Studieforbundet næring og samfunn Hordaland

Til medlemmene

Går organisasjonen din glipp av statstilskot?? Planlegg aktivitetar i 2018 som kan gje inntekter til DIN organisasjon!

Set av torsdag 8. februar 2018 kl. 18.00 - 20.30

og få innblikk i korleis de kan søkja tilskot til aktivitetar, også styremøte.

Og det er ikkje snakk om "lure knep" for å omgå regelverket, men om å bruka ordninga med tilskot til studiearbeid. (NB! Krava til timetal og deltakartal er ein del endra dei siste åra.) Også styremøte kan organiserast som studiearbeid.

Ta gjerne med pc / mac og prøv deg fram på samlinga.

Det vert Bjarte Naterstad som vil læra oss å finna fram til korleis studieaktivitetar kan brukast. Han har søkt midlar til mange kurs, og kan gje råd om innmelding og rapportering.

 

Stad: Grand Hotell Terminus, Bergen (ved jernbanen) – sjå info om rom på skjermen ved resepsjonen.

Kostnad: Gratis for organisasjonar som er medlemmer i studieforbundet. Lett servering.

Ta gjerne med pc/ mac.

Påmelding innan 1. februar 2018 til sekr. Olav Skeie på olavskeie@gmail.com / tlf. 97084344.

Med helsing

Eldbjørg Gunnarson

Leiar

979 83 791