Invitasjon til kurs i klimakalkulator

Klimakalkulatoren for mjølk er klar til bruk og vi vil gjerne invitere mjølkebønder i Voss og omland til gratis kurs på dagtid eller kveldstid:

Onsdag 17. mars klokka 12-15 og klokka 19-22.

Deltakarane kan velje det tidspunktet som høver best. Møtet skal vere på Voss, men vi kjem ikkje til å tinge kurslokale før vi veit om det er mogeleg å gjennomføre eit fysisk kurs på denne datoen.

Det vert servering.

Om klimakalkulatoren
Klimakalkulatoren er eit viktig verktøy for å vise at norsk matproduksjon kan verte meir klimavenleg gjennom våre eigne tiltak. Kalkulatoren vil kanskje ikkje fungere heilt perfekt med ein gong, men den skal vere eit utgangspunkt for vidare diskusjon med klimarådgjevar. Målet er at rådgjevinga kan forbetre produksjonen; god agronomi er ofte det same som klimavenleg produksjon. Det vert mogeleg å søkje midlar for rådgjeving etter kurset, både i grupper og enkeltvis.

Om kurset
Kursleiarar er klimarådgjevarane Helena Elvatun (NLR Vest) og Jan Asle Torstad (Tine). Kurset er praktisk retta med god tid til diskusjon og spørsmål. Det er ein fordel om deltakarane har logga seg på kalkulatoren før dei kjem på kurs. Dersom klimarådgjevarane eller andre skal sjå tala frå drifta, må de gje tilgang inne i kalkulatoren. Tilgangen er personleg og kan fjernast når som helst. Det er viktig å merke seg at tala som kjem inn i kalkulatoren er dei som vedkjem utrekning av klimavenleg drift. Rådgjevarane kan til dømes ikkje sjå heile rekneskapen dykkar.

Det er fint om de har med datamaskin eller nettbrett på kurset for å få rettleiing av klimarådgjevarane undervegs.

Meir informasjon
På klimasmartlandbruk.no under «klimakalkulatoren» finn du meir informasjon og e-læringskurs. E-læringskursa er gode, og gjev eit innblikk i korleis kalkulatoren fungerer. Ved spørsmål kan du ta kontakt med oss:

Helena Elvatun; NLR Vest helena.elvatun@nlr.no
Jan Asle Torstad, Tine Jan.Asle.Torstad@tine.no
Gry Ingvild Agjeld, styret i Vestland Bondelag giagjeld@online.no
Maria Makloufi Skjold, Vestland Bondelag maria.skjold@bondelaget.no

 

Påmelding til vestland@bondelaget.no
innan 11. februar.

 

 

Kurset vert arrangert som eit samarbeid mellom Vestland Bondelag, Tine og NLR Vest