Grunnlaget for eit godt lokallag er eit godt styre, og valnemnda har den viktige oppgåva å finne tillitsvalde.

Målet med kurset er å fremje viktigheita av arbeidet i valnemnda, gje tips om korleis ein skal arbeide og kva som er viktig å leggje vekt på. Mange har kanskje vore med i valnemnda før, men det kan likevel vere nyttig å setje av ein time til litt påfyll.

Det er høve for heile styret å delta, det kan vere greitt å vite litt om valnemndsarbeidet.

Påmelding her innan 8. september. Du får lenke til møtet same dag som møtet skal vere.