Fyrste samling vert 10. januar kl 20.00 på loftet i fjosen til Voss Vidaregåande Skule.

Da er tenkt å gjennomføre to samlingar i januar og to i februar. Kjem tilbake med datoen for dei tre siste samlingane.

Kurset er lagt opp slik at me har ein innleiar på kvar samling, men at det vert lagt opp til diskusjon og erfaringsutveksling rundt bordet.

Sjå meir om kurset på http://www.tryggeresammen.no/

Påmelding til Leif Arne Lirhus innan 5. januar på telefon 908 84 849.

Kurset er gratis.

Samlingane er delt inn i 4 ulike tema, eit for kvar kveld.

Samling 1 Sjå på da store bilde rundt risiko og sårbarheitsutfordringar. Me får med oss Rådmann i Voss Kommune, Einar Hauge. Han vil fortelje om Voss Kommune sine planar, og tenkjemåte rund dette temaet.

Samling 2 Her kan ein velje mellom ulike kriser som kan oppstå på ein gard, me har valt brann. Brannsjef på Voss vert med oss på samlinga.

Samling 3 Handlar om beredskap på garden. Korleis utarbeide beredskapsplan og bruke den ved kriser. Føredragshaldar ikkje klar.

Samling 4 Medmenneskje. Korleis vera eit godt medmenneskje når ei krise oppstår. Føredragshaldar ikkje klar.

Velkomen på kurs!