Årsmøte i Sotra og Øygarden Bondelag
Til medlemane
Breivik, 02.12. 2017
Innkalling til årsmøte
I samsvar med § 14 i Lover for Norges Bondelag vert det kalla inn til årsmøte i Sotra og Øygarden Bondelag. Møtet vert halde på Foldnes gard kulturhus (tidligare bedehuset) Adresse: Vetelsvegen 17
Onsdag 6 desember 2017, klokka 1900
Sakliste:
1. Opning ved leiar
2. Godkjenning av innkalling og sakliste
3. Val av møteleiar
4. Val av referent og to til å skrive under protokollen
5. Årsmelding
6. Rekneskap
7. Innkomne saker
8. Arbeidsplan for komande arbeidsår
9. Val i samsvar med lovene
a. leiar (for 1 år)
b. to styremedlemer (for 2 år)
c. tre varamedlemer i nummerorden (for 1 år)
d. vara utsending til årsmøte i fylkesbondelaget (i tillegg til leiar)
e. verveansvarleg
f. to revisorar
g. valkomité
10. Ymse
Saker som ein ønskjer handsama under pkt. 7 skal være leiar Hans-Arne Breivik skriftlig i hende seinast 8 dagar før årsmøtet
Kjetil Mehl leiar i Hordaland Bondelag deltek med orientering om aktuelle saker frå arbeidet i Hordaland Bondelag
Servering av julemiddag! Alle er hjarteleg velkommen
Styret v/
Hans-Arne Breivik
Tlf: 957 44 560
hansarne.breivik@online.no