125-årsmarkeringa i Vestland
I helga var det digital markering av 125-årsdagen for stiftinga av Norges Bondelag. Sjå bidraga frå medlemene i Vestland Bondelag her.
Dagen starta med flagging, og fylkesleiar Anders Felde heisa flagget heime på garden før han tok turen til Lillingstonheimen i Tysse i Fjaler der bautaen til Johan Theodor Landmark står.
Foto: Alexander Asphaug Rauboti.
Stryn Bondelag markerte dagen med bålbrenning for bevaring av matjorda.
Foto: Torill Midtkandal
Frå leiaren i Voss Bondelag, Grethe Monica Haug kom det bilete av flagging hjå sauene, foring av kyr og eit flott innlegg som lokallaga i Voss Herad stod bak i lokalavisa.
Foto: Grethe Monica Haug
Foto: Grethe Monica Haug
Foto: Grethe Monica Haug
2.vara til fylkesstyret, Nils Magne Gjengedal delte eit meir sommarleg bilete og slo eit slag for samhald som noko av det viktigaste i tida framover.
Foto: Nils Magne Gjengedal
Hjå lokallagsleiar Torunn Ommedal Aandstad i Hyen Bondelag vart det flagging under foringa.
Foto: Torunn Ommedal Aandstad
Foto: Torunn Ommedal Aandstad
Foto: Torunn Ommedal Aandstad
Fleire av medlemene i Eid Bondelag tok turen til Hjellesetra, både for å markere 125-årsdag med aking og bålbrenning og for å hente nedatt torrhøy til sauene.
Foto: Knut Tore Nes Hjelle
Gaular Bondelag markerte dagen med akedag for medlemene sine.
Foto: Margun Myrmel Øren
Foto: Margun Myrmel Øren
Foto: Margun Myrmel Øren
Leiar i Fjaler og Hyllestad Bondelag Camilla Avedal Ulvik sende gratulasjonshelsing med flott vinterlandskap.
Foto: Camilla Avedal Ulvik
Oddbjørn Bratthole frå Vossetrand Bondelag markerte dagen med flagging under kveldsfôringa.
Foto: Oddbjørn Bratthole
Foto: Oddbjørn Bratthole
Leiar i Viksdalen Bondelag, Erlend Brede Fossen, kunne meddele at sauene hans tok feiringa med knusande ro.
Foto: Erlend Brede Fossen
Tusen takk til alle som sende inn bidrag til feiringa. I tillegg til bileta kom det òg fleire kjekke videosnuttar frå rundt om kring i fylket, dei finn de på Facebooksida vår.