Bondelaget deltar i solidaritetsprosjektet "Bønder støtter bønder" gjennom Utviklingsfondet sitt arbeid i Malawi. Malawi ligg søraust i Afrika og er eit av dei fattigaste landa i verda. Midlane går til å utdanner modellbønder som lærer opp andre bønder i nærområdet. Bidraga går også til såkorn og husdyr.

Både Sogn og Fjordane Bondelag og Hordaland Bondelag har hatt tradisjon for å samle inn pengar til prosjektet, og det er vanleg med basar på årsmøtet. Denne gongen vart det digitalt loddasal med Vipps. Premiane var stort sett gåvekort som vert sendt i posten til vinnarane.

Vi fekk inn 10 000 kroner som er sendt til Utviklingsfondet. Tusen takk til alle som kjøpte lodd og til dei som sponsa premiar: Brødskreppa, Fjelberg Landhandel, Anne Maries Blomster, Bondekompaniet, Felleskjøpet Agri, Bybonden i Bergen, Haugen Gardsmat, AK-maskin, Lerum, Gardsbrenneriet, Voss Gondol, Tine, Fjellestad Gardskjøkken, Intersport Sport Sandane, Påldtunet Frukt og Bær, Eik-senteret, Loen Skylift, Thon Hotel Førde, Fiskå Mølle, Nortura og Balholm.

Frøydis Haugen vitja Malawi i 2018, du kan lese om turen hennar her: Varmt møte mellom malawiske og norske bønder.

Sjå filmen Uår om den tørkeramma mjølkebonden Einar Kiserud som legg ut på reise til Malawi for å sjå korleis kollegaene der handterer klimaendringane.