Kurs i valnemndsarbeid for lokallaga
Velkomen til kurs i valnemndsarbeid
Onsdag 27. september klokka 20.00 på Teams
Kurset varar ca 1 time.
Kursleiar er Nils Magne Gjengedal frå fylkesstyret
Grunnlaget for eit godt lokallag er eit godt styre, og valnemnda har den viktige oppgåva å finne tillitsvalde.
Målet med kurset er å fremje viktigheita av arbeidet i valnemnda, gje tips om korleis ein skal arbeide og kva som er viktig å leggje vekt på. Mange har kanskje vore med i valnemnda før, men det kan likevel vere nyttig å setje av ein time til litt påfyll.
Det er høve for heile styret å delta, det kan vere greitt å vite litt om valnemndsarbeidet.
Påmelding
Vi ser at vi ikkje har oppdaterte lister over alle medlemene i valnemndene, så vi ber om at de sender e-posten vidare til valnemnda dykkar dersom dei ikkje har fått den.
Påmelding via Questback innan 25. september.