Oppstart: Onsdag 18.januar kl. 20.00. på Hålandsdalen Montesorriskule. 

Tryggere Sammen er eit kurs om krisesituasjoner som kan oppstå. Første del tek for seg korleis beredskapssituasjonen er på generell basis på fylkes og kommunenivå. Brannvernsjef i Fusa Gunnar Hatlelid vil koma og fortelja.

Andre del er meir spesifikk på eit tema. For eksempel brann, storm, smitte mfl. Me vel oss ut eit tema.

I 3. del skal me gå ned på gårdsnivå og sjå på kva kvar einkelt av oss kan gjera for å forhindra ulykke og krisesituasjonar samt korleis handle om ei krise skulle oppstå.

I 4 del går me meir innpå korleis me kan vera medmenneske i ein krisesituasjon. Kva kan me gjera som nabo, kollega.

Meir info finn de ved å gå inn på :  http://www.tryggeresammen.no/