Regionmøta er ein viktig møteplass for heile styret i alle lokallag. Valnemnda vil òg vere med for å få innspel om aktuelle kandidatar for tillitsverv. Tema som står på programmet er:

• Jordbruksforhandlingane, endring i regelverk kvoteleie mjølk,
• Vegen mot Vestland Bondelag. Vi bygger bondelaget
• Ny forsikringsavtale med Gjensidige
• Nytt næringspolitisk program for Norges Bondelag.
• Innspel frå lokallaga.


Av omsyn til servering ber vi om melding om kor mange som kjem innan 7. januar.
Påmelding til hordaland@bondelag.no eller tlf 55 91 88 80, helst samla for lokallaget.