Kveldssamling med kaffi og klimaprat

Vestland Bondelag vil i samarbeid med Alver kommune invitere til kveldssamling med tema klimatilpassing og klimakalkulator. Samlinga passar best for mjølkebønder, men er ope for andre produksjonar.

Onsdag 8. desember kl 19.30 til 22.00 i kommunehuset på Manger

Det vert servering.

Samlinga vert leia av klimarådgjevarane Helena Elvatun (NLR Vest) og Jan Asle Torstad (Tine). Dei vil fokusere på klimatilpassing og klimatiltak og gje ei kort innføring i klimakalkulatoren. Vestland Bondelag og landbrukskontoret i Alver vil delta med informasjon frå kommunen og fylkesbondelaget.

Ta gjerne med datamaskin eller nettbrett for å få personleg rettleiing av rådgjevarane. Det kan vere ein fordel om du har logga deg på kalkulatoren før samlinga.

Ved spørsmål kan du ta kontakt med rådgjevarane eller fylkeskontoret:

Helena Elvatun; NLR Vest helena.elvatun@nlr.no
Jan Asle Torstad, Tine Jan.Asle.Torstad@tine.no
Maria Makloufi Skjold, Vestland Bondelag maria.skjold@bondelaget.no

 

Grunna servering må vi ha påmelding til vestland@bondelaget.no innan 6. desember.

 

Om klimakalkulatoren
Klimakalkulatoren er eit viktig verktøy for å vise at norsk matproduksjon kan verte meir klimavenleg gjennom våre eigne tiltak. Kalkulatoren vil kanskje ikkje fungere heilt perfekt med ein gong, men den skal vere eit utgangspunkt for vidare diskusjon med klimarådgjevar. Målet er at rådgjevinga kan forbetre produksjonen; god agronomi er ofte det same som klimavenleg produksjon.