplast?

Styret i Vestland Bondelag har utfordra lokallaga til å rydde landbruksplast. Det kan vere fint med ei påminning frå Nils Magne og Anders om korleis ein skal samle inn og sortere plasten.

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere