Dagen starta med flagging, og fylkesleiar Anders Felde heisa flagget heime på garden før han tok turen til Lillingstonheimen i Tysse i Fjaler der bautaen til Johan Theodor Landmark står. 

Foto: Alexander Asphaug Rauboti. 

Stryn Bondelag markerte dagen med bålbrenning for bevaring av matjorda. 

Foto: Torill Midtkandal

Frå leiaren i Voss Bondelag, Grethe Monica Haug kom det bilete av flagging hjå sauene, foring av kyr og eit flott innlegg som lokallaga i Voss Herad stod bak i lokalavisa. 

Foto: Grethe Monica Haug

Foto: Grethe Monica Haug

Foto: Grethe Monica Haug

2.vara til fylkesstyret, Nils Magne Gjengedal delte eit meir sommarleg bilete og slo eit slag for samhald som noko av det viktigaste i tida framover. 

Foto: Nils Magne Gjengedal

Hjå lokallagsleiar Torunn Ommedal Aandstad i Hyen Bondelag vart det flagging under foringa. 

Foto: Torunn Ommedal Aandstad

 

Foto: Torunn Ommedal Aandstad

Foto: Torunn Ommedal Aandstad

Fleire av medlemene i Eid Bondelag tok turen til Hjellesetra, både for å markere 125-årsdag med aking og bålbrenning og for å hente nedatt torrhøy til sauene.  

Foto: Knut Tore Nes Hjelle

Gaular Bondelag markerte dagen med akedag for medlemene sine. 

Foto: Margun Myrmel Øren

Foto: Margun Myrmel Øren

Foto: Margun Myrmel Øren

Leiar i Fjaler og Hyllestad Bondelag Camilla Avedal Ulvik sende gratulasjonshelsing med flott vinterlandskap. 

Foto: Camilla Avedal Ulvik

Oddbjørn Bratthole frå Vossetrand Bondelag markerte dagen med flagging under kveldsfôringa. 

Foto: Oddbjørn Bratthole

Foto: Oddbjørn Bratthole

Leiar i Viksdalen Bondelag, Erlend Brede Fossen, kunne meddele at sauene hans tok feiringa med knusande ro. 

Foto: Erlend Brede Fossen

Tusen takk til alle som sende inn bidrag til feiringa. I tillegg til bileta kom det òg fleire kjekke videosnuttar frå rundt om kring i fylket, dei finn de på Facebooksida vår