Tid: Onsdag 28. september kl 20 - 21

Det er krevjande tider å vere bonde i. For somme av oss kan det kjennast ut som det finnes fleire problem enn løysningar. Anten du har tunge tankar sjølv, eller veit om nokon som har det, trur me dette webinaret kan vere til hjelp. Håpet for hausten er at ingen bonde i Vestland Bondelag skal gå aleine med tunge tankar.  

Har du nokon gong snakka med ein bonde og kjent på den snikande kjensla av at noko ikkje er som det burde vere? Tenkt at her skulle eg spurt meir, men ikkje gjort noko meir ut av det? Dei fleste av oss havnar i situasjonar der me lurer på om me kan gjere ein forskjell. Kanskje burde me snakka meir med nokon, eller fått dei til å snakke med nokon andre. Kanskje sitt du sjølv med mange bekymringar som du ikkje klarer å dele med nokon.

 Når ein ser at graset framleis ikkje er hausta sjølv om alle naboane har slått for mange veker sidan. Når leigekjøringa vert betalt inn fleire veker seinare enn kva den har vorte før. Når ein opplever endringar som ikkje er av det gode, anten hjå seg sjølv eller ein yrkesfrende, er det ofte nødvendig å snakke med nokon. Ein veit diverre ofte ikkje korleis ein skal starte samtalen.

Oddvar Vignes, bonde, foredragshaldar, forfattar og ein som har møtt livet, gjev oss tips og råd om korleis vi kan starte samtalen.

Meld deg på her Lenke til Teams-webinaret blir sendt deg på e-post føremiddagen same dag.