Innkalling til årsmøte

 

I samsvar med § 14 i Lover for Norges Bondelag vert det kalla inn til årsmøte i Voss Bondelag.

Møtet vert halde på Vangen Cafe, onsdag 21. oktober kl 20.00

 

Sakliste:

1. Opning ved leiar

2. Godkjenning av innkalling og sakliste

3. Val av møteleiar

4. Val av referent og to til å skrive under protokollen

5. Årsmelding

6. Rekneskap

7. Innkomne saker

8. Arbeidsplan for komande arbeidsår

9. Val i samsvar med lovene

a. leiar (for 1 år)

b. to styremedlemer (for 2 år)

c. tre varamedlemer i nummerorden (for 1 år)

d. utsendingar til årsmøte i fylkesbondelaget (i tillegg til leiar)

e. to revisorar

f. valnemnd

g. Open Gard

h.Voss Bygdekvinnelag

i. Voss Bygdeungdomslag

j. Turnemnd
10. Fastsetja godtgjersle til tillitsvalde
 

Saker som ein ønskjer handsama under pkt. 7 skal vera leiar Lars Istad, 412 06 142 (voss@bondelag12.no) i hende seinast 8 dagar før årsmøtet.

 

Innlegg ved Renate Lunde, Vossabia:

Frå bie til bunnlinje. Kva kan ein få til på eit vestlandsbruk.

.

Kari Mostad orienterer om aktuelle saker frå landbruksavdelinga i Voss herad.

Peder Nernæs, leiar i Hordaland Bondelag deltek med orientering om aktuelle saker.

 

Frammøtegåve og servering.

Vel møtt!

 

 

STYRET